FRUSTRASJON: KrF er ikkje ei kristen forsamling, men det skaper meir enn frustrasjon med «ureint trav» av den art me her har sett, skriv Johan Halsne. På biletet ser vi stortingsrepresentant Geir Jørgen Bekkevold.

Ropet frå Bondevik

Skal folk stemma på KrF, må det ikkje vera tvil om kva partiet står for.

«Slutt opp om KrF!», lyder overskrifta på eit debattinnlegg av Kjell Magne Bondevik i Dagen 21. august. Oppmodinga frå den tidlegare KrF-leiaren og statsministeren kjem midt i ein debatt som òg Bondevik viser til – «at en som er både prest og KrF-politiker, har viet et lesbisk par». Bondevik respekterer at nokre har meldt seg ut av KrF, men han meiner det er et større bilde som veljarane bør ta omsyn til.

For det første argumenterer Bondevik med KrF har «bidratt til å svekke og bryte ned den gammeldagse to-blokks-tenkningen i norsk politikk» gjennom dei to KrF-leia sentrumsregjeringane i 1972–1973 og 1997–2000. Eg vil meina at det nærast er sløsing med trykksverte å tenkja seg at dette er eit mogleg alternativ i dag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Senterpartiet valde diverre å knyta seg til venstresida i politikken, medan Venstre har gått inn som ein del av det som fram til då var ei blå-blå regjering. Det som er tilbake av «sentrum», er KrF, og det eit KrF som vakar rundt sperregrensa. Slik situasjonen er, skal ein ha ei over gjennomsnittet sterk tru for å tenkja seg at sentrum igjen skal kunne stå fram som eit tredje alternativ i norsk politikk.

Det er lita tvil om at ei utydelig KrF-leiing i 2017 om kvar partiet høyrer heime, var ein årsak til det dårlegaste valresultatet for KrF sidan partiet vart landsdekkande. Enno i dag bruker KrF-leiar Knut Arild Hareide mange ord når han blir utfordra om dette temaet, men veljarane er like spørjande til kvar vegen går.

Så kjem Bondevik inn på den konkrete saka om at stortingsrepresentant Geir Jørgen Bekkevold nytta ordinasjonen sin til å via eit lesbisk par. Bondevik skriv: «Uten å ville gå mer inn på klokskapen i dette, vil jeg minne om at det er åpnet for to ulike syn i Den norske kirke når det gjelder slike vigsler».

Eg er mellom dei som meiner at toregimentslæra er fornuftig å ha som basis som KrF-politikar – om enn ikkje med vanntette skott – men her er det likevel noko som skurrar kraftig. Geir Jørgen Bekkevold er innvalt på Stortinget for KrF, og stortingsrepresentant er yrket hans i dag. Bekkevold er valt på eit program som «vil løfte fram ekteskapet mellom en mann og en kvinne». I tillegg har han fått den viktige posisjonen å vera KrF sin familiepolitiske talsmann. Skal han ha tillit i denne posisjonen, må han visa dette òg i handling.

Om Bekkevold er ueinig i KrF-programmet på dette området, må han ta konsekvensen av dette og gå tilbake til presteyrket. KrF er ikkje ei kristen forsamling, men det skaper meir enn frustrasjon med «ureint trav» av den art me her har sett.

Eg er blant dei medlemmer av KrF som ikkje vil melda meg ut, men som ønskjer å vera med på å byggja KrF som eit verdiparti, slik òg Kjell Magne Bondevik er opptatt av i sitt innlegg. Det må vera eit parti som er i tråd med sitt program. Skal KrF vera eit alternativ som folk kan ha tillit til å stemma på, må det ikkje vera tvil om kvar partiet står i dei vanskelege verdispørsmåla.

Vi treng ein leiar som no tar eit skritt fram og kjem med tydeleg tale om kvar partiet skal høyra til i det politiske landskapet. Og det må ikkje skapast tvil om at dei valde representantane fullt og heilt står på partiet sitt vedtatte program.

Les også
Slutt opp om KrF!
Les også
Tilbake til røttene, KrF!
Les også
Intet Sp uten bøndene
Les også
Et KrF i spagat bør berges
Les også
Derfor blir jeg i KrF