PROBLEMATISK: Det mest problematiske med KrF sine ikkje-signal i denne saka, er at det vert skapt ein aksept for å skilja samvit og handling, skriv Egil Morland. På biletet ser vi partileiar Knut Arild Hareide.

KrF, samvitet og politikken

KrF sin idepolitikk har alltid vore fundert i eit kristent menneskesyn. Det har partiet sjølvsagt frå Skrifta.

KrF har det siste året, særleg, og på heilt fundamentalt vis, svikta sine tillitsvalde. Med stigande undring har eg registrert korleis partiet sine ordførarar har vore kasta for ulvane. Heilt på eiga hand har dei måtta ta stilling til om dei skal be om fritak frå å via likekjønna.

Her var det ikkje råd å få. Dermed er det som burde vera ei politisk symbolsak gjort til eit individuelt samvitsspørsmål. Dersom ein kvar definisjon av «familie» kan leggjast inn i begrepet, kva tyder det så i praksis at partiet har ein familiepolitikk?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Like øydeleggjande som Sandbergs Iran-reise er det for Frp, er det for KrF når partiet sin familiepolitiske (!) talsmann opptrer som prest og privatperson, og opptrer som vigselmann for to av same kjønn.

Ikkje alle har eit slikt privilegium at dei kan gå ut og inn av roller! Marita Moltu kom, etter press og hetsing, til den ulukkelege løysinga at ho kunne via som politikar (kor ho må angra i dag!), i strid med si eiga overtyding som kristen. Ein tidlegare lagsprest og ordførar på Sørlandet, Kjetil Glimsdal, kom til same konklusjonen.

Men Øygarden-varaordførar Atle Blom sa: – Eg meiner at dei aller fleste forstår og har respekt for at det er problematisk å vera vigselmann når ein står på Bibelens syn om at ekteskap er mellom mann og kvinne.

Hans Frp-kollega i kommunen sa det endå enklare, men like treffande: – Eg er fødd og oppvaksen i ein kristen familie der ekteskap er mellom mann og kvinne, og det står eg for.

Det mest problematiske med KrF sine ikkje-signal i denne saka, er at det vert skapt ein aksept for å skilja samvit og handling. Offentlege «plikter» er ein ting. Personleg overtyding noko anna. I dei fleste politiske saker er ikkje det eit problem. Usemje med politiske vedtak gir ikkje grunn til å sabotera desse vedtaka. Men ei overtyding, bunde i eige samvit, er noko anna.

I dag er det blitt slik at det er legar og helsepersonell som må demonstrera dette for oss. Kor lett det ville vera for dei å skyta seg inn under «offentlege plikter». I så fall var det ingen grunn til å bråka om spiral og abort. Men nokre få legar fører kampen for oss alle, like til menneskerettsdomstolen.

Blandar eg parti og kyrkje no? Nei, eg snakkar ikkje om tru. Eg snakkar om ideologi og ein etisk fundert politikk! KrF sin idepolitikk har alltid vore fundert i eit kristent menneskesyn. Det har partiet sjølvsagt frå Skrifta. Partiet vert ikkje trussamfunn av den grunn! KrF har alltid tenkt om «retten» at den står over «loven», og at denne høgare retten må korrigera loven.

Det var ei slik erkjenning som vaks fram i heile den vestlege verda etter Andre verdskrigen. Det er i tråd med allmenn kristen kulturtradisjon og naturrett å satsa på «familien» som det naturlege hopehavet mellom mor, far og barn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Er det framleis dette som ligg til grunn for KrF sin familiepolitikk?

Les også
Mer fristende for KrF
Les også
Pål Kårbø melder overgang til Høyre
Les også
Utro KrF-velgere går mot høyre
Les også
KrF-ledelsen ville ikke møte til debatt om Bekkevold-vielse
Les også
Synes det er leit at folk forlater KrF