ISLAM: Den norske kyrkja har ikkje stått opp mot islam, meiner Hallgrim Berg. Foto: Fotolia

– DNK har lagt til rette for islam

tirsdag 7. august 2018

Samfunn

Den norske kyrkja har ikkje stått opp mot utfordringa frå islam, men i staden vore med og lagt til rette for det islamske gjennombrotet.

Utdrag av foredrag i Sarons Dal 19. juli.

Islam er på offensiven i Europa. Islamske strategar har på femti år fått seg ein «menneskeåker» på meir enn femti millionar muslimar. Islam flytter stadig grensesteinar og styrkar sine posisjonar frå år til år.

Då EU skulle få ny grunnlov i 2003, vart kristendomen ikkje nemnt med eit ord, fordi det kunne krenke nokre avdei nyeinnbyggjarane. Det var eit tydeleg signal om ein ny kultursituasjon på vårt kontinent.

Kyrkjene i Vest-Europa opplever no dramatisk nedgang, målt i medlemstal, besøk, dåpstal, deltaking, osv. Kamp om læregrunnlaget er øydeleggjande og forvirrande for dei fleste av oss vanlege kyrkjemedlemer.

Autoriteten er dessverre borte. Alt går. Alt passerer. Kompassnåla spinn. Bibelen er blitt så «kontekstuell» at du kan tolke og snu ei kvar synd og kvar ei menneskeleg handling til å vera noko nær ei bragd.

Kyrkja har gitt seg i lag med den nymarxistiske samfunnskritikken. Plattforma er klar: Europearane, anten dei er protestantar eller katolikkar, som trur på arbeid og marknadsøkonomi, skal ver så god halde fram med å ha skuldkjensle overfor den tredje verda, drive med sjølvpisking, –altså halde fram som eit lett bytte for asylindustrien og dei mange spekulative interesser og umettelege lobbyorganisasjonar som står bak den.

Ytringsfridomen går i retning sjølvsensur, jamfør England som ikkje slepper inn internasjonale talarar som er islamkritiske, anten det er framståande folkevalde som Geert Wilders frå Nederland eller forfattaren Robert Spencer frå USA.

Kva med politikarane? Dei har makta, men vil helst unngå slitsame problem; dei set seg difor langt bakpå stolen og håpar at islam «går over». I mellomtida utviklar det seg nye slagmarker i bydelar og forstader, der politiet ofte er makteslause. Me opplever no framveksten av regulære parallellsamfunn i mange vest-europeiske land.

Stoda er alvorleg. Dersom folk på våre breiddegrader – i alt sitt velvære – ligg på sofaen og døser, utan å stå opp og møte dagens åndstornado av indre sekularisme og ytre religiøs pågang («pytt pytt, alle religionar er like ille»; mylderet av samlivsformer er hipp som happ; 31 kjønnsidentitetar skal tilfredsstillast; det er 12 måtar å skaffe seg barn på, utanom den vanlege; kjønnsforvirringa skal pressast ned i barnehagane og inn i skuleverket)...

Kulturrelativismens botnlause hengemyr er i beste fall eit gyngande fundament for langsiktig samfunnsbygging.

Apropos forvirring om at alle religionar er omtrent like gode eller like ille: Gjennom statsstøtta teater og media rullar soga om Abrahams barn, der det blir sett likskapsteikn mellom Gud og Allah. I norsk fjernsyn, kvar gong islamistiske terroristar har sprengt folk i lufta og ropar Allahu akbar, står det ikkje i underteksten at Allah er stor, men at Gud er stor!

Skal kristendomen hevde seg og vinne terreng mot den islamske frammarsjen i Europa, er det er avgjerande viktig at kristne snakkar kristendomen og kvarandre opp og fram. Det er trist å sjå kor nådelaust ulike fraksjonar og personar i kyrkje- og kristenliv oppfører seg mot kvarandre.

Eit døme: Her heime var det skrekkeleg å oppleva korleis evangelisten, verdspredikanten Franklin Graham, som samla fleire tusen i Oslo Spektrum i fjor haust, skulle snakkast ned og boikottast av kyrkja, norske prestar og pastorar. Ikkje eingong kristne politikarar på Stortinget greidde å stå oppreist. Grunnen til boikott var at Franklin Graham, som far Billy Graham før han, hadde vore med på innsetjinga av den amerikanske presidenten i Washington, og at han hadde uttalt seg om den faren islam representerer for demokratiet og vår livsform! Tenk, så fælt!

Det er atter på tide å sitere Abraham Lincoln: «A house divided cannot stand.»

Pave Benedikt greidde ei stund å formidle mykje tankevekkjande frå den skattkista me kallar kyrkjetradisjonen i Europa.

Den nye pave Frans er tydeleg på lag med den allmenne marxisme-kritikken av historie og samtid. Mange oppfattar det som han fell sine eigne i ryggen i viktige lærespørsmål.

Her heime er biskopane blitt spesialistar på å snu kappa etter vinden. Alle som ein; det fins ingen biskop som maktar å stå på eit hevdvunne bibelorientert syn. Derimot er det mange som har fordjupa seg i ein del utvalde partiprogram.

Som historikaren Terje Tvedt påviser: Den norske kyrkja har ikkje stått opp mot utfordringa frå islam, men praktisk og ideelt vore med og lagt til rette for det islamske gjennombrotet i Noreg, bl.a. finansiering av Islamsk Råd.

Då bispekollegiet var på heimveg frå klimamøtet i København, vende dei seg kritisk mot president Obama, fordi USA hadde teke til å utvinne oljeskifer. Det bispane skulle ha gjort, var ikkje å protestere mot at USA ville bli meir sjølvforsynte med energi, men å gratulere leiaren av den frie verda med funn av nye energikjelder, slik at USA heretter kunne bli mindre bunde av det politiske strupetaket som islamistiske tyrannar i Midtausten har hatt på Amerika og Europa.

Men så langt ser ikkje profesjonelle opportunistar som vil vera politisk korrekte.

Kvifor kan ikkje Kyrkja heller føre an i opinionskampen mot kristenforfølgingane i muslimske land? Opp mot 90. 000 kristne måtte lata livet for trua si i 2016, - eit menneskeliv kvart 6. minutt. Me har ikkje høyrt eit pip frå våre kyrkjeleiarar.

Som tvikande statskyrkjemedlem har eg ei bøn: Fri oss frå kvasifilosofi om miljøkamp, klimapanel, oljeboring og «grønne menigheter», men forklar heller oss vanlege folk kva nåde og frelse går ut på. Finst det ein himmel, og finst det eit helvete? Fortel oss meir om starten til livet, og forklar oss betre om det finst fleire utvegar frå livet på jord?

Eit uttrykk som «snikislamisering» er avleggs. Under paraplyen «fargerikt fellesskap» og «multikulturalisme» går det føre seg open islamisering på ei lang rekkje område i samfunnet. Kristendomen har framgang på andre kontinent, men stoda i Europa er skremmande. Kvifor? Dei som er interesserte i utviklinga kan lesa månadsrapportane frå Gatestone Institute – om hendingar og nedslåande trekk i Tyskland, England, Frankrike og andre store land i Europa.

Sjølv har eg skrivi kritisk om organisasjonen Organization of Islamic Cooperation (OIC) og korleis dette maktorganet arbeider for islamske interesser og finn vegen inn til påverknad og vedtak i europeiske styringsdokument via EU, Europarådet og andre internasjonale samarbeidsorgan.

Vedtak, fråsegner og ønskjemål frå OIC, bl.a. konferansen i Mekka i 2005, er på få år inkorporerte i nasjonale styringsprogram Europa rundt. Sjå Demokrati eller islamisme, kapittel 12: «OIC og EU – tospann for islamisering».

Heile vegen, år for år, ser me korleis islamske grensesteinar blir flytta og posisjonar blir styrkte. I FN går det så langt at OIC krev rett til å kritisere andre religionar, men ikkje islam. Jødedomen og kristendomen kan gjerne få seg ei overhøvling i mang ein resolusjon, men å kritisere Profeten og islam er «blasfemi».

FN-organet UNESCO, organet for utdanning og kultur, vedtok nyleg at det ikkje finst nokon historisk tilknyting mellom jødane og Jerusalem! Kor lenge skal me betala for dette tullballet?

I Noreg som i Europa: Våre styresmakter kan koma med ymse program, støtteordningar og alle forsøk dei vil for integreringstiltak, men ingen politisk makt kan trumfe den demografiske utviklinga. Folkesetnaden i eit land er avgjerande for kulturen, tenkjemåten, trua, politikken, lovgjevinga, og for økonomi og velferdsstatens framtid.

I Europa er det no på tide å leggje bort ønskjetenkinga og heller tala om realitetar. Ingen må lenger la seg kue av skuldingar om xenofobi, islamofobi og rasisme.

Då er det berre å svara følgjande: Islam er ikkje ein rase, men ein religion og eit politisk system. Og leggje til at dei som verkeleg har studert islams herjingar i 1400 år og sett seg inn i islamistisk, terroristisk praksis har saklege grunnar til å bli islamofobe. Dess meir du veit og kan om faktiske tilhøve, dess meir skeptisk blir du.

Sidan dei to tvillingtårna i New York vart gjorde til grus 11. september 2001, og fram til i dag, er det utført meir enn 32.000 dødelege, fryktskapande terroraksjonar under kampropet Allahu akbar – med i alt fleire hundre tusen tapte menneskeliv.

Korleis vil det gå med religionskampen, som òg ein maktkamp, i Europa? Det kan uttrykkjast slik eg har spissformulert det heilt sidan eg tok til å studere utviklinga på 1990-talet:

Europa har alderdom og velferd. Islam har ungdom og energi.

Det seier seg sjølv korleis dette vil gå, med mindre folket og dei folkevalde vaknar. Men om klokka no er kvart på tolv, eller kvart over tolv, veit eg ikkje sikkert.

Dei som deltek i det store ordskiftet om islam og kristendemokrati –forfattarar, samfunnsdebattantar, kyrkja, organisasjonar, burde ha som minstekrav at dei leverer innspel (skisse) som kan føre til opnare meiningsutveksling og ny von om konstruktiv politikk. I frisk bryting av idear har demokratiet framleis ein sjanse. For min del ser eg ikkje eit trygt demokrati utan omsyn til åndsfundamentet frå Jerusalem, Roma og Aten, og meiner difor:

1) Dei vestlege fridomsverdiane er alfa og omega. Integrasjonspolitikken må offisielt leggjast om frå multikulturalisme til assimilering inn mot desse verdiane. Alternativet er splittande parallellsamfunn. Fleire lovverk på det same nasjonale territoriet skapar uro og konflikt – og til slutt religions- og borgarkrig.

2) Politikken må gjennomgåande stimulere noverande og framtidige barnefamiliar til høgare fødselstal i alle europeiske nasjonar som ligg under grensa for naturleg reproduksjon (minimum 2,1 barn per fødande kvinne).

3) Asyl- og innvandringspolitikken må bli strengare og meir konsekvent. Grunnprinsippet for innslepp må vera at kvar innvandrar som kjem til Noreg, skal vera til nytte for samfunnet, ha relevant utdanning, slik at han/ho kan gli inn i arbeidslivet og medverke til verdiskaping.

4) Europa bør innføre fortrinn for migrantar frå kristne nasjonar for å balansere verknadene av den totale innvandringa.

5) Utdanningssystemet må formidle kunnskap om verdsreligionane og totalitære ideologiar (nazisme, fascisme, kommunisme, islamisme), med vekt på historikk, fellestrekk, særkjenne - og politiske konsekvensar ved kvar og ein av dei.

6) Det er på tide med breie kampanjar som kan heve det historiske kunnskapsnivået om kvalitetane i våre eigne demokratiske samfunn: Kvifor er nokre samfunn i verda blitt gode og levelege, men andre ikkje? Kvifor er det samkøyringa av kristendom,kapitalisme og parlamentarisk demokrati som har ført fram den modellen i verdssoga som har skapt det meste av det beste for dei fleste?

7) Alle åtak mot ytringsfridomen – juvelen i demokratiet – må avvisast, anten dei kjem frå styresmakter, lobbygrupper eller religiøse instansar. Fryktkultur, som fører til aukande sjølvsensur, må brytast.

8) Vestlege land må opprette internasjonale støttefond til muslimske kvinner og menn som vil utvikle ein islam som er reformert, meir pragmatisk og mindre doktrinær og undertrykkande; islam kan ikkje til evig tid bli ståande på feil side av Opplysningstida! Skal «dialog» bli meir enn prat, må partane leva og samhandla i den same røyndomen. Japan, India og Kina har valt å slutte seg til den moderne verda, så kvifor ikkje presse dei muslimske statane i same frigjerande retning?