DØVE: Det er dette stoffet regissør og manusforfattar Bentein Baardson (biletet) har dukka ned i og formidlar på scena, til døve og høyrande. Dramatiseringa tek mellom anna utgangspunkt i intervju med ti døve som overlevde Auschwitz, skriv Birger Bolstad.  Foto: Tor Erik Schrøder, NTB scanpix

Gråtande hender

mandag 23. april 2018

Samfunn

Korleis behandlar me funksjonshemma i samfunnet vårt? Kva liv har funksjonshemma hatt opp gjennom historia?

Desse viktige spørsmåla har kverna i hovudet mitt etter at eg såg den tankevekkjande teater­forestillinga «Gråtende hender. Om døve i Hitlers Tyskland» i Ål kulturhus tidlegare i år.

Då fortalde Teater Manu om forfølgjingane av døve under 2. verdskrig. Lovpålagt sterilisering av døve skjedde i Tyskland alt på 30-talet. Nazistane hadde sett i gang systematiske tiltak for å rydda ut døve; dei såg dette som ein naturleg del av det rasehygieniske programmet.

Alle «degenererte individ» som leid av «arvelig åndssvakhet eller fysisk misdannelse» skulle utryddast. Gjennom programmet Aktion T4 vart tusenvis tekne livet av mellom 1939 og 1945.

Denne delen av krigshistoria har kanskje vore ukjent for mange? Heldigvis har temaet blitt dokumentert og forska på i seinare år.

Det er dette stoffet regissør og manusforfattar Bentein Baardson har dukka ned i og formidlar på scena, til døve og høyrande. Dramatiseringa tek mellom anna utgangspunkt i intervju med ti døve som overlevde Auschwitz.

I forestillinga møter me døve Hans og den høyrande legen Gertrud. Hans er ein sportsinteressert ungdom utan politisk engasjement; han blir fascinert av nazismen. Men døveavdelinga av SA, Sturm-Abteilung, må avviklast.

Det passa ikkje Føraren og hans folk å ha funksjonshemma i rekkjene. Og Hans må kjempa for å overleva i konsentrasjonsleirane Auschwitz og Sachsenhausen.

Gertrud, den andre hovudpersonen i stykket, er velståande, har studert medisin og er oppteken av raseteori og rasehygiene: Dei dårlege arveanlegga bør utryddast! Men ein dag oppdagar styresmaktene at Gertrud eigentleg er jøde; ho visste det ikkje sjølv.

Ho blir arrestert og sendt til Auschwitz. Då fyrst skjønar Gertrud kor langt Hitler eigentleg vil gå for å skapa ein rein, arisk rase.

Me følgjer dei begge, både Gertrud og Hans, i konsentrasjonsleiren. Og på bakveggen – i teatersalen - ser me autentiske, illustrerande og sterke bilete frå mellomkrigstid og krigsår i Tyskland.

Så viktig dette «dokudramaet» om døve og funksjonshemma under 2. verdskrig er! For ein god måte å formidla historie, kunnskapar, haldningar og kjensler på.

Eg underviser 3. klasseelevar i vidaregåande skule i historie. Nazisme og tysk mellomkrigstid er eit viktig tema. Nei og nei, tenkjer eg no. At eg ikkje tok med elevane i teatersalen. All norsk ungdom burde sett, opplevd og lært – og framleis er det teaterscener som får besøk av teater Manu.

Kan noko slikt skje att, som forestillinga «Gråtende hender» fortel om? Ja visst. Difor må me ikkje gløyma. Ser me oss rundt, så oppdagar me at menneskeverdet stadig blir utfordra, også i vårt eige samfunn, og ute i den store verda. Me må vera på vakt!

Eg klappar ikkje når forestillinga sluttar. Det passar liksom ikkje etter dei svært sterke inntrykka. Og medan eg går ut av teatersalen, blank i augo, tenkjer eg på mi døve dotter som dessverre døydde så altfor tidleg. Heldigvis vart ho fødd i ei anna tid enn det teaterstykket fortel om. Korleis ville ho, som døv, hatt det i dag?

Funksjonshemma skal sjølvsagt ha same rettane som alle oss andre. Deira behov er minst like viktige å stetta. Men det har vore ein lang og seig kamp å auka forståinga for denne gruppa.

Norges Døveforbund er ein organisasjon som har kjempa hardt for døve. I mai feirar dei eitt hundre år.

Det har vore hundre år med blod, sveitte og gleder, heiter det på nettsida til Norges Døveforbund. Og vidare:

Me har fått til samfunnsendringar som folk sa var umogeleg å få til, til dømes førarkort for døve, teksting på TV, gratis tilgang på profesjonelle teiknspråktolkar, anerkjenning av teiknspråk som eit fullverdig språk og mykje meir.

Fram til 1980 dreia kampen for dei døve seg i stor grad om rett til utdanning, arbeid og tekniske hjelpemiddel. I dei siste åra har kampen i større grad handla om retten til eit tilgjengeleg samfunn og til kulturelle gode.

Og teater Manu (handteateret) er eit godt døme på det siste. Forestillinga «Gråtende hender» er ein alvorleg vekkjar for oss alle.