FORSONING: Det er ikkje nok at Eikrem tek utgangspunkt i læra om treeiniga og inkarnasjonen. Ei rett forståing av Gud som treeinig og Jesus som sann Gud og sant menneske viser seg i ei rett lære om ­forsoninga, skriv Johannes Kleppa.  Foto: 

Klårgjering om forsoning

mandag 9. januar 2017

Dette innlegget er en respons på "Forsoningen - uten den er vi fortapt"

Synspunkt

Det kan i og for seg vera interessant å få Eikrems bok, og slik få greie på kva han faktisk lærer, men det trengst strengt tatt ikkje. Han har presisert at han ikkje deler den reformatoriske læra om Jesu død i vår stad som offer og straff.

Under tittelen «Jesu død som straff?» går Harald Hegstad, professor i dogmatikk ved MF, inn i den debatten som har oppstått om hans MF-kollega Asle Eikrem si oppfatning av forsoninga (Dagen 4/1).

Etter mi vurdering er Hegstads artikkel nokså forvirrande. Han både kritiserer og forsvarar Eikrem. Det er i og for seg ikkje galt, men her endar det opp med at spørsmålet om kvifor Jesus døydde, vert ei tema til diskusjon.

Hegstad adresser ikkje artikkelen sin til namngjevne personar, men sidan han åtvarar mot å vera for raske med «å karakterisere andres standpunkt som vranglære og læreavvik», reknar eg med at eg er ein av adressatane. Eg har brukt desse omgrepa om det Eikren har hevda, og det står eg med – og meiner eg ikkje har vore for rask med labben her. Ut frå måten Bibelen omtalar vranglære og læreavvik på, er det ei plikt for oss å påpeika slik lære og visa kva alvor som ligg i avvik frå sentrum i evangeliet (jfr. Gal 1).

Hegstad skriv at det Eikrem har sagt om Jesu død, «påkaller en rekke kritiske spørsmål og innvendinger», men han reiser i liten grad desse spørsmåla og innvendingane. Det meste av artikkelen går på å halda saman Jesu død og Jesu oppstode, og å påpeika at det har vore nyansar i utlegginga av Jesu død. MF-professoren føretek inga avklaring av korleis Jesus død etter Guds ord er å forstå, eller brukar sin analyse direkte på det Eikrem har hevda. Han framhevar derimot at det er nødvendig «å holde samtalen om dette kjernepunktet i kristen tro levende». Etter mi vurdering er det langt viktigare å presisera kva som ligg i Jesus død, og forkynna dette klart og tydeleg i samsvar med reformatorisk lære.

Det er grunn til undring når Hegstad hevdar at NT ikkje eksplisitt seier at Jesu død er «å forstå som en straff». Det er berre rett om ein tenkjer på ordet «straff», og ikkje på saka – og særleg når ein isolerer NT frå GT. Når det er tale om at Jesus bar syndene våre på sin lekam opp på krossen (1 Pet 2,24), og at han vart gjort til synd for oss (2 Kor 5,21), og Skrifta samstundes lærer at synda si løn er døden (Rom 6,23), må ein vera nokså kreativ i si tolking for ikkje å koma ut med at det er tale om straff. Dette er enda tydelegare når det heiter at Jesus «vart ei forbanning for vår skuld» (Gal 3,13).

NT – spesielt Hebrearbrevet – talar mange stader om Jesu død som offer, og i det ligg at Jesu død også var straff. Dette kjem særleg tydeleg til uttrykk i lys av GT, som med reine ord seier profetisk om Messias at «straffa låg på han», og endatil at «Herren hadde hugnad i å knusa han» (Jes 53,5.10).

Hegstad kan ha rett i at Eikrem «i liten grad har bidratt til å avklare sin egen posisjon», men Eikrem har med tydelege ord sagt kva han ikkje står for, og det er i denne samanhengen avklarande nok for å ta stilling til om han lærer rett eller vrangt. Det er ikkje nok at Eikrem tek utgangspunkt i læra om treeiniga og inkarnasjonen. Ei rett forståing av Gud som treeinig og Jesus som sann Gud og sant menneske viser seg i ei rett lære om forsoninga. Guds vesen står i forhold til Guds gjerning. Vi lærer Gud å kjenna ved hans gjerningar, og ikkje på reint teoretisk vis.

Med tanke på vurderinga av Eikrems lære om forsoninga, passar det å bruka erfaringa frå dei gamle myntkjennarane. Dei lærte seg ikkje å kjenna alle falske mytar, fordi det kom stadig nye forfalskingar. Derimot lære dei seg dei ekte myntane å kjenna, og når ein mynt avveik frå det som kjenneteikna den ekte mynten, var han falsk – same korleis han var. Det var underordna korleis den falske mynten var. Poenget var at han var falsk.

Det kan i og for seg vera interessant å få Eikrems bok, og slik få greie på kva han faktisk lærer, men det trengst strengt tatt ikkje. Han har presisert at han ikkje deler den reformatoriske læra om Jesu død i vår stad som offer og straff, og då avvik han frå luthersk og allmennkristen lære, og lærer med det vedkjenningsstridig og vrangt.

Asle Eikrem fortener honnør for at han har klargjort sin posisjon i høve til tradisjonell og reformatorisk lære om forsoninga. Slik sett har han medverka til å skapa klåre liner. Harald Hegstad bidreg derimot med sin artikkel til å tåkeleggja heile spørsmålet, og gjera læra om forsoninga flytande.

Les også: