MOBILISERING: Vi treng ei sterk mobilisering for å få Hans Olav Syversen, Kjell Ingolf Ropstad, og dei andre KrF-representantane inn på Stortinget, skriv Karl Johan Hallaråker. På biletet ser vi stortings­representantane (frå venstre) Geir S. Toskedal, Line Henriette Hjemdal, Kjell Ingolf Ropstad og Hans Olav Syversen.  Foto: Torstein Bøe, NTB scanpix

Det er dette det gjeld 11. september

tirsdag 22. august 2017

Samfunn

Det er forvirrande å sjå korleis ein personfokuserer valkampen lausrive frå kandidatane sine forpliktande program. Det er til dømes ikkje støtte til Sylvi Listhaugs kors rundt halsen folk i Møre og Romsdal legg i valurna.

Stortingsvalet 11. september har eit hovudspørsmål: Korleis skal tyngda mellom partiprogramma til dei realistiske mandatpartia bli i nasjonalforsamlinga neste periode?

Det er det valet gjeld. Norge har eit parti-parlamentarisk system. Vi har ikkje senatorval eller ein-mandatkrinsar eller personlege mandat.

LES: – Lukk døra til Ap, er bønnen hans til Hareide

Det er forvirrande å sjå korleis ein personfokuserer valkampen lausrive frå kandidatane sine forpliktande program. Det er til dømes ikkje støtte til Sylvi Listhaugs kors rundt halsen folk i Møre og Romsdal legg i valurna.

Flott at ho brukar korset.

Men valsetelen fortel om ein vil styrka Frp sin liberalistiske ideologi der kvar er sin eigen lykkes smed med fri alkoholflyt, fri abort, tvillingabort, søndagsopne butikkar og svekking av kommuneøkonomien, landbruket og distrikta, mindre til verdas fattige og meir i den retning – eller ein vil styrka vern om livet, familieverdiar, kristen verdiformidling i skule og samfunn, frivillig ideell sektor og vern om skaparverket saman med ein god distriktspolitikk med meir.

Då er KrF sitt program og kandidaten Steinar Reiten på ein annan planet i det fylket!

Det er nyleg fokusert på Stortinget sin andre visepresident, Kenneth Svendsen, om hans barnetru og støtte til Israel. Ja, begge deler er flott. Men på valdagen skal veljarane i Nordland ikkje røysta over barnetru.

Valet står om dei same verdiane som i Møre og Romsdal. Vil ein støtta kristen-inspirerte verdiar, har nordlendingane eit anna val. KrF sin kandidat, Dagrun Eriksen, har gjennom eit langt politisk liv vore tydeleg forkjempar for vern om både født og ufødt liv, ein god skule, ein god distriktspolitikk og vern om skaparverket.

Valet skulle ikkje vera vanskeleg for dei verdimedvetne. KrF har eit godt program for nordlendingar!

LES OGSÅ: De Kristne jakter velgere med forsvarsløfter

Eg kjenner KrF sine kandidatar rundt i landet som glimrande målberarar av eit verdiforankra program. Dette har partileiar og representantar gjort i Stortinget med djerv klokskap.

Programmet ser også ut over våre grenser og det inkluderer dei fattige som lid ekstra i dagens internasjonale fellesskap. KrF er partivalet med det sosiale hjarta både heime og ute.

I ei tid der mangfald av religionar og livssyn ikkje berre er noko eksotisk, men nær røyndom, har KrF det kristne verdifundamentet som viser ein god og inkluderande veg med respekt for alle.

I det aukande sorteringssamfunnet som ikkje minst teknologien pressar på oss, står KrF opp for vern om dei aller svakaste og sårbare mellom oss både innan bioteknologi og i arbeidslivet. Også innvandrarar av ulik tru bør sjå dette alternativet.

KrF går til val på eit klart regjeringsalternativ med Erna Solberg som statsminister. Det er fleire enn «mammo» som tenkjer slik! Det beste i KrF og Høgre kan bli ein god mix.

Regjeringsval er ekstra krevjande for eit verdiparti som KrF. Dei andre partia ligg langs den økonomiske høgre/venstre-aksen. KrF har mange veljarar – og medlemmer – som har ein annan verdimessig innfallsvinkel til politikken.

Partiet sitt regjeringsval er det klokaste ut frå inkluderande vurdering. Dersom valet ikkje skulle gjera dette mogeleg, har stortingsgruppa eit hovudmål – sikra mest mogeleg KrF-politikk. Det skulle faktisk berre mangla. Det gjeld vel alle parti?

LES: Slik ville KrF-representantene stemt om ekteskapsloven

Eit stort spenningsmoment blir fordeling av dei sårbare utjamningsmandata. Det er her eg kjenner uro over situasjonen med promillepartia – som Dei kristne (PDK).

Partiet har tydeleg nokon pengesterke støttespelarar der vi ser dei kjører med heilsides annonser for sine velmeinande kandidatar. Dei har stort frimot, sjølv om oppslutnaden er så liten at det knapt blir registrert. Mandatsjansen er minus null!

Mange av oss hugsar sist val – dei skulle både i Storting og regjering. Magemålet var umetteleg. Så har partiet blitt splitta, nye har til dels overteke det urealistiske frimotet.

Røyster til eit så urealistisk mandat vil kunna svekka KrF sine sjansar til utjamningsmandat og styrka dei store partia. Realistisk vil faktisk Arbeidarpartiet truleg få mest hjelp av dette.

Kort sagt – ei røyst til eit slikt parti utan mandatsjanse – vil helst oppnå det motsette av det ein trur. Frp-sympatien kan nok hjelpa det partiet med meir promillevarer i butikkhyllene.

LES OGSÅ: – Ingen partier ønsker designerbarn

Vi treng ei sterk mobilisering for å få Hans Olav Syversen, Kjell Ingolf Ropstad, og dei andre KrF-representantane inn på Stortinget. Dersom kristne medvitne veljarar i Hordaland satsar på KrF, kan vi få inn både Hareide og Selsvold Nyborg – til å målbera KrF sitt verdiprogram. Det vil gjera forskjellen mange av oss meiner landet vårt treng. Godt val.