MANGFALD: Jakten på det perfekte menneskeliv er ikkje over. Vi er i ferd med å skaffa eit sorteringssamfunn der menneskeleg mangfald gradvis vert viska bort, skriv Torill Selsvold Nyborg.  Foto: Gorm Kallestad, NTB scanpix

Ungt engasjement for hjelp til død

tirsdag 18. april 2017

Synspunkt

Som eit land bygd på kristne og humanistiske verdiar må vi syta for så god omsorg at folk ikkje ynskjer å avslutta livet. Dette gjeld ikkje berre eldre.

Debatten kring eutanasi eller aktiv dødshjelp har for vane å dukka opp før stortingsvala gjennom programarbeidet i dei ulike politiske partia. Det er særleg ungdomspartia til Frp og Venstre som har hatt som mål å legalisera aktiv dødshjelp i Norge, men dessverre har me og sett at moderpartia følgjer etter. Frp har sagt ja til aktiv dødshjelp i prinsipprogrammet sitt, medan Venstre stemte dette ned ved programhandsaminga i år. Samtidig såg vi at ein tredel av representantane på landsmøtet stemde for at dei ville ha ei utgreiing om eutanasi. Det rystar oss.

I Norge er eutanasi ulovleg og vert rekna som drap, jamfør straffe­lova §277 og 278. Det er berre nokre få land, som Nederland, Belgia, Luxenbourg og staten Oregon i USA, som har lovleggjord eutanasi, sjølvsagt med spesifikke kriterier. Det er nokre fleire statar i USA som tillet assistert sjølvmord som vil sei at pasienten får utskriven dødbringande medikament som han eller ho tek sjølve.

KrF går til val på at retten til liv skal gjelda frå befruktning til naturleg død. Dette er grunnplanken i vår kristendemokratiske tanke. Med den bakgrunn kan KrF korkje arbeida for eller tillata aktiv dødshjelp eller assistert sjølvmord i Norge.

Vi vil arbeida for eit godt tilbod til aktiv livshjelp. Det inneheld smertelindring og omsorg til personar gjennom sjukdomsforløpet og avslutningsfasen av livet. Dette kan gjerast gjennom hospice-plassar eller ambulante team som skal vera tilgjengelege for alle som treng det. Derfor vert det viktig for KrF å betra finansieringsordningar for utbygging og drift av hospice i Norge. Sameleis må vi auka kunnskapsnivået til helsearbeidararane våre innan dette feltet, slik at alvorleg sjuke personar får kompetent hjelp der dei er, anten det er heime eller på sjukeheim.

Etter samhandlingsreforma har dette vorte eit stort behov i primærhelsetenesta. Det er viktig at pasientane slepp å bli flytta mellom sjukeheim og sjukehus i siste fase av livet på grunn av kompetansemangel. På dette feltet vert det gjort mykje positivt, og eg kan nemna Verdighetssenteret i Bergen som stadig utviklar dette fagområdet og formidlar det til helsearbeidarar landet over. Dette arbeidet må styrkast vesentleg i åra framover.

Som eit land bygd på kristne og humanistiske verdiar må vi syta for så god omsorg at folk ikkje ynskjer å avslutta livet. Dette gjeld ikkje berre eldre. Vi må sørga for eit heilskapleg og individuelt tilpassa tilbod til alvorleg sjuke og døande barn. KrF vil sikra familien med tilgang til koordinator, same kva alvorleg diagnose barnet har.

Jakten på det perfekte menneskeliv er ikkje over. Vi er i ferd med å skaffa eit sorteringssamfunn der menneskeleg mangfald gradvis vert viska bort. Vi kan ikkje utvikla eit land der folk vert fråteken retten til livet i starten og på slutten. Det kostar meir og meir å kjempa for desse sakene, men denne kampen gjev KrF ­aldri opp.

 

MEST LEST