LEIARAR: Politikarforakt er eit nymotens ord fordi fenomenet er nymotens. La oss ikkje skape ei ny mote av same karakter der det resulterer i forakt for kristne leiarar, skriv Kåre Torbjørnsen. På bileter ser vi Per Arne Gjerde og Erling Thu frå Kristent Fellesskap/Kristent Nettverk.  Foto: Johanna Hundvin Almelid

Forakt for åndelege leiarar

mandag 20. november 2017

Synspunkt

Vi må ha kjærleik til den vi ønsker å rettleia. Har vi det ikkje, ja, så er vi heller ikkje kvalifisert til å rettleia. Vi er ved vår fulle rett til å meina noko. Og det vi meiner kan jamvel vera heilt rett. Men å gå vidare og korrigere andre, krev noko meir. Temperaturen i vår kjærleik mot den det gjelder, må vera høg nok.

Eg har med stor interesse lese det som vert skrive om Kristent Fellesskap Bergen og leiarane der. Det interesserer meg, og det berører meg. Eg kjenner denne menigheten frå innsida. Eg har vore aktivt med der i svært mange år. Ja, eg har faktisk vore med heilt frå dag ein i dette fellesskapet - Kristent Fellesskap – heilt frå det såg dagens lys medio 70-talet.

Eg kjenner historia der Farsund Misjonsmenighet vart splitta på grunn av at Erling Thu vart med i denne flokken kristne. Erling sto då i nært samarbeid med åndelege leiarar i England. Bradford sto sentralt, og det dei sto for der fekk namnet Brafordianismen.

Av det eg har lest i Dagen vedrørande denne ska, er det Geir Otto Holmås skriv noko av det eg vil gi mi støtte. Han peikar på noko vi må vera vakne for. Elles kan vi i vår velmeinte iver etter å rydde opp i eit landskap med til tider mykje uorden, koma i skade for å byggje ned vørdnad og respekt for åndelege leiarar slik at dei mest ikkje har noko å seia. Det er fort gjort å rive ned. Å byggja opp tek tid og tolmod.

Bibelens ord om rett kristen haldning til åndelege leiarar: «Ver lydige mot leiarane dykkar og rett dykk etter dei! For dei vaker over sjelene dykkar og skal ein gong gjera rekneskap. Sjå til at dei kan gjera det med glede, utan å sukka. Elles blir det ikkje til gagn for dykk.»

Dette ordet frå Hebrearbrevet 13:17 står ved lag. «Dei som Guds ord kom til, vart i lova kalla gudar, og Skrifta kan ikkje setjast ut av kraft.»  Slik les vi i Johannes 10:35. Nei, vørdnad og respekt for sanne åndelege leiarar er megaviktig for at Guds folk skal ha framgang. Og det ønsker vi alle.

La oss også vera merksam på kva Bibelen seier om å vera kvalifisert til å rettleia andre. «Eg har den tru om dykk òg, mine sysken, at de er fylte av det gode, og at de har kunnskap nok, så de òg kan rettleia kvarandre.» (Rom.15:14) Paulus seier her at der er to vilkår for å vera kvalifisert til å rettleia andre. For det første må vi vera fylt av det gode. Vi må ha kjærleik til den vi ønsker å rettleia. Har vi det ikkje, ja, så er vi heller ikkje kvalifisert til å rettleia. Vi er ved vår fulle rett til å meina noko. Og det vi meiner kan jamvel vera heilt rett. Men å gå vidare og korrigere andre, krev noko meir. Temperaturen i vår kjærleik mot den det gjelder, må vera høg nok.

For det andre seier Paulus at kunnskapsnivået vårt må vera ok. Primært er det då sjølvsagt snakk om vår kunnskap i Guds ord. Sekundært vår menneskekunnskap. Vår kunnskap om ulikskap i menneskenaturar. Som foreldre veit vi alle at eit barn er det nok å sjå strengt på. Eit anna må du snakke til. Og eit tredje må du jamvel ta i før det reagerer. Men nett slik er det med oss vaksne og. Før vi går ut i det offentlege rom og refser og iretteset andre, la oss sjekke oss sjølve og stille dette spørsmålet: Kva er motivasjonen min? Er det kjærleik til den eg vil refse, eller er det ein umedveten lyst til å ta igjen? Før vi går i media med noko som helst, la oss gi eit ærleg svar på dette spørsmålet.

Konkurransementalitet kan lett verta noko negativt. Men det treng det ikkje. Bibelen oppfordrar faktisk til konkurranse mellom oss kristne.

«Elsk kvarandre med inderleg syskenkjærleik; set dei andre høgare enn dykk sjølve!» Rom 12:10 Eller slik det heiter på bokmål i 1930-utgåva av Bibelen: «Vær ømhjertede mot hverandre i broderkjærlighet; kappes om å hedre hverandre!»

Det har så alt for ofte skjedd at vi kristne – i staden for å følgja Guds ord om å konkurrere om å vera best i å hedra andre – har konkurrert i å finne feil og mangler. Det siste tener ingen av oss til det gode.

Eg har lang, svært lang fartstid i Kristent Fellesskap. Eg kjenner dei godt leiarane, både dei norske og dei frå England – Bryn og Keri Johnes, Tony Ling og mange andre. Eg har lært dei å kjenna på godt og vondt. Det som gjorde at eg braka saman med dei, var primært teologi, eksegese og bibeltolking.

Ja, eg har hatt svært vonde personlege opplevingar også. Svært vonde. Men korleis skulle eg koma meg vidare i livet om eg ikkje hadde lært å tilgi? Om ikkje av noko anna grunn enn egoisme, omsyn til meg sjølv, så har eg vore nøydt til å praktisera Jesu lære om å tilgi, - ikkje sju gonger, men sytti gonger sju. Gjer det du og. Så er du fri.

Politikarforakt er eit nymotens ord fordi fenomenet er nymotens. La oss ikkje skape ei ny mote av same karakter der det resulterer i forakt for kristne leiarar. Til slutt eit Pauli ord til oss alle: «Til slutt, sysken, gled dykk! Ta imot både rettleiing og oppmuntring! Ha eitt og same sinnelag, hald fred med kvarandre, så skal kjærleikens og fredens Gud vera med dykk.»