Ap freistar lite

Det er ikkje mykje von i det snøret Ap har hengt ut.

Mange medier koblarArbeiderpartiet ogKristeleg Folkeparti med tanke på samarbeid i neste stortingsperiode. KrF peikar påErna som statsminister i ei ny regjering, og ikkjeJonas. Dei saker Ap har lagt fram før landsmøtet er og av ein slik karakter at dei ikkje freistar.

15 milliardar i skatteauke er eit utruleg dårleg framlegg i ein periode der norske verksemder slit. Det er alvorleg at så mange unge er ledige. Vi treng ikkje auka skattebyrder på næringslivet. Vi treng stimulering, ikkje nedbygging av norske arbeidsplassar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er djupt urettferdig at ­norske verksemder skal få ei ­tyngre skattebør samstundes som verksemder med utanlandsk eigarskap går fri. Dette kan ikkje halda fram. KrF har i denne perioden nådd fram med sitt synspunkt om at det ikkje skal vera formueskatt på arbeidande kapital.NHO og mange andre stør KrF i dette.

Den største kollisjonen kjem nok der kjerneverdiane til KrF vert utfordra. Ap vil ha ja til eggdonasjon, ja til assistert befruktning for einslege kvinner og ja til eit kjønn nummer tre. Det er og eit framlegg om at K-en iKRLE-faget skal bort. Her er ikkje mykje å henta for KrF i eit samarbeid med Jonas og Ap.

Det er ikkje uvanleg at KrF og Ap samarbeider på kommune- og fylkesnivå. Det er gode relasjonar og samarbeid mellom dei to partia i Bergen by og i Hordaland fylke. Vi ser det same mange stader i Norge.

No er spørsmålet valet i 2017 og regjeringssamarbeid. Her er avstanden svært stor. KrF kan ikkje fira på saker der menneskeverdet vert utfordra. Det ligg i ryggmargen vår å kjempa for dei svakaste – frå unnfanging til naturleg død. Slik saka no står, ser eg ikkje at noko regjeringssamarbeid med Ap etter valet er aktuelt for KrF.

KrF har som strategi å peika på Erna og sentrum. Der må fokuset vårt vera. Vi har oppnådd mykje i samarbeidet vi har hatt i denne perioden. I partia H, Frp og V er det og framlegg om liberalisering av viktige verdisaker. Dette gjer det ikkje lett for KrF framover.

For KrF er det viktig å finna dei beste løysingar for dei som treng politikk mest, dei svakaste og dei som fell utanfor grunna mangel på arbeid eller anna. Det er framfor alt sakene som er viktigast for KrF. Det er ikkje mykje von i det snøret Ap har hengt ut.