Samfunnsdebatt med vidd og visjon

I ei tid med enorme omveltingar i Europa er ikkje svart-kvite haldningar lenger noko å samle på. Utfordringane er no så store at kristne og muslimar må ta til å samarbeide. Men for å få til det, må det byggjast grunnlag for gjensidig forståing.

I spørsmål om religion, innvandring og integrering er det ikkje mange norske samfunnsdebattantar med større tyngd og kunnskap enn Ole Jørgen Anfindsen, redaktør for nettstaden www.honestthinking.org. Tidlegare er han møtt med utskjelling (Gule), moralisering og hersketeknikkar (Hylland Eriksen, Bangstad, Antirasistisk Senter med flere).

I si nye bok «Fundamentalistiske favntak» vil han fremja forsoning og nyansering i ein debatt som blir meir og meir polarisert. Bodskapen er at alle må satse på reell ytringsfridom og meiningsbryting framfor fiendskap og hat.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Anfindsen drøftar fundamentalisme av alle slag, både politiske, religiøse og sekulære typar. Me kjenner kristen og islamsk fundamentalisme, men humanistisk fundamentalisme er eit nytt omgrep. Det karakteriserer vår tevling i å leggje til rette for multikulturalismen i Europa; å vera humane, velmeinande – men dumsnille og samfunnsøydeleggjande.

I innleiinga utforskar forfattaren «moderat» islam. Etter å ha kome i krise om si personlege tru, der han opplevde tvil om grunnleggjande dogmer i kristendomen, var han i eit heilt tiår ute på ei «åndeleg reise».

Han var på god veg mot å konvertere til islam, stimulert av intelligente samtalepartnarar og personlege vener i muslimske miljø. I eit appendiks på 22 sider gjer han eit bibelsk djupdykk for ei drøfting av den vanskelege «treenighetslæren». Analysen er inngåande, og ut kjem eit mønstergyldig skriftstykke.

Ole Jørgen Anfindsen har i mange år vore ein pågåande kritikar av norsk innvandrings- og integreringspolitikk. Han stiller vanskelege spørsmål til venstresida:

- Då kulturradikalarane er dei ivrigaste forkjemparane for større innvandring frå muslimske land, kva er det som får dei til å tru at islam vil vera så mykje enklare å hanskast med enn kristendom?

- Kvifor vil dei forsere prosessen med ei multikulturell omforming av landet?

- Kva med det norske folket som aldri er blitt spurt om dei tykkjer det er greitt å bli redusert til ein minoritet i sitt eige land på nokre få generasjonar?

- Korleis i all verda kan Jonas Gahr Støre få seg til å seia at «radikal islam er ikke et problem i Norge i dag?»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Korleis kan folkevalde, akademikarar og mediefolk fable om islam som «fredens religion» – når ISIL «lemlester, halshugger, steiner, korsfester og voldtar; eller når de brenner gisler levende, begraver «vantro» barn levende, og kaster homofile i døden fra høye bygninger; – holder seg til en fundamentalistisk lesing av Koranen og hadith?

- Ikkje stryk alle muslimar over èin kam! Greitt! Men kvifor då bidra til eit inntrykk av at det er eit forsvinnande lite tal muslimar som er ekstremistiske, når det granngiveleg er tale om store minoritetsgrupper, meir enn store nok til å skapa enorme problem med død og elendigheit i dei vestlege demokratia i lang tid framover?

I boka etterlyser Anfindsen større vilje i dei akademiske elitane til å forstå og respektere annleis tenkjande. Politisk, religiøs og sekulær fundamentalisme fører ikkje til framtidsretta løysingar.

I ei tid med enorme omveltingar i Europa er ikkje svart-kvite haldningar lenger noko å samle på. Utfordringane er no så store at kristne og muslimar må ta til å samarbeide. Men for å få til det, må det byggjast grunnlag for gjensidig forståing.

Hovudkonklusjon: «Norge trenger nå politiske og intellektuelle ledere som tør å vende ryggen til enhver form for ideologisk dogmatisme, og som kan samle alle gode krefter i en langvarig kamp mot den islamske fundamentalismen som i praksis har erklært krig mot oss.»

«Fundamentalistiske favntak» er etter mitt syn obligatorisk for dei av oss som er opptekne av dei åndelege og materielle drivkreftene i ei lagnadstid for Europa. Ein kan seia seg samd med C. J. Hambro: «Politikere tenker på neste valg. Statsmenn tenker på sine barnebarn.»