Illustrasjonsbilde: Rundt 40. 000 deltok i demonstrasjonene på grensen mellom Gazastripen og Israel, frem til 14. mai 2018. Foto: AP / NTB scanpix

Israelkritikk som forventa

Alle har eit ansvar for korleis dei reagerer på utsegna om at det er ein fredeleg demonstrasjon, og kva dei meiner om Israels reaksjon på volden. Når Hamas er med kan det garantert ikkje bli ein fredeleg demonstrasjon, kva formål skulle Hamas ha med det?

PA og Hamas meiner at alle «flyktningar» har rett til å returnera til Israel. Dette er ein sikker metode til kaos.

Dei som meiner at dei har betre greie på korleis Israel skal handtera folk som berre er ute for å sverte Israel, og provosera dei, er på ville vegar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er lett å kritisera, men å svara på kva dei sjølv ville gjort, er dei for feige til. Her har leiarane eit stort ansvar med kva dei seier. Eit rett svar her kunne vore at Israel som har vore ute ei vinternatt før, veit betre enn nokon andre korleis dei skal handtera dette.

Ved å kritisera Israel nærast på refleks, gir ein gåvepakning til Hamas og andre for liknande framferd.

Ein konklusjon er at dei som med makt vil bryta seg inn i eit anna land for å utføra drap, må i rettferdas namn bæra ansvaret sjølv.

Når det gjeld flytting av ambassaden til Israels hovudstad, så skulle det vore gjort samla samtidig med USA. Det er ei stor skam at Israel ikkje skal kunna velja sin eigen hovudstad.

Når USA og Israel står åleine i FN der Noreg og dei andre har hamna på gale sida, er dette ei gåvepakke til nedbrytande krefter av alle slag.

Rettferda går snart sveltedauden i møte, trist!

Les også
Rogaland har mye å lære av Israel!
Les også
En ny epoke i Midtøsten?
Les også
Tragedien på Gaza-stripen
Les også
La palestina-araberne få vende hjem
Les også
Gratulerer med dagen, Israel