TERROR: Ja, det ville vera trist dersom folk flest ikkje gjer anna enn å vente på bombefly frå Israel. Men det kjem ingen, dersom ikkje militante islamistar først provoserer med nye rakettar, terroraksjonar, ufred og elendigheit, skriv Hallgrim Berg. Biletet er frå LO-kongressen.  Foto: Terje Bendiksen, NTB scanpix

Israel-boikott utan argument

torsdag 18. mai 2017

Synspunkt

Med vedtak om full boikott av Israel – økonomisk, akademisk, kulturelt – har radikale sosialistar sist veke fått eit historisk gjennomslag i LO.

Det var med stor interesse eg slo på Dagsnytt Atten den 12. mai, for her skulle frontfiguren Sara Bell frå Fagforbundet i Bergen opptre. Som historikar og tidlegare folkevald er ein alltid nyfiken på argumentasjonsbruken i ei sak.

Sara Bell hadde ingen argument som skulle tilseia ny og kraftigare politikk. Ho hadde rett nok vore på studietur til Gaza i mars, og som ein del andre funne ut at «alt er verre enn før».

Folk har elektrisk straum berre fire timar pr. døgn. Veit ho om dette har samanhengen med at straumrekningar ikkje vert betalte?

Vidare: 90 prosent av folket har ikkje brukande drikkekvatn. Tok ho til orde for at den enorme internasjonale støtta til den Palestinske autoriteten heller burde nyttast til utvikling av resirkulasjon og nye vasskjelder enn til graving av nye terrortunnellar?

Ho og aktivistane i El- og IT-Forbundet hadde ingen saklege prov på kvifor «alt er verre.» På internasjonale indeksar over allmenne levekår ligg dei palestinske områda om lag midt på treet blant dei to hundre statane i verda, langt framom snittet av dei 56 andre muslimske landa.

Best har dei det inne i Israel. Mange palestinarar i grannelanda har det ille, men om det primært er Israel som har skulda for dette, eller deira eigne herskarar, kan drøftast kronikk opp og kronikk ned. 900 lastebilar med forsyningar frå Israel inn over «en hermetisk lukket grense» kvar dag, og tusenvis av hjelpande sjukehusbehandlingar i Israel kvart år, bør i så fall nemnast.

«Diplomati og forhandling har ikkje hjelpt det palestinske sivilsamfunnet; det må sterkare lut til!» seier LO i dag. Har dei norske aktivistane sove ved alle faktiske tilbod som er gjevne frå israelsk side den siste mannsalderen?

Utan tvil driv den palestinske leiarskapen eit maraton-skodespel der dei ikkje vil ha fred under noko omstende, så lenge den sjølvstendige staten Israel eksisterer. Mantraet er waqf – den tvingande oppfatninga av at land som eingong har høyrt islam til, alltid høyrer islam til. Allahu akbar!

13. mai utdjupar Sara Bell frå sin studietur i Klassekampen: «Sivilbefolkninga på Gaza sit og ventar på neste gang dei blir bomba. Det er så prekært, fortel ho. For meg handlar boikottvedtaket om ein legitimitet til å berga livet til store delar av det palestinske sivilsamfunnet.»

Huttetu, ja, det ville vera trist dersom folk flest ikkje gjer anna enn å vente på bombefly frå Israel. Men det kjem ingen, dersom ikkje militante islamistar først provoserer med nye rakettar, terroraksjonar, ufred og elendigheit. Her kan norsk LO ha ein viktig funksjon ved å bidra til ei fredsløysing for to statar og to folk.

Det er ingen veg å gå at den einaste jødiske staten i verda einsidig skal måtte vike for ein arabisk stat nr. 22.

Les også:

Forlater LO etter vedtak om Israel-boikott

Skal LO boikotte Israel, bør de logge av

LO vil ha Israel-boikott...

Rabbiner kritiserer LOs boikott av Israel

De som LO ikke vil boikotte

Støre: Boikott bringer ikke nærmere en politisk løsning

Solberg mener boikott er kontraproduktivt

– LO skulder til skulder med Israels fiender

Raser mot LO-boikott

Melder seg ut av LO i protest mot boikott