TRUSLER: «Når terroren i tillegg skjer i religionens namn, blir trua på at religion kan innebera noko godt, også truga. Som kristne kjenner vi på dette etter helgas tragedie i Paris.», skriver prost Kjetil Aano. Bildet viser det franske politiets spesialstyrker i aksjon, Paris 18 november i år. Foto: Francis Pellier, AFP/NTB Scanpix

Misjon i skyggen av terror

lørdag 21. november 2015

Samfunn

Det første vi misser i møtet med terror, er tillit.

Når terroren i tillegg skjer i religionens namn, blir trua på at religion kan innebera noko godt, også truga. Som kristne kjenner vi på dette etter helgas tragedie i Paris. Fromme og fredelege muslimar må kjenna det endå sterkare. Religion er ein sterk etisk drivkraft og ein sterk identitetsmarkør.

LES: Islamismen driver mennesker til Jesus

Dette kjenner vi frå vår historie. Etter reformasjonen blei nordmenn lutheranarar. Og arven etter Hans Nielsen Hauge lever ennå på mange plan. Men slik religion er drivkraft til noko godt, er religion på avvegar farleg. Derfor er religionskritikk frå oss som har ei tru, viktigare enn noen gong.

Dagens terrorbølge utfordrar oss her på mange måtar. Det er så lett å retta skytset berre mot dei andre. Vi, som kristne og misjonskristne, må våga å vera kritiske mot sider i vår eigen tradisjon som kan lida av etiske manglar i møte med menneske som tenkjer og trur annleis.

På den andre sida kan ønsket om å vera fredelege og gode medborgarar hindra oss i å stilla nødvendige kritiske spørsmål også til dei andre. Vi må våga å stilla kritiske spørsmål, også til muslimske leiarar, for eksempel om korleis dei utfører sitt leiaransvar i møtet med andre, og i forhold til aukande radikalisering blant unge.

Det ligg ingen fordøming i det. Mi eiga erfaring frå religionsmøte er at det er krevande å stilla kritiske spørsmål – vi vil så gjerne vera vennlege. Men på den andre sida blir kritiske samtalar ofte langt meir meiningsfulle enn dei som berre uttrykke gjensidig velvilje og forståing. Det er viktig å våga å stilla kritiske spørsmål til korleis religion blir ført på avvegar.

Dette kan vi berre gjera om vi erkjenner at det også er realitetar i vår historie – fjern og nær. Kritiske spørsmål må også rettast til eiga tru og formidling. Korleis har vi forvalta vår innsikt i mennesket? Paul Otto Brunstad etterlyser eit språk for vondskapen vi observerer. Som kyrkje forvaltar vi ein kunnskap om at menneske treng tilgjeving både for vonde handlingar, men også for impulsen til vondskap. Og korleis kan nokon skjøna det som skjedde i Paris utan å forholda seg nettopp til denne impulsen til vondskap?

Feilen blir når vi legg den impulsen berre hos andre – og ikkje ser at dette er noko vi som menneskeslekt har del i. I den kristne tradisjonen blir dette kalla arvesynd. Vi må våga å stilla dei same kritiske spørsmåla også til oss sjølve.

Heller ikkje eit sekulært univers skal sleppa kritiske spørsmål. I spørsmål om korleis ein skal forholda seg til vondskap kjem sekulære livssyn til kort. Sjølv om det verkar som om det er etter kvart blitt ein vanleg forklaringsmodell, blir det for enkelt å gje religion som fenomen skulda for alt som går galt.

Gjennom heile historia til den kristne kyrkja har erkjenning av synd – og eit ønskje om å formidla trua til menneske som ikkje deler den – vore sentrale element. Vi gjentar det kvar gong vi feirar gudsteneste. Det blir ikkje mindre viktig no.

I vår samtid blir det endå viktigare å understreka samanhengen mellom dei: I terrorens tidsalder er synderkjenning inngangen til misjon: Den kristne trusformidlinga er ikkje ein krigersk sigersgang, men eit lågmælt invitasjon til ei medvandring der vi deler ord og brød, viser kjærleik og miskunn, og vandrar audmjukt med vår Gud.

Det må halda fram, uansett ytre livsvilkår.