Ekteskap og dåp

Saka om ny ekteskapsliturgi er godt kjent og opplyst. Men denne gongen har KM også ei anna liturgisak på bordet. Ho er utstyrt med den tilsynelatande ubetydelege overskrifta «Revisjon av dåpsliturgi», men rører ved teologiske og pedagogiske spørsmål som går like til kjernen i den pågåande kampen om folkekyrkja si sjel og hennar identitet.

Kyrkjemøtet er idesse dagar samla i Trondheim, og har eigentleg få saker på kartet. Men nokre av dei er svært viktige. Saka om ny ekteskapsliturgi er godt kjent og opplyst. Men denne gongen har KM også ei anna liturgisak på bordet. Ho er utstyrt med den tilsynelatande ubetydelege overskrifta «Revisjon av dåpsliturgi», men rører ved teologiske og pedagogiske spørsmål som går like til kjernen i den pågåande kampen om folkekyrkja si sjel og hennar identitet.

Døme på det er kva innleiingsord dåpen startar med, og om Joh 3.16 skal fjernast frå liturgien eller berre gjerast frivillig å lesa. Vidare gjeld det bøna ved døypefonten og samanhengen mellom dåpen og livet i Jesu etterfølging –det siste fokusert rundt det vesle ordet «tru». Til dømes er orda «og tru på han» i tilseiinga etter dåpen teke bort i forslaget.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Diverre har ikkje Kyrkjerådet denne gongen presentert gamal (frå 2011!) og forslag til ny liturgi i kolonner (ei «synoptisk» framstilling) som gjer det lettare å sjå endringane.

LES:Her møtes de konservative

Høyringa om dåpsliturgien gav mange oppmuntrande signal. Om lag 70 prosent av høyringsinstansane ville at Joh 3.16 framleis skal lyda ved dåpen, også eit stort fleirtal av biskopane. Sjølv om «den vesle Bibelen» først kom inn i liturgien i 1981, så er det jo nett dette ordet –som elles summerer opp Jesu samtale med Nikodemus –som fram til no, og for folk flest, har samla innhaldet i kristen tru i ei meisterleg kortform. Men Kyrkjerådet vil gjera det til ei friviljug ordning, vel vitande at store deler av presteskapet har sabotert lesinga. Kvifor? Kanskje nett difor, som ein konsesjon til praksis.

Men elles kan grunnane vera ulike. Nokre hint – ja, meir enn det – får vi ved å gå til høyringssvara. Der kan vi mellom anna sjå at følgjande instansar vil ha denne lekken bort: «Preses, Borg biskop, Hamar biskop,Hamar bispedømmeråd. Av andre høringsinstanser kan nevnesTeologisk fakultet, Praktisk-teologisk seminar,Det teologiske Menighetsfakultet,Presteforeningen, Norsk kvinnelig teologforening ogIKO.» Grunngjevinga går fleire stader inn i dei aktuelle debattane om forsoninga og om to utgongar av livet. Eitt sokneråd meiner til dømes at «Joh 3,16 kan oppleves som ekskluderende og demper fokus av dåpen som feiring».

Men mest påfallande er Presteforeningen si fråsegn: «PF ønsker en liturgi som holder fram de sentrale dåpstekstene, og ønsker ikke at en innfører materiale ved siden av som kan avsvekke disse tekstenes betydning.» Korleis kan i det heile den tanken oppstå at det å ta med oppsummeringa av Jesu ord om å bli fødd av vatn og Ande kan svekka dåpstekstane (Matt 28 og Mark 10) si teologiske tyngde?

LES:– Bibelen er grunnlaget for enheten

I det lange perspektivet er det likevel truleg den utydelege grunngjevinga for kvifor dåpen er nødvendig til frelse, som er mest alvorleg. Sjølve saka er framleis med, men no berre i bøna ved døypefonten. Desse orda frå innleiinga til dåpshandlinga er borte: «Gud har gjeve oss livet og skapt oss til fellesskap med seg. Etter sitt ord og sin lovnad tek Gud imot oss i dåpen og frelser oss frå synd og død».