Kjem velstanden ut av veggen?

Kvar kjem levestandarden og velferden frå? Er det frå arbeid, satsing og verdiskaping, eller kjem velstanden frå ein sprekk i veggen?

Ut frå dokumentarserien Office-X (nyleg omtalt i Aftenposten og Klassekampen) ser det ut til at unge menneske trur at velferd er noko ein får, ikkje noko ein treng å arbeide for å skapa.

Det viser seg at yngre folk har lite kjennskap til samanhengen mellom kva som blir skapt i norske verksemder, og korleis denne verdi­skapinga er føresetnaden for den levestandarden og dei velferds­goda me har i Noreg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Unge menneske er fødde og oppvaksne i ei tid med store oljeinntekter, og er vane med at offentlege budsjett legg dugeleg på seg (sju prosent i snitt) frå år til år. Det er blitt automatikk.

Denne oljeflaumen har gjort mykje godt i landet, men kan òg ha ført til svært uheldige verknader både på kort og lengre sikt.

Ein stor del av folket har fått eit urealistisk syn på pengar og pengebruk. Alt har gått greitt for det offentlege. Talet på offentleg tilsette er tredobla (!) sidan 1970-­talet. Jobbindeksen Finn syner at halvparten av dei som arbeider i privat verksemd, no vil over i offentleg jobb, men berre ein femdel av dei i offentleg tenest vil over i det private.

I tillegg er det skapt eit negativt inntrykk av kapitalistar og private arbeidsgjevarar som usympatiske og «grådige», noko ein stadig ser døme på i presse og andre media.

Dei vellukka er mistenkelege og bør takast. Skikongen Bjørn Dæhlie seier det slik: «Er du flink i idretten, blir du belønnet med medaljer, men lykkes du i næringslivet, belønnes du med formuesskatt.»

Her kjem største tankevekkjaren etter mitt syn: I valet mellom å takke næringslivet eller politikarane for vår høge levestandard, svarar 44 prosent av nordmenn næringslivet. I Sverige svarar 63 prosent næringslivet, og i mange andre land opp mot 70 og 80 prosent.

Lagar politikarane arbeidsplassar? Nei, dei folkevalde kan i beste fall legge til rette for verdi­skaping, men skapar snautt eit dagsverk sjølve. Sidan oljeflaumen kom i siget på 1970-talet, har politikarar raude, grøne og blåe med rund hand «delt ut» millionar her og milliardar der, i ein grad ingen andre land i Europa er i nærleiken av.

Eg har sjølv vore med på dette spelet, så eg kan ikkje klaga for mykje. Men det må gå an å kunne åtvara mot den tankegangen som er i ferd med å feste seg i store delar av folket, at vekst, velstand og velferd er noko dei folkevalde fiksar for oss over statsbudsjettet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Skal det framleis «fiksast,» vil det vera sunt med meir ­realistiske haldningar i synet påkva og kven det er som skapar verdiane og overskottet. Framover vil det måtte til eit aukande titals milliardar til eldre­bølgja, nye landsmenn, utdanning, ­helse og ­omsorg, og til forsvaret av landet.

Difor bør ikkje det private nærings­livet mobbast og tynast, men bli meir verdsett dersom me alle verkeleg vil ha ­brukande ­levekår også i neste ­generasjon.