Eit umogeleg val

Både Hillary Clinton og Donald Trump er polariserande alternativ.

For mange kristne amerikanarar framstår bådeHillary Clinton ogDonald Trump som uakseptable alternativ. Det blir krevjande for begge å skape entusiasme mellom evangeliske kristne veljarar fram mot valet i november.

LES:Trump tvinger frem uventede republikanske allianser

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Texas-senatorTed Cruzgav opp nominasjonskampen etter nederlaget i Indiana på tysdag. Sjansane til å slå Trump var smuldra bort. Kort tid etter vart det også kjent atOhio-guvernør John Kasich gir opp forsøket på å bli presidentkandidat. Særleg overtydande er dette ikkje. Det må eit jordskjelv til for å stanseManhattan-milliardæren.

På demokratisk side held tidlegare utanriksminister,New York-senator og presidentfrue Hillary Clinton stø kurs mot å sikre seg nominasjonen. Målet er å flytte inn iDet kvite hus igjen. Lykkast ho med det, vil ogsåBill Clinton bli historisk - som den første presidentgemalen i den amerikanske historia.

Misnøya med Barack Obama er vore sterk mellom mange evangeliske kristne som er politiske konservative. I det mange ser som dei viktigaste verdispørsmåla - vern om livet, det tradisjonelle ekteskapet og religionsfridomen - oppfattar dei å ha den avtroppande presidenten som ein sterk og farleg motstandar. Dei meiner han har prøvd å skape eit dyrt og dårleg velferdssystem etter europeisk mønster på amerikansk jord. Dessutan er mange kritiske til den utanrikspolitiske kursen han har valt. Dei meiner han har svektUSA internasjonalt og gjort landet meir sårbart for terroråtak.

LES:Nå angriper han NATO

Obama vann begge presidentvala sine mot moderate republikanarar - John McCain ogMitt Romney. Ted Cruz satsa heilhjarta på at den folkelege forakten for politikareliten iWashington DC og eit reindyrka konservativt ideologisk program skulle sikre han sigeren i nominasjonen. Han appellerte først og fremst til evangeliske kristne og Tea Party-sympatisørar. Den siste gruppa er oppteken av lågare skattar og færre offentlege inngrep.

I ein analyse av kampanjen til Cruz, konkludererTime Magazine med at desse segmenta ikkje viste seg å vere så store og sterke som pastorsonen har påstått. Cruz har skulda Trump for å ha «New York-verdiar», med andre ord å vere liberal, men likevel måtte senatoren bite i graset. Det har neppe hjelpt at Cruz har gjort seg mektig upopulær i eige parti. Det toppa seg då tidlegare speaker i Representanthuset John Boehner kalla Cruz «Lucifer in the flesh» - altså ein inkarnasjon av djevelen sjølv. Den giftige retorikken seier ikkje lite om atmosfæren i Det republikanske partiet.

«Kven har skulda for Donald Trumps oppsving?» spør spaltisten Cal Thomas i kristne World Magazine. Dette er ein publikasjon med republikanske sympatiar, men legg ikkje for dagen nokon boblande entusiasme for Trump. Thomas meiner det er dei som har klaga mest høglytt over Trumps framgang som har størst ansvar: Den republikanske eliten som har akseptert veksande offentlege utgifter og vanskelegare kår for verdiskaping, meiner Thomas. Han forstår dei som elskar Amerika og er sinte over utviklinga som har funne stad.

«Det vil bli interessant å sjå korleis #NeverTrump-folka responderer no når det truleg vert Trumo mot Hillary», skriv Ed Stetzer påTwitter. Forfattaren og pastoren leiar LifeWay Research, som arbeider med kartleggjing av amerikansk kultur og kristenliv. Fleire responderer med at nominasjonsprosessen kan føre til at topartisystemet i USA bryt saman. Også Stetzer trur mange kan kome til å sjå seg om etter eit tredje alternativ.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Både Hillary Clinton og Donald Trump er polariserande alternativ. Begge merkar seg ut med å ha sterke støttespelarar, men minst like ihuga motstandarar. Clinton har i utgangspunktet liten appell mellom ein stor del av evangeliske kristne, ikkje minst fordi ho deler Obamas verdiprofil.

Ei betydeleg gruppe kristne leiarar samla seg sist veke om eit opprop med «ei oppmoding til å stå imot Donald Trump». Dei meiner samfunnet står overfor ei moralkrise og at sjølve trua står på spel. «Vi ser dei verste verdiane i nasjonen vår bli utstilt med ein vulgær bodskap og stil», skriv dei. Felles for underskrivarane er det likevel at dei ikkje er kjende som spesielt konservative teologisk og i alle fall ikkje politisk.

Men fleire konservative leiarar har også uttrykt sterk skepsis til Trump. Mellom dei er den sentrale sørstatsbaptistiske leiaren Russell Moore. Tidlegare i vår skreiv han ein kommentar iChristianity Today der han spurde om kristne burde røyste på «det minste av to vonde». Han konkluderte med at det ikkje finst perfekte kandidatar. «Men vi kan ikkje røyste på det vonde, sjølv om det er det einaste alternativet vi har».

Moore nemnde ingen namn. Men akkurat slik er det nok ein fleire kristne amerikanarar som opplever situasjonen framfor presidentvalet.