HELLAS: Flyktninger står på rad og rekke i havneområdet Piraeus, nær den greske hovedstaden Athen. Illustrasjonsfoto: Michalis Karagiannis, Reuters/NTB Scanpix.

Norme – flyktningar og tenestedeling

fredag 11. mars 2016

Samfunn

Dette er eit område Norme både kan og bør uttala seg på, men då med utgangspunkt i det åndelege regimentet og i Guds ord.

Norme (Norsk råd for misjon og evangelisering) er eit tverrkyrkjeleg organ for å bistå med tanke på misjon og evangelisering. Det er difor eit viktig råd, men det har samstundes ein krevjande posisjon. Dei 43 kyrkjesamfunna og misjonsorganisasjonane har ulik konfesjonell ståstad, og det er ulike syn på visse teologiske spørsmål, ulik vektlegging og ulikt engasjement.

LES: Klare svar fra Norme

Det som like fullt er sikkert, er at Norme høyrer til innan det åndelege regimentet. Dette inneber at rådet ikkje skal gå inn på politikkens område der fornufta råder. Norme skal halda seg til det Guds ord seier noko om, primært det som gjeld misjon og evangeliseringa. I den grad Norme talar inn i det verdslege regimentet, skal det vera profetisk ved å løfta fram det Guds ord seier om aktuelle spørsmål.

For litt sidan gav Norme ved dagleg leiar Anne Lise Søvde ei høyringsutsegn om norsk flyktning- og asylpolitikk. Så langt eg kan sjå, er dette ei reinhekla politisk og fornuftsmessig utsegn. Utsegna er ikkje ved eitt ord eller på eitt punkt grunngjeva i Guds ord eller kristen tenking.

Eg kan ikkje sjå at Norme har mandat til eller som oppgåve å gje slike uttalar. Det høyrer til det verdslege regimentet. Styreleiar Terje Bjørkås seier like fullt at utsegna «ligger godt innenfor de rammer styret har gitt daglig leder». Det undrar meg. Eg viser i denne samanhengen til Espen Ottosens leiarartikkel om saka i Utsyn nr 5/16.

SYNSPUNKT: Vår troverdighet som kristen nasjon

Anne Lise Søvde har på toppen av det heile fått seg til å kritisera statsråd Sylvi Listhaug for å fremja si innstraming på området med ein kross om halsen. Det er eit personangrep som umogleg kan vera innan retningslinene for dagleg leiar i Norme, og det må beklagast.

For min del er eg nokså liberal i flykningpolitikken, og er trur eg er samd i alt det Norme skriv i si høyringsutsegn, men det høyrer altså til innan det verdslege regimentet. Dette er eit område Norme både kan og bør uttala seg på, men då med utgangspunkt i det åndelege regimentet og i Guds ord.

Då kunne ein uttalt seg prinsipielt med tyngde, både ut frå det som Bibelen konkret seier om å ta seg av framande og – særleg – det som Bibelen seier om ikkje å lukka lommeboka si for folk som er i nød (1 Joh 3,17f). Det har med kristen nestekjærleik å gjera, og er retta mot samvitet. I neste omgang får vi så ta oppgjer med dei antidemokratiske og demoniske elementa som ligg i islam, som ein del flyktningane ber med seg.

LES OGSÅ: Setter sin lit til Listhaug

Norme skal heller ikkje ta stilling til teologiske spørsmål ut over det som ligg i den felleskristne trua, og det som er openberr bibelkritikk og vranglære. Eit av dei områda som skaper problem i Kristen-Noreg no, er spørsmålet om tenestedeling mellom mann og kvinne. Her må ikkje Norme gå i brodden for å utviska denne tenestedelinga, slik det er ein tydeleg tendens til i dagleg leiar sin artikkel «I kirkemødrenes tid» i Dagen 8. mars.