Ansikt til ansikt med den brutale verkelegheita

Det er tidleg morgon på Wyspianski Hotell i Krakow. 10. klasse 
ved Møre Ungdomsskule sit i foajeen og ventar spent på bussen. 
Dei er klar forå besøke konsentrasjonsleiren Auschwitz.

--------

Dette har dei sett fram til i lang tid. Dei har sett filmar og hatt undervisning om 2. verdskrig, nazisme og om konsentrasjonsleirane. No skal dei få stå ansikt til ansikt med den brutale verkelegheita dei har høyrt om.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

På bussen til Auschwitz er det stille. Mange undrar seg sikkert på kva dei skal få møte. Etter ein og ein halv time stoppar bussen utanfor konsentrasjonsleiren. På himmelen ser ein ei stor, grå sky som ligg over plassen. Ein kan kjenne på ein atmosfære av stillheit og respekt blant elevane.

Elevane følgjer guiden inn mot den store, svarte inngangsporten til Auschwitz. «Eg gruar meg eigentlig litt til å gå inn no, men eg er også veldig nysgjerrig for alt vi skal få sjå og lære i dag», seier Hanna Løvdal spent, medan vi er på vei inn i Auschwitz.

Elevane går forsiktig inn på plassen og i retning til ein av brakkene i Auschwitz. Inne i brakkene er det hengt opp mange bilete frå den gong det var fangar her i konsentrasjonsleiren. Mange av elevane legg merke til at fangane på bileta virkar veldig glade.

Dei blir fortalt at fangane virka glade fordi dei trudde dei skulle få jobbe når dei kom til Auschwitz, men «Arbeit macht frei» er setninga som møter deg ved inngangen av Auschwitz. Dette tyder «arbeid gjer fri», da er det ikkje så rart at fangane trudde det.

Inne i brakkene er det utstilt ting som nazistane hadde plyndra frå offera i Auschwitz. Der ligg haugar med utslitne sko, skakke briller, haugar med hår, stablar med koppar og kar bak store glasvindauge.

Ester Boge, ein av elevane, står og ser med trist ansikt på haugen med sko og seier stilt «Det er vondt å sjå alle barneskoa som ligg her.».

Vidare går klassa samla mot eit av gasskammera. Grå, tunge veggar, med kloremerke fortel om angst og fortviling frå desperate menneske, låst inn bak desse veggane.

Midt i gasskammeret blir dei vist, store kremeringsomnar og det synst på elevane at dette er ein uhyggelig oppleving. Det gir sterke inntrykk på elevane. På vei ut av gasskammeret er det nokon som kommenterer kor godt det er å komme ut i frisk luft.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er vanskeleg for elevane å forstå at dei tankane og verdiane som Hitler og nazismen sto for, kunne vakse fram i Tyskland, midt i Europa. Nokon av elevane lure på om ikkje Tyskland var eit kristent land?

Var det ikkje her i frå Luther og reformasjonen kom? Korleis kunne nazismens sin raseideologi slå gjennom i eit land der det kristne menneskesynet og verdiane sto sterkt?

Elevane står midt i Auschwitz og får høyre om raseinndelinga til Hitler og nazistane i Auscwitz under 2. verdskrig. «Det er ikkje alltid like lett å forstå kvifor nazistane meinte alt dette om andre menneske», seier Hanna med oppgitt stemme.

Bibelen snakkar om likeverd uavhengig av kjønn, rase, religion eller legning. Noko som er ei motsetning med det elevane får høyre her i Auschwitz at nazistane sto for. Jødar, sigøynarar, homofile og funksjonshemma vart utrydda eller sendt i gasskammeret i store mengder.

Omvisinga i Auschwitz er no over. Elevane er på vei ut av den første konsentrasjonsleiren. Alle ser anspente, engstelege ut, og ser ut til å ha heilt tomme kjensler som er ubeskrivelege.

Elevane og lærarane fortsetter vidare ut av porten til bussen for den lille lunsjpausen før andre omvising i Auschwitz Birkenau.

«Tenk denne store lunsjpakken vi får da, det gjer meg kvalm av å berre tenke på at eg får dette, når fangane her nesten ikkje fekk noko i det heile tatt», seier Miriam Øye motlaust medan ho kikkar ned på lunsjen sin.

Etter at alle elevane har fått i seg litt av lunsjpakken dei fekk, er dei no på veg inn i bussen for å kjøre til Auschwitz Birkenau. Det er den andre konsentrasjonsleiren dei skal få sjå i dag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Alle på bussen sit og tenkjer litt for seg sjølv. Undrar på kva dei skal få sjå i den neste konsentrasjonsleiren, undrar på kor mykje meir hat nazistane kan ha for andre folkegrupper.

Etter ein kort busstur på fem minutt er dei komne til Auschwitz Birkenau. Ein kan sjå mange andre turistar her som også er her for å høre om alt det skrekkelege som skjedde i Auschwitz Bireknau.

Elevane går i ein stor, samla flokk etter guiden på vei inn. Det første som treffer blikket til elevane er dei gamle, rustne togskinnene som går gjennom heile konsentrasjonsleiren.

«Oj!, sjå der er dei togskinnene som vi har har sett på filmen Schindlers liste», seier Ester Boge med ei overraska og sjokka røyst.

Vidare på omvisinga får elevane sjå det som kallast «dødsbrakkene». «Det er som at frysningane kjem tærande oppover ryggen», seier Hanna opprørt på vei inn i «dødsbrakka».

Elevane går inn i ei brun bygning, som er fylt av senger som er stilt opp som «køysenger» tre og tre opp på kvarandre. Elevane går gjennom dei trange gangane mellom sengene. Guiden fortel at i ei seng sov det åtte personar, så i kvar «køyseng» sov det 24 personar i lag.

Guiden fortsetje vidare å fortel at Auschwitz Bireknau blei laga for å slakte flest mulig fangar på kort tid. Elevane begynte umiddelbart å sjå sjokka på kvarandre.

Elevane får vite at 75 prosent av alle fangane blei sendt hit til Auschwitz Birkenau. Dei 25 prosent andre fangane var dei pene, sterke, ariske og dei som ikkje var jødiske. Dei fekk jobbe i Auschwitz l, medan dei andre rotna i Auschwitz ll Birkenau.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Under omvisinga går heile klassa mot der det skal bli heldt ei minnestund for norske fangar som hadde lidd her i Auschwitz Birkenau. 10. klasse ved Møre Ungdomsskule står i ring rundt minnesmerket saman med 10. klasse ved Møre Skodje.

Ein kan kjenne at her er det mykje kjensler og godt samhald blant elevane. Alle elevane får ei rose kvar som dei skal få legge på minnesmerket ein etter ein.

Alle syng sangen «Til ungdommen» skrive av Nordahl Grieg. Roser leggjast på minnesmerke og ei tåre eller to renn ned på kinna til nokre av elevane.

Songen er sunge og no blir diktet «du må ikke sove» av Arnulf Øverland lest opp av ein av lærarane. Det merkast at dette er eit sterkt augeblink for elevane, lærarane og andre som er rundt.

Etter ein lang, sterk, minnerik dag er elevane på vei tilbake til Wyspianski Hotell. Dette har verkeleg vore ein lærerik dag for både meg, alle elevane og lærarane.

Alle sit nok igjen med sterke minner, minner for livet.

«Til ungdommen» Av Nordahl Grieg (1936) 

«Edelt er mennesket, 
jorden er rik! Finnes her nød og sultskyldes det svik. 

Knus det! I livets navnskal urett falle. Solskinn og brød og åndeies av alle.»