Jon Kvalbein og KrF

Det er å skyta langt over mål når Kvalbein hevdar at «Hareides deltakelse bekrefter at KrF er på vei til å bryte ned den ekteskapsforståelsen som er forankret i partiets formålsparagraf».

Det var vel helst «eine grausame Salbe»Jon Kvalbein sende mot KrF i sitt innlegg«KrFs ekteskapsbrudd» i Dagen 28. juni. Eg reagerte sterkt på uttrykksforma.

Når det er sagt, stiller eg på linje med Kvalbein når det kjem til spørsmålet om å gå iPride-tog. Gjennom åra har eg sett uttrykksformer og klesdraktar i desse toga som eg ville finna det vanskeleg å solidarisera meg med. Men å visa solidaritet med offera i Orlando og andre former for trakassering og diskriminering av homofile, vil eg vera med på over alt der eg har høve til det. Eg reknarKim Friele som ein god ven.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

LES:Lang homostrid kan true KrF

Jon Kvalbein og eg ville gjera våre val som ville vera identiske når det gjeld Pride-toget.

Knut Arild Hareidegjorde eit anna val ved å delta i toget, det må etter mi meining vera heilt og fullt hans val, som han fortener respekt for. Han meiner utvilsamt at det var den beste måten han kunne visa solidaritet på.

Det er å skyta langt over mål når Kvalbein hevdar at «Hans deltakelse bekrefter at KrF er på vei til å bryte ned den ekteskapsforståelsen som er forankret i partiets formålsparagraf».

KrFs syn på ekteskapet er forankra i partiprogrammet for inneverande periode. Her heiter det: «KrF er opptatt av å sikre ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne i lovverket. ….
Ekteskapet som ei ordning mellom mann og kvinne har djupe røter i tru og tradisjon i kulturar over heile verda.»

Lengre nede heiter det: «Partiet vil sikra likekjønna par juridisk tryggleik i lovverket.»

Det er det vedtekne partiprogrammet som gjeld i dag. Når det no føreligg framlegg frå programkomiteen om endra formuleringar om ekteskapet, er det noko ein skal merka seg. Men programutkastet skal i dei næraste månader gjennom ein særs omfattande høyringsprosess i fylkeslag, lokallag og hos einskildmedlemene. Personleg har eg hatt gleda av å vera til stades på dei siste landsmøta i partiet, i eigenskap av leiar for KrFs Seniorutval. Eg kan forsikra Jon Kvalbein om at programbehandlinga som der skjer, er sers betryggande, og eg kjenner meg trygg på at det heller ikkje på komande landsmøte vil bli gjort vedtak som står i strid med partiet sin gode føremålsparagraf.

LES:Bare en Krf-representant vil åpent støtte ny homopolitikk

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er ein dryg påstand å hevda at «partiet er i ferd med å underminere sin egen formålsparagraf, ja, sin identitet».

Eg kjenner meg trygg på at partiets tillitsvalde syter for at dette er og blir ein ugrunna påstand, og eg ynskjer alle som skal stå i programarbeidet framover, lukke til.