Ikkje kamp om kristne veljarar...

Det er eit hav av skilnad på om du brukar dei kristne verdiane som grunngjeving for ein politikk for dei som treng politikk eller om du brukar forsvar av dei kristne verdiane som argument for å halda forfølgde medmenneske borte frå vår heimlege idyll.

Det har i sommar vore skrive mykje om at det no er kamp om dei kristne veljarane. For KrF er det ikkje kampen om kristne veljarar som er mest interessant.

Kampen for dei kristne verdiane er rett nok eit heilt sentralt tema for oss. Men for KrF er det konsekvensane dei kristne verdiane skal få i politikken som er den aller viktigaste kampen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I KrF sin ideologi står det kristne menneskesynet sentralt og menneskeverdet er eitt av våre aller viktigaste seglingsmerke når me stakar ut politikken. Difor kjempar me for det ufødde livet.

Difor kjempar me for dei som særleg treng storsamfunnet si støtte, anten det er fordi dei har andre eigenskapar enn «folk flest» eller fordi dei flyktar for livet frå krig og undertrykking.

Og difor kjempar me for ein verdig alderdom, både for ei god eldreomsorg og for aktiv livshjelp, heller enn aktiv dødshjelp. Kort sagt, så kjempar KrF for ein politikk for dei som treng politikken.

Og det er i mitt hovud eit hav av skilnad på om du brukar dei kristne verdiane som grunngjeving for ein slik politikk eller om du brukar forsvar av dei kristne verdiane som argument for å ­halda desperate medmenneske på flukt borte frå vår heimlege idyll.

Det er kampane for menneskeverdet som er KrF sine viktigaste kampar. Kvar dag. Kvart år. Og det er i desse kampane KrF kan vinna fram, dersom me får tilstrekkeleg tyngde frå veljarane.

Uavhengig av kva livssyn veljarane har. Livssynet er i denne samanheng knapt det avgjerande, verken hos veljarane eller politikarane, men derimot kva politikk som verdisynet fører til. Og der har veljarane både eit val og eit ansvar.

Godt val!