FØRSTE SKULEDAG: Biletet av skribenten er teke for 32 år sidan, omtrent på denne datoen i august.  Foto: Aase Furnes Sævik

Jesus i klasserommet

søndag 19. august 2018

Samfunn

Eg har enno ikkje fylt 40 år. Likevel opplevde eg ting på barneskulen som i dag verkar til å høyre heime i ei fjern fortid.

Året var 1986. Med ein ny blå ransel stilte eg meg opp for at mor mi skulle ta bilete av meg. Eg myste mot fotografen gjennom store, tjukke brilleglas og smilte forsiktig med ei framtann for lite. Det var første skuledag. Mange fortel om at dei hugsar så mykje frå denne dagen. Eg hugsar ingen ting. Men fotoalbumet frå barndommen dokumenterer akkurat dette.

Elles har eg naturlegvis mange minne frå dei seks åra på Remøy skule. Dei fleste minna er rett gode. Vi var rundt 30 elevar - ikkje i klassen, men på heile skulen. Vi hadde stort sett dei same lærarane gjennom heile skuletida, og dei var både kjekke og flinke. Høgdepunktet var å spele fotball ute i friminutta. Inne var det o-fag, norsk, sløyd og andre viktige fag. Noko anna viktig var morgonsamling med andakt, song og bøn. Kvar dag vart avslutta med å syngje «Ha takk, o Gud, for dagen».

Denne sommaren er eg blitt minna om dette. Saman med eldste dotter mi har eg lese ei bok eg minnest at lærarane las for oss på skulen: «Det er min skyld» av den engelske misjonæren Patricia M. St. John. Handlinga føregår i ein fjellandsby i Sveits. Skuleflinke Annette har ei heilt spesiell omsorg for lillebroren Daniel på grunn av ein tragedie i familien. Problemguten i nabohuset, Lucien, kjem til å forårsake ei ulykke som får alvorlege konsekvensar for alle. Annette vert bitter og vil aldri tilgi Lucien, men så skjer det uventa ting. «En fortelling om fiendskap og hat, tilgivelse og forsoning - og heltemot», heiter det i omtalen av bestseljaren frå Lunde forlag. Eg skriv ikkje meir om innhaldet, for boka må du gjerne lese sjølv, særleg dersom du kan gjere det høgt for nokon i barneskulealder.

Rundt 30 år seinare hadde mykje av innhaldet frå «Det er min skyld» gått i gløymeboka for min del. Men eg vart slått av kor sterkt det kristne innhaldet er. Dei djupe forandringane i livet til hovudpersonane skjer når dei, heilt eksplisitt, slepp Jesus inn i livet. Bibel og bøn har ein sjølvsagd plass som noko udiskutabelt fint og godt.

Det handlar naturlegvis om det kristne utgangspunktet til forfattaren og når boka er skriven. «Treasures in the snow» (Skattar i snøen), som er originaltittelen, kom ut i 1950. Andre verdskrigen danna eit dystert bakteppe. Behovet for forsoning var enormt. Kristendommen var i større grad enn i dag felles referanseramme for tru og verdiar i Europa. Det var nok ulike haldningar til bodskapen i «Det er min skyld» også på Remøy skule då eg var elev. Men eg kan ikkje minnast at nokon problematiserte boka. Det er til ettertanke når det er såpass kort tid sidan.

Eg er fullt klart over at ein skule plassert i sunnmørsk bedehusland neppe var representativ for dei fleste norske skular seint på 1980-talet. Men læreplanar, lovverk og samfunn har likevel endra seg i eit forrykande tempo i løpet av ein generasjon. I praksis vil det seie frå eg sjølv var skulelev til eg er blitt far til skuleelevar. Mykje av denne endringa er knapt resultat av eit folkekrav, men heller av politisk styring ovanfrå.

På framsida av Remøy skule er årstalet 1939 skrive med snirklete siffer i sement. Skulebygningen vart altså opna same år som det vart feira 200-årsjubileum for lova om «allmueskole» i Noreg. Skulelova kom tre år etter at konfirmasjonen vart innført. Begge reformene var utslag av statspietismen. Eit sentralt siktemål var at born i Danmark-Noreg skulle kunne tileigne seg innhaldet i Bibelen, katekisma og Pontoppidans forklaringar.

Skulen skulle kort sagt kristne elevane. 250 år seinare vart denne visjonen framleis på sett og vis vidareført på Remøy skule, om enn i sterkt modifisert form. Dette skjedde trass i at kristendomsundervisninga etter 1969 ikkje lenger skulle tene som dåpsopplæring for Den norske kyrkja.

No er det ikkje skule på Remøya lenger. Grendalaget har teke over bygningen. Det er bygd ny skule på ein meir sentral stad i kommunen som samlar born frå fleire bygder. Eg har ingen grunn til å tru anna enn at elevane framleis har kjekke og flinke lærarar, og at dei lærer mykje nyttig og verdifullt. Men lærarane les neppe «Det er min skyld» høgt for alle.

Når ein ser tilbake på si eiga skuletid, er det fare for å verte nostalgisk. Eg veit at samfunnet har endra seg og at ikkje alt var betre før. Men slik eg ser det, var det noko vakkert og verdifullt vi opplevde i klasserommet på Remøy skule då læraren las om det som skjedde i fjella i Sveits. Det var verkeleg «skattar i snøen». Tapet det inneber å vinke farvel til ei kristen røyndomsfortåing som eit felles perspektiv, også i klassrommet, trur eg mange undervurderer.