DEBATT: Om vi skal ha respekt for kvarandre og meiningane våre, må denne debatten over i eit nytt spor. Særleg for oss som har det konservative synet, skriv Ola Ohm. Bildet er fra en likekjønnet vielse i California i 2015.

Korleis omtalar vi kvarandre?

Det er lett å bruke sterke ord når ein er opprørt. Særleg når ein ser inn i ein dataskjerm og kan trykke «send» til ei e-postadresse eller «publiser» på Facebook.

Samlivssaka rir Den norske kyrkja for tida, og på same tid som mange gler seg over den nye utviklinga, er det og mange som er skuffa og lei seg. Eg er sjølv blant dei som er frustrerte og synest situasjonen er vanskeleg.

Det er lett å bruke sterke ord når ein er opprørt. Særleg når ein ser inn i ein dataskjerm og kan trykke «send» til ei e-postadresse eller «publiser» på Facebook.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg har fleire gonger gjennom livet stoppa opp og tenkt meg om før eg har trykka «Send». Det har eg aldri angra på. Eg har oftare angra når eg har trykka «send» utan å la det ligge over natta. For kjenslene mine har og kokt over av og til.

Eg synest å høyre og sjå mange som har kokt over i den siste tida. I aviser, i sosiale medier og direkte mellom personar haglar det kraftsalvar frå begge sider der ein skuldar kvarandre for mange ting. Frå den eine sida har eg sett ord brukt som farisear, stigmatiserande, fordomsfull, homofob og diskriminerande om oss som har det konservative synet. Ein stad las eg at ein som har mitt syn manglar vett. Frå den andre sida kan ein bli skulda for å gå i ledtog med djevelen, og bli fordømt både til eldsjøen og til helvete.

17. juni gjekk prostane i Stavanger bispedøme ut i Stavanger Aftenblad for å seie noko om det same, og dei skriv:

« Vi har sett døme på sjikanerande ordbruk ein ikkje venta at kristne menneske ville nytta seg av. Dette er etter vår meining uakseptabelt. Det er rom for sakleg usemje. Det er ikkje rom for sjikane

Når går ein over grensa mellom diskusjon og sjikane?

Slik eg ser det, skjer det når ein i staden for å snakke om sak begynner å karakterisere person. Det er alltid utfordrande å halde ein diskusjon på eit sakleg nivå, særleg når kjenslene er involvert. Men vi øydelegg heile grobotnen for ein meiningsfull samtale når skytset blir retta mot personen framfor meininga.

Eg reagerer på mange karakteriseringar av mitt syn, særleg når negative adjektiv blir nytta om meg som person som eg opplever ikkje stemmer. Men ingenting gjer meg så harm som når dei som forfektar det synet dei meiner er det mest bibelske (det konservative synet), bryt alle bibelske prinsipp i å framføre det. Det er det diverre mange døme på, og det gjer meg sint. For det er ikkje vår oppgåve som kristne å dele ut merkelappar og ferdige dommar. Det er det berre Gud som kan.

Vi finn mange prinsipp i Bibelen for korleis kristne skal forholde seg til kvarandre. Søndag 19. juni var preiketeksten i kyrkja frå Matteus 18, der Jesus føreskriv korleis ein skal gå i møte med ein person i kyrkjelyden som har gjort fred med synd og lever i det. Jesus seier:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Gå til han og still han til ansvar på tomannshand!» (Matt 18:15)

Det trur eg og kan overførast på denne debatten. Alle som har prøvd denne framgangsmåten, veit at den beste måten å låse ein slik samtale på er å starte med fordømming. Då går den andre i forsvar og låser seg, og ein får fort to frontlinjer som ikkje vil møte kvarandre.

Eg har mykje større tru på ein audmjuk og undrande framgangsmåte, der ein er meir ute etter prosessen bak svara enn dei korte og sjablongmessige uttalane. Heller over eit sofabord enn bak ein dataskjerm.

Den norske kyrkja kjem til å ha utfordringar lenge med å ha to likestilte syn på ekteskapet. Eg ser inga lett løysing på det. Men om vi skal ha respekt for kvarandre og meiningane våre, må denne debatten over i eit nytt spor. Særleg for oss som har det konservative synet. Om vi skal vinne fram, må vi bort frå bibelverskasting, domsforkynning og sterke karakteristikkar av våre søsken. Eg trur respekt for den andre og interesse for det dei meiner når mykje lengre.

Les også
Likekjønnet kirkelig vigsel i Bibelens lys
Les også
Homo i Midtøsten
Les også
Biskop Pettersen – domsforkynning og Guds kjærleik
Les også
Det må ikkje bli stille om Jesus
Les også
Liberal teologi – selve problemet eller frukten av problemet?