POLITIKK: Er det eit parti som har stått prinsippfast på politikken om ekteskapet, så er det KrF. Det kjem ikkje Selbekk utanom, skriv Knut Arild Hareide. På bileter ser vi stortingsrepresentant Geir J. Bekkevold i samtale med generalsekretær Hilde Frafjord Johnson på landskonferansen i februar.  Foto: Silje Rognsvåg

Jo, det er skilnad på KrF og andre parti

torsdag 9. august 2018

Samfunn

Endrar dette på KrF sin politikk og haldning til ekteskapet? Ja, meiner Selbekk. Sjølv om han veit det er feil.

Det er trist at Vebjørn Selbekk på ny gjer sitt beste for å misforstå KrF. Det er skilnad på KrF og andre parti når det gjelder synet på ekteskapet. Og det skal det framleis vere. I KrF sitt politiske program står det: «Ekteskapet som ordning mellom mann og kvinne har djupe røter i tru og tradisjon, og familien er det mest grunnleggande fellesskapet i samfunnet.»

Denne gong kjem Selbekk med ein kritikk som verkar å bygge på ei tru på at KrF bør opptre som eit trussamfunn og ikkje som eit politisk parti. Eg trur KrF også i framtida skal opptre som eit ryddig politisk parti.

Selbekk er opprørt over at KrF sin kommunikasjonssjef blir vigd av ein stortingsrepresentant frå KrF, fordi ho inngår giftarmål med ei kvinne. Endrar dette på KrF sin politikk og haldning til ekteskapet? Ja, meiner Selbekk. Sjølv om han veit det er feil.

Ingenting er endra av KrF sin politikk. KrF løfter fram ekteskapet mellom mann og kvinne. Og mellom ein mann og ei kvinne. Så må ein ikkje gløyme at KrF er for ein politikk som sikrar forpliktande samliv også mellom samkjønna - men då gjennom partnerskapslova.

Den politiske realiteten i dag er at eit fleirtal, mot KrF sine stemmer, har vunne fram med ei anna lovgjeving. Det som også er realiteten er at KrF er det einaste partiet som framhevar at barn bør få moglegheit til å vekse opp med både ein mor og ein far. Det blei særs tydeleg då Stortinget i vår behandla bioteknologimeldinga, og KrFs røyst trengst i ei tid då fleire og fleire opnar for både eggdonasjon og surrogati.

Men det er stortingsrepresentant Bekkevold si rolle som opprører Selbekk. Fordi han er opprørt over at presten Bekkevold også opptrer som prest? Nei, fordi han er ueinig i Bekkevold si teologiske line. Men KrF har ikkje teologiske standpunkt. Vi tek standpunkt i politiske saker. Vi skal eller vil ikkje dirigere han i teologiske spørsmål og KrF som parti er ikkje gjeven ein rett til å vie nokon.

For KrF har trusfridomen alltid inkludert den teologiske fridomen til prestetenesta og vi har meint at vi ikkje kan overstyre presten. Det kan verke som om Selbekk ønskjer å styre den enkelte prest.

Selbekk samanliknar dette med statsråd Per Sandberg som han meiner ikkje anten kan opptre som privatperson eller statsråd. Og at Bekkevold på same vis ikkje kan skilje mellom KrF-politikaren og presten Bekkevold. Dette er ei sammanlikning som ikkje held. Presten Bekkevold må ta stilling i teologiske spørsmål.

Mange KrF-arar opp gjennom åra som har vore prestar har nettopp vore oppteken av å ikkje vera KrF-politikar i si presteteneste. Det forstår eg. Og KrF vil ikkje overstyre våre tillitsvalde i kva som er rett teologi. Og her gjev KrFs program heller ikkje noko teologisk rettleiing. Bekkevold følgjer ei av to liner innan Den norske kyrkja i det omtalte spørsmålet. Alle prestar tek sjølv stilling til kva dei står for. Det bør sjølvsagt også gjelde alle prestar i KrF.

Toregimentlæra trekker eit skille mellom det åndelege og det verdslege regiment. Det er også eit viktig skilje for det politiske partiet KrF. Så kva signal sender KrF? Vi står fast på vår politikk. Og vi er eit ryddig politisk parti.

Så har Selbekk rett i at det har skjedd ei utvikling på dette området. Truleg også blant KrF-veljarar. Men er det eit parti som har stått prinsippfast på politikken om ekteskapet, så er det KrF. Det kjem ikkje Selbekk utanom.