Dei er menneske

Det er ein stygg tendens i samfunnet i dag som går ut på å setja folk i bås og setja merkelappar på dei. Båsane kan vera tronge eller vide, men dei som er plassert der, er innestengd og fanga. Merkelappane kan ha ulike fargar i mange nyansar, men merkar folk for livet.

Kristen, muslim, dissentar, religiøs, sekulær, rasist, homofil, sosialist, kapitalist, islamist, humanist, ateist, jihadist, kriminell, prostituert, mørkemann, pietist, kreasjonist, miljøvernar, aktivist, politikar, journalist og mange andre ord kan brukast både som skjellsord og ros. Desse båsane og merkelappane har det til felles at dei skjuler det faktum at det er menneske det handlar om. Derfor må vi slutta å setja merkelappar på kvarandre.

Eg er fødd og oppvaksen under den gamle dissentarlova. Eg vart ein dissentar då eg melde meg ut or statskyrkja som nittenåring. Eg prøvde å vera stolt over å kunna stå for mi eiga tru og ikkje vera ein del av det religiøse etablissementet, men det store fleirtalet brukte ordet dissentar om meg og andre på ein nedsetjande måte.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

MENIGHETSDOKTOREN:Innvandrere beriker kirkelivet

Stigmatiseringa var likevel å leva med. I dag er eg plassert i den store frikyrkjelege båsen, men i mi eiga forståing er eg berre ein kristen. Det svir når kristennamnet blir spotta og håna.

I desse dagane har det kome mange flyktningar og asylsøkarar til landet vårt. Vi kan lett setja dei i mange båsar. Dei kjem av mange ulike grunnar. Vi får både lukkejegarar og ekte flyktningar frå krig og forfølging. Vi har ei aukande innvandring. Landet blir meir og meir multikulturelt. Samfunnet er i endring. Då kan vi bli redde og prøva å verna om det såkalla tradisjonelle norske, og bruka negative ord om dei som skaper endringane.

Eg trur at Guds finger er i denne store folkevandringa vi opplever i vår tid. Gud sender misjonsmarka til oss. Alle som kjem er menneske, skapt i Guds bilete og elska av han. Alle desse framande menneska treng å høyra evangeliet om Jesus Kristus. Gud sender dei hit for at dei skal få møta kristen nestekjærleik og få høyra ordet om forsoning og nåde.

Mange kristne gjer ein stor innsats for dei som kjem og er på asylmottak eller har fått opphald. Mykje meir kan gjerast. Mange fleire kan involvera seg. Evangeliet må forkynnast i både gjerning og ord. Vi må møta dei som kjem med varme hjarte og jordnær hjelp. Uansett kven dei er, kva bakgrunn eller motiv dei har, dei er menneske som treng å møta Guds kjærleik gjennom andre menneske.