Mamma, eg vil ikkje gå på skulen i dag

Det er jenta mi som seier dette. 
Min respons er sjølvsagt: - Klart du skal på skulen, alle må på skulen. – Men, mamma, eg har så vondt i magen!

Eg kjenne det i magen. Det skal ikkje mykje til før eg kjenne frykt for at mitt barn skal føle seg utanfor, bli plaga og mobba, eller at mitt barn skal vere skuld i at andre blir mobba eller krenka.

Det er klart eg som forelder vil at mitt barn både skal bli respektert og respektere andre. Ha omtanke for andre og vere god mot andre. Stå opp for seg sjølv, og stå opp for andre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Anti-mobbeprogramma har vore viktige bidragsytarar for å både ha fokus på mobbing og gjere noko med utfordringane mange barn opplever.

På tross av mykje bra arbeid, er det framleis rundt 4 prosent av borna som opplever mobbing dagleg, eller 2-3 dagar i veka i Stavanger-skulen. Vi kan ikkje leve med dette! Det er det same som at eitt barn i kvar klasse blir mobba.

Eg har hatt barn i barnehage og på skule i over 20 år, og delteke på mange foreldremøter, foreldresamtalar og temamøter. Mange har hatt temaet mobbing, men eg har fått lite hjelp til korleis eg heilt konkret kan jobbe med dette på heimebane.

Klart eg snakkar med borna mine om mange ting, men dei litt vanskelege tinga kan ein av og til trenge litt hjelp til.

Eit foreldremøte hugse eg særleg godt. Det var då Tove Flack frå læringsmiljøsenteret ved UIS utfordra oss foreldre skikkelig. Ho stilte nokre konkrete spørsmål:

«Kva snakkar de om rundt middagsbordet?

Korleis snakkar du som vaksen om dine arbeidskollegaer og venner?

Korleis snakkar de om læraren og medelevar?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tenkjer du at så lenge ikkje ditt eige barn er involvert i mobbing, treng eg ikkje å bry meg?»

Ho sa at like viktig som å stå opp for eigne barn, er det å passe på at ditt barn ikkje stengjer nokon ute.

Pedagog Ingrid Grimsmo Jørgensen på høgskulen i Lillehammer tek til orde for korleis vi som foreldre kan førebygge mobbing. Ho kallar det for foreldrekompetanse, og peikar på samspelet i heimen, at vi foreldre legg tilrette for å snakke om kjensler, at vi inkludere andre barn i vår kvardag og på den måten utviklar barna sine sosiale ferdigheiter.

Erlend Moe, forfattar og lærar, seier at det absolutt er mogleg å stoppe mobbing. Han meiner at svaret er voksne som veit kva dei skal sjå etter, og bry seg. Vil vi motverke ein ukultur, må vi erstatte det med noko anna. Det nytter ikkje å berre ta vekk det vi ikkje vil ha.

Etter mi meining er det foreldre til barnehageborna eller skuleborna som er ein viktig nøkkelen til ei varig endring og en varig slutt på mobbing.

Eg trur at vi må kome dit at dei offentlige etatane må erkjenne dette utan at det kan bli sett på som om dei ikkje gjer jobben sin.

På den andre sida kan vi som foreldre vere problemet. Trist, men sant. Vi er ikkje alltid like gode rollemodellar for våre barn. Men likevel kan vi som foreldre saman med lærarar vere tydelege voksne, som er bevisste på rolla. Vi som foreldre kan bli ein endå større ressurs for barnehagen og skulen sitt psykososiale miljø.

I dag er det foreldra til mobbeofra som må kjempe barnet sin kamp for noko så sjølvsagt som retten til å trivast og ikkje plagast i sin barnehage- og skule kvardag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nyleg høyrde eg eit eksempel på korleis det kan skje. Skulen sender skriv heim til foreldra på 1. trinn med informasjon om at det psykososiale miljøet er dårlig og at det er barn som føler seg utrygge på skulen.

Med andre ord, barn som for et døyt halvt år sidan strålte med forventningar på sin første skuledag gruer seg no til å gå på skulen. I same skriv seier skulen at dei har sett inn tiltak og at det blir jobba med ei forbedring.

Det skulen då eigentleg seier, slik eg forstår det, er at alle foreldra til barn som ikkje direkte er involvert i mobbinga, enten som mobbar eller mobbeoffer, kan lene seg tilbake og puste letta ut. Det gjaldt ikkje mitt barn, skulen ordnar opp i dette.

Dette må snus – alle barna i mitt barn sin barnehageavdeling eller skuleklasse er også mitt barn i denne samanheng. Først når engasjementet og innsatsen frå alle foreldra blir forventa og blir sett pris på, vil vi kunne få slutt på at små sjeler blir øydelagt for livet ved at en avgjørande ressurs ikkje blir tatt i bruk.

Heldigvis har vi i bystyret 14. desember 2015 vedteke ein kvalitetsplan for stavangerskulen som heiter «God, bedre, best».

I denne planen er medborgarskap og sosial kompetanse ein av satsingsområda saman med lesing og matematikk.

Medborgarkompetanse handle om korleis vi skal leve saman, om å ta ansvar, om å ta del i andre sine liv. Det betyr at vi skal tenke «vi og oss» istadenfor «eg og mitt».

Det handlar om å yte noko for andre og bety noko for andre. Om kunnskap, haldningar og handlingar. I dette arbeidet vil det etter mi meining vere sjølvsagt å involvere og bruke heim-skule-samarbeidet på ein særleg aktiv måte. Dette ønskjer i alle fall eg som oppvekstpolitikar å halde eit godt grep om.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kommuneplanen, folkehelseplanen og skule- og barnehageplanar har fokus på tidleg innsats. Parallelt med dette blir det viktig å involvere og utfordre foreldre slik eg også blei utfordra. Saman kan vi stoppe mobbinga, og på den måte oppfylle nullvisjon mot mobbing.

Les også: