ISLAM: Migrantar som deler vårt syn på menneske og samfunn, eller grupper og nasjonalitetar som me i det meste deler tru, tankeliv, ­arbeidsmoral, kulturelle ideal, høgtider og historiske referansar med, kan vera berikande for oss alle, anten det er tale om kristne, jødar, buddhistar, sikhar, eller andre med respekt for nedfelte spelereglar og levemåte. Men med islam er det annleis, skriv Hallgrim Berg. 
  Foto: Gorm Kallestad, NTB scanpix

Kven vil vinne fram i Europa – islam eller kristendomen?

mandag 6. august 2018

Samfunn

Islam treng langt frå fleirtal åleine for å vinne politisk makt. Lenin greidde seg med eit par prosent, for han visste kva han ville.

Utdrag av foredrag i Sarons Dal 19. juli 2018.

Takk til Troens Bevis, som ikkje er redd for å ta opp til drøfting eit tema som mange karrieremenneske helst vil feie under teppet. Lat oss vera ærlege: Vår kristne kultur i Europa er truga, både utanfrå og innanfrå. Det som står på spel er kampen om demokratiet, kulturarven og vår frie levemåte. Det er ikkje ein vanleg kappestrid, lik ei idrettstevling eller ein handelskrig som går føre seg; det er ein altomfattande kamp om idear, verdiar og tru. Med andre ord: ein åndskamp!

Europa er under ei form av «invasjon», ikkje med taktfast hærmakt, men med ein politikk som sakte og sikkert fører til erobring av oss «vantrue» – om ikkje materielt i første omgang, så kulturelt, religiøst, åndeleg.

Då eg gjekk ut frå Universitetet i Oslo 1972, var det fire-fem millionar muslimar i Europa. I dag er det 55 millionar, eit kvantum som med eksponensiell vekst doblar seg kvart 12. eller 13. år framover. I boka «Demokrati eller islamisme – Europa under islam?» har eg ei «gåte» på side 158: Det er to folkegrupper i eit land, A og B. Gruppe A utgjer 90 prosent av folket og gruppe B 10 prosent. Dersom kvinnene i gruppe A føder 1,3 born (snittet i EU-landa i dag) og dei i gruppe B føder 3,5 born per familie, er spørsmålet: Kor lang tid tek det før gruppe A og B er like store?

Nei, det tek ikkje «eit par-tre hundre år», som dei fleste tippar, men to generasjonar, altså om lag 50 år. Det kan gå endå litt fortare, avhengig av økonomi og innvandringspolitikk (asyl-og flyktningepress, familegjenforeiningar, hente-ekteskap, polygami).

Med alder for inngåing av ekteskap i gruppe A (ca. 33 år), og i gruppe B (ca. 20 år), vil karusellen gå endå mykje fortare. Konvertering til islam, særleg blant europeiske kvinner, aukar farten ytterlegare. Det same gjeld den aukande aversjonen i våre velfødde land mot å ville ha familie og born i det heile.

I vårt eige land – med noverande fødselstal (1,6 unge pr. fødande kvinne) – vil det på sikt føre til store sosiale og kulturelle problem. Det vera verdt å minne om at «Ola og Kari» aldri har nådd fire millionar, men er no på fart nedover mot tre millionar.

Samtidig er Noreg, samla sett, på snøgg veg mot seks millionar. Difor står det uomtvisteleg fast: Dersom me verkeleg vil bidra til auka tempo i nasjonal nedbygging og islamsk oppbygging i Europa, må me for all del gå inn for ein «raus» asyl- og flyktningepolitikk. Dette forførande og humane ordet tyder å vera rundhanda (eller som i ei anna tyding hjå Ivar Aasen: «dygtig til at forsyne sig»). Mantraet kan i praksis føre til permanente statsutgifter på nivå som på sikt lett kan føre til undergang for velferdsstaten.

Vandring over landegrensene og innvandring treng ikkje å føre til ulykke. Migrantar som deler vårt syn på menneske og samfunn, eller grupper og nasjonalitetar som me i det meste deler tru, tankeliv, arbeidsmoral, kulturelle ideal, høgtider og historiske referansar med, kan vera berikande for oss alle, anten det er tale om kristne, jødar, buddhistar, sikhar, eller andre med respekt for nedfelte spelereglar og levemåte. Men med islam er det annleis.

Andre normer og grunnhaldningar, gjengkriminalitet, radikalisering, endelause problem, vald, drap, terror, utfaldar seg i storbyane Europa rundt. Ei stor utfordring ligg i muslimane sitt syn på seg sjølve andsynes alle andre folkeslag og trusoppfatningar. Supremacy,supremati, overhøgd, inneber pr. definisjon hierarkisk tenking og nedlatande menneskesyn, ei form for universell rasisme. Muslimar over jødar og kristne, menn over kvinner osv.

Islam er teologisk og politisk urokkeleg. Det er ein bastant erobringsreligion. Gjennom snart 1400 år, sidan Profeten Muhammed la av seg silkehanskane og tok til å drepa jødar i stor stil i år 627 (Banu Qurayzah), har islam breidd seg og teke makta over enorme landområde i Afrika og Asia. Det har gjennom hundreåra gått med dobbelt så mange menneskeliv i dei islamistiske nedslaktingane som det Stalin, Hitler, Mussolini, Mao, Pol Pot & co. greidde til saman.

Der dei muslimske erobrarane vart kasta ut att, som i Andalusia, på dei store øyene i Middelhavet og på Balkan, ser islamistane på tapt territorium som eigentlegtilhøyrande Allah (stikkordet er waqf). Difor er dagens fred på desse stadene, i beste fall mellombels… Islam kjem alltid att.

Som Paul Berman, amerikansk professor og ikon for 1968-generasjonen, skriv: «Målet er globalt og grandiost.» Me talar om ummahen og Det Universelle Kalifatet. I denne drøftinga må ein skyte inn at alle muslimar ikkje kan skjerast over ein kam.

Ein fredsam, arbeidande og skattebetalande familiefar er noko anna enn ein militant og våpenfør islamist. Men islamismen har ei samanblanding av element som ingen andre: Religion, politikk, stat, nasjon, identitet, global samkjensle – alt knadd inn i den same, eksplosive deigen.

Ved det enorme slaget om Europa utanfor Wiens murar i 1683, hadde det gått gale dersom ikkje polske bønder, fylka til strid bak Kongen og Krossen, hadde kome til unnsetning og jaga osmanane heim att. Ver sikker: Denne vanæra er ikkje gløymt i Ankara og Istanbul, og ikkje i OIC, den lite kjende, men politisk effektive samanslutninga av dei 57 islamske statane.

Dei er aktive ut frå vedtekne strategiar for ekspansjon – demografisk, økonomisk, sosial, kulturell og åndeleg ekspansjon – til dømes gjennom EU og FN. Gjennom åtte år i Europarådet i Strasbourg har eg sjølv sett korleis dette snedige spelet går føre seg, med rapportar, resolusjonar osv. Det er med slike dystre utsikter framover eg meiner det er verdt ein personleg risiko å engasjere seg i desse spørsmåla i dag. Eg har jo fire barnebarn.

Me har mange klare utsegner frå arabiske statsleiarar, Den muslimske brorskapen i Kairo, og sjefsideologen Al Qaradawi i Qatar. I eigne TV-program seier han rett ut at Europa skal erobrast. Den algirske statsleiaren Boumedienne heldt si oppsiktsvekkjande erobringstale i FN så tidleg som i 1974.

Den libyske diktatoren Gadaffi, følgde opp tredve år seinare, med dette perspektivet: «Det erteikn til at Allah vil gje siger til islam i Europa utan bruk av sverd, utan bruk av skytevåpen, utan erobring. Me har ikkje bruk for terroristar, drapsmenn og bombemenn. Dei meir enn 50 millionar muslimar vil snu Europa til å bli eit muslimsk kontinent innan nokre få tiår.» Med andre ord: Det er ikkje lenger hærstyrkar og våpen som skal avgjera Europas framtid – ikkje panservogner, men barnevogner.

Kva skjer på ideologifronten i Europa? Eit nytt og hårreisande fenomen utfaldar seg i kampen om sjelene i Europa: Ein allianse mellom venstresida og det ekstreme islam. Det utrulege skjer at sosialistar og venstreradikale omfamnar den fascistiske islamismen, trass i diskriminering av kvinner, homofile og andre minoritetar!

Kvar er det blitt av den progressive tradisjonen på venstresida? Forfattaren Michel Houellebecq – i den nye romanen «Submission» – viser korleis eit fransk folkefleirtal kan bli spelt ut over sidelina ved eit komande presidentval når demokratiets krefter ikkje held saman, men der venstresida bryt ut og røystar inn ein islamistisk kandidat med totalitært ideologisk tankegods, – alt for å unngå den borgarlege kandidaten.

Slikt kan skje når den liberale og marxistiske venstresida har mista sitt etiske fotfeste. Det som er viktig for den intellektuelle klassa, er karriere, posisjon, kjøpekraft, seksuell tilfredsstilling, kort sagt: superhedonisme.

Islam treng langt frå fleirtal åleine for å vinne politisk makt. Lenin greidde seg med eit par prosent, for han visste kva han ville. Taktisk spelar muslimar offerrolla så lenge dei er ein liten minoritet, men overtek så fort dei blir sterke nok, åleine eller med allierte. Då kjem sharia-lovgjeving omgåande, og kristne og jødar får B-status som dhimmiar. Dei får lov til leva, men berre dersom dei er stillfarande og betalar skattar til herrefolket.

Islam er òg ein lovreligion som føreskriv beinharde reglar om korleis enkeltmennesket skal leva og te seg, frå morgon til kveld, året rundt. Eg vonar at alle nordmenn veit kva Sharia og Jihad inneber, men er slett ikkje sikker.

Europa er i fare. Har våre folkevalde skjønt situasjonen som er i emning? Det trur eg mange av dei har. Men dei skal attveljast, så tidshorisonten strekkjer seg maksimalt fire år framover. Det er dei tre k’ane som rår, i politikken som i kyrkja og i journalistikken: konsensus, karriere, komfort.

Kva er det åndeleg-kulturelle motstøtet til islam og islamisering frå styresmaktene i Europa? Då ny grunnlov skulle vedtakast for EU, var det ikkje mogleg å få inn ein einaste setning om kristendomen; det kunne krenke nokon, sa Giscard d`Estaing, då han la fram lova.

Nokre land i det tidlegare Aust-Europa, som i tidlegare hundreår har levd med islam på kroppen og til nyleg har levd under kommunistisk diktatur, prøver no i praksis å skjerme kristendomen og den nasjonale fridomen sin mot bølgjer av asylantar og migrantar frå søraust og mot sentraldirigering frå Brussel i vest. No blir Polen og Tsjekkia, Slovakia og Ungarn piska som «farlege» av EU-eliten og alt som er av lydige media.

Masseinnvandring og religion vil kunne sprenge EU og samhaldet i Europa. Reaksjonen kjem, i form av sterk nasjonalisme og populisme på dei politiske ytterfløyane. Polarisering er øydande for samhald og slagkraft.

Ei fattig trøyst for vår tryggleik i Europa er at den muslimske verda vil vera i krise så lenge dei fleste statane er dysfunksjonelle og ikkje eingong er i stand til å fø sin eigen befolkning. Fleirtalet lever i analfabetisme og sosial elendigheit. Så lenge islam heng som eit blylodd over hundretals millionar menneske, og religionen blir kapra og utnytta av maktmenneske, treng muslimar å bli redda frå seg sjølve og sin destruktive lagnad.