KrF-leiaren i homoparade - eit ideologisk signal

... anten partileiar Hareide meiner det slik eller ikkje.

Det har vakt merksemd at leiaren i Kristeleg Folkeparti, Knut Arild Hareide, gjekk i homoparaden Pride i Oslo nyleg. Det er god grunn til å at dette vert lagt merke til, fordi det ber i seg eit ideologisk signal for KrF – anten partileiaren meiner det slik eller ikkje.

Denne paraden, som alle andre homoparadar, har ein ideologisk agenda og eit ideologisk siktemål. Poenget er å fremja ei kjønnstenking som bryt ned skaparordninga si forståing av mann og kvinne, og å fremja ein homofil og bifil livsstil.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Hareide har argumentert med at dette var ei støtteerklæring til homofile og eit oppgjer med at homofile vert trakasserte, med bakgrunn i tragedien i Orlando. Det kunne vore ein legitim argumentasjon om det var det som var føremålet med paraden, men det var i høgda ei bisak. Pride har, under ulike namn, vore ein fast marsj i Oslo sidan 1982, og med det vert det uhistorisk å setja denne i samanheng med ein terroraksjon i 2016.

KrF-leiarens deltaking i Pride-paraden gjev difor signal langt ut over det å ta avstand frå Orlando-terroren. Det forsvinn faktisk i det store biletet, fordi dette er ikkje hovudsaka for marsjen. Ville ein einsidig visa sin solidaritet med Orlando-ofra og tydeleg signalisera nei til all trakassering av homofile, måtte ein funne heilt andre kanalar for det – og det ville det vore god grunn for. No har KrF-leiaren gått i tog for å fremja ei ubibelsk og skaparstridig kjønnstenking og ein tilsvarande livsstil. Det er merkeleg om Hareide ikkje ser det.

Rett nok kan det vera at partileiaren er fullt innforstått med kva signal han gjev med deltakinga si – og at han meiner det er positivt. Eg reknar med at Hareide veit kva han gjer. Dessutan er det slik at han og andre i KrF-leiinga fleire gonger har signalisert ei oppmjukning av partiets standpunkt når det gjeld homofilt samliv og likekjønna ekteskap.

Det synest som den motstanden som var mot partnarskapslova har forsvunne som dogg for sola. Hareide har åtvara mot ein språkbruk som svarar til måten Bibelen omtalar homofilt samliv på. Det har vorte fremja forslag om at KrF skal avlysa kampen mot den kjønnslikegyldige ekteskapslova og den ekteskapsdefinisjonen som ligg til grunn for denne. I forslaget til partiprogram for neste stortingsperioden er dette bort, og ein avgrensar seg til å gje rom for det heterofile ekteskapet, og det har KrF-leiaren støtta.

Dersom KrF går i den leia partileiarens signal frå Pride-paraden gjev, vil den endringa av partiet som har skjedd dei siste åra, verta fullenda. Då har vi fått eit nytt KrF, og det av ein type som vi ikkje treng. Eg vil utfordra Knut Arild Hareide til å klargjera sin og partiets posisjon i homofilisaka og i spørsmålet om kjønnslikegyldige ekteskap ut frå dei ideologiske signala Pride-marsjen gjev, slik at vi veit kva parti vi vert inviterte til å røysta på.