RISIKO: Organisasjonar som kan ordne med reint vatn til folk i urolege og krigsherja område tar stor risiko for å nå ut med pumper, vannrøyr, filter og anna utstyr for brønn­boring. Kor stor risiko er me kristne villige til å ta for å få delt bodskapen om han som kallar seg sjølv for det levande vatnet? spør Olav Vestbøstad.

Er det verdt det?

Korleis vil framtidige misjonshistorikarar vurdere det misjonsarbeidet norsk misjon gjorde i fyrste halvdel av det 21. hundreåret?

For nokre veker sidan var eg på personleg tryggleikskurs. Som regionleiar i ein misjonsorganisasjon er eg stadig på reise til ulike delar av verda. Mange av stadane der Misjonssambandet har arbeid, har høgare risiko enn Norge.

Det kan vere auka fare for naturkatastrofer, terror, ran og politisk uro. Det er difor god grunn til å gjere risikoanalysar og setje inn tiltak som kan redusere risikoen og auke tryggleiken for utsendingar og gjester som er på vitjing.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

På kurset eg deltok på, var det deltakarar frå mange ulike organisasjonar. Me vart utfordra på kor vår organisasjon sine grenser går når det gjeld tryggleik. Kva situasjonar er slik at ein vurderar det for risikofylt å ha personell i eit område? Kvar einskild utsending må også kjenne på kor grensene går for sin eigen del.

Ein av organisasjonane som har høgast terskel for risiko er Leger uten grenser. Dei sender sitt personell inn i krigsområde og andre stader med høg risiko.

Alle som reiser ut for denne organisasjonen er klar over risikoen for å bli drepen eller skada i teneste. Likevel er dei villige til å ta sjansen. Vurderinga er at den jobben dei gjer er så viktig at det er verdt høg risiko.

Organisasjonen min har ikkje same høge terskelen for å trekkje seg ut av eit område. Opplevingane mine på tryggleikskurset har fått meg til å tenke. Kva er eg - og min organisasjon villig til å risikere for å nå ut med evangeliet til dei som aldri har høyrt den glade bodskapen? Er eg for opptatt av tryggleik?

Det er sterkt å lese om pionermisjonærane som reiste til Kina for rundt 100 år sidan. Nokre vart skotne og fleire døydde av sjukdom. Mange misjonærar måtte gravlegge eitt eller fleire av borna sine. Var det verdt det?

Det er det sikkert ulike svar på, men fleire vurderte det som så viktig at kinesarane fekk høyre evangeliet at det faktisk var verdt risikoen.

Dei fleste av dei folkegruppene som vert rekna som unådde bur i det sokalla 10/40-vindauget. Det er området mellom 10. og 40. breddegrad nord for ekvator. Dette området omfattar Nord-Afrika, Midt-Austen og store delar av sørlege Asia. Dette er byar og landsbyar med få kristne.

Det er heller ikkje mange levande, lokale kyrkjer her som sjølve kan dela evangeliet i sine nærområde. Samtidig er dette område som for ein stor del er lite opne for misjon. Mange stader er prega av sosial og politisk uro. Legar utan grenser er til stades i mange av desse områda, men få norske misjonsorganisasjonar har fokuset sitt der.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eit fellestrekk for store delar av dette området er at islam er majoritetsreligionen. Det betyr at dei i dag, 14. juni, startar feiringa av at fastemånaden ramadan er slutt. I 30 dagar har trufaste muslimar fasta frå soloppgang til solnedgang for å reinse kroppen og for å gjere noko som er velbehageleg for Allah.

Det viser at dette er religiøse menneske som tar sin religion på alvor. Felles for mange av desse er at dei ikkje kjenner Jesus, han som gav seg sjølv som ei soning for all verda sine synder.

Organisasjonar som kan ordne med reint vatn til folk i urolege og krigsherja område tar stor risiko for å nå ut med pumper, vannrøyr, filter og anna utstyr for brønnboring. Kor stor risiko er me kristne villige til å ta for å få delt bodskapen om han som kallar seg sjølv for det levande vatnet?

Har vestlege kristne blitt for feige i misjonsarbeidet? Er me så opptekne av personleg tryggleik at me er med og forseinkar oppfyllinga av misjonsbodet?

Det er mange omsyn å ta i denne debatten, men eg meinar at me bør våge å stille spørsmålet. Kan me i Norge overlate til andre, meir risikovillige kristne frå Asia, Sør-Amerika og Afrika å ta dei vanskelege misjonsoppdraga?

Misjonshistoria er full av misjonærar som ofra alt for å fylgje Jesus. Av læresveinane var det berre Johannes som døydde ein naturleg død. Irske munkar sette over havet i skrøpelege båtar for å bringe Kvitekrist til Norge. Mange pionermisjonærar fekk ei tidleg grav i Kina.

Korleis vil framtidige misjonshistorikarar vurdere det misjonsarbeidet norsk misjon gjorde i fyrste halvdel av det 21. hundreåret?

Les også
Fikk uventet brev fra sin «sønn» i jungelen
Les også
– Gud, legen og kroppen har gitt meg arbeidsforbod
Les også
Har gitt 1 million bibler til Cuba
Les også
Internasjonale studenter i Norge – Den beste uhjelpen
Les også
Hjelpearbeid – er motivet andre eller oss sjølv?