Med alkohol som frikort

Det er all grunn til å tru at vår vilje til å sjå på alkohol som eit formildande omstende har fungert som ein vedlikehaldande faktor for ukultur, både i politiske parti og elles.

Dei fleste har vel lete seg sjokkera av dei mange hendingane som har blitt avslørt i fleire politiske parti den seinare tid. Kvifor og korleis har denne kulturen fått utvikla seg, også i miljø der ein elles er svært opptekne av likeverd mellom kjønna?

Først av alt må me nok erkjenna at dette djupast sett har sin bakgrunn i at me som samfunn enno ikkje har klart å leggja frå oss haldningar som inneber nedvurdering av kvinner i høve til menn. Og dette tema treng difor fortsatt stor merksemd frå oss alle. Men kvifor har ikkje kulturen utvikla seg i meir positiv retning?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I jakta på svar trur eg raskt me støyter på alkohol som ei av forklaringane. Ikkje først og fremst som direkte utløysande årsak, men som ein vekstfaktor for uønskt haldningar.

Det har nemleg i generasjonar vore slik i vår kultur at personar som har utført elles uakseptable handlingar blir rekna som meir eller mindre skuldfrie dersom dei var rusa.

I verste fall kan ein oppleva at det som i dagslys ville blitt vurdert som straffbart berre blir ledd av når det er kombinert med alkohol. «Han fekk nok litt for mykje, stakkar! Han er ikkje eigentleg slik!»

Det er all grunn til å tru at vår vilje til å sjå på alkohol som eit formildande omstende har fungert som ein vedlikehaldande faktor for ukultur, både i politiske parti og elles. Denne aksepten for rus som årsak til åtferd hindrar nemleg den lærdommen som ligg i å bli stilt til ansvar, både på dette feltet og elles i samfunnet.

Dette opplever eg er ein lite påakta, vesentleg skadeleg effekt av alkohol, ein effekt som kjem i tillegg til dei omfattande direkte skadeeffektane me kjenner så godt til.

For kor blir det av ansvaret den enkelte har for å ikkje drikka så mykje at det går ut over dømmekrafta? Eller ansvaret som arrangøren (t.d. partia) har for skjenkepraksis? Eller ansvaret storsamfunnet har for haldningane våre til alkohol? Samtidig har me altså ei regjering som no vil liberalisera alkohollova enno meir og auka tilgjenget på alkohol i samfunnet.

Det har slått meg at frykta for å vera «festbrems» er spesielt skummel når ho kjem i kombinasjon med makt.