ISRAEL: «Skal Israel overleva, 
må det vera ut frå 
styrke og føredøme,» skriver Hallgrim Berg. Illustrasjonsfoto: Fotolia.com

Nye 70 år for Israel?

mandag 11. juni 2018

Samfunn

Ordet er evig, og evig er Israel. Eller?

Israels folk er no uavhengig og sjølvstendig på sitt eige landområde for tredje gong. Det er meir enn tre tusen år sidan det israelske kongedømet vart grunnlagt, med Saul som konge. Like etter gjorde kong David Jerusalem til hovudstad i landet.

Den gjenoppretta staten Israel var i 1948 eit mirakel i seg sjølv. Det er ikkje ofte ein kan bruke ord som «mirakel», men i dette tilfellet – det moderne, demokratiske, dynamiske Israel – kan det nyttast utan blygsel.

Kan den eineståande suksessen sidan 1948 – med arbeid, vekst, nyskaping, velstand og velferd for stadig nye millionar menneske – halde fram i nye 70 år?

Det er ikkje akkurat gunstige arbeidsvilkår denne staten og dette folket møter i det daglege. Eit lite land, konstant utsett for kald eller varm krig, omgjeve av eit tjuetal arabiske statar, der mange av dei har leiarskap som i sine sjeledjup hatar jødane så sterkt at dei vil ha landet vekk frå jorda si overflate.

Men det går ikkje. Trass i avund, trass i antisemittisme, trass i den akademiske palestinismen verda rundt, opplever me at Israel styrkar seg frå år til år. Israel er blitt «oppstartnasjon nr. 1», med hjernekraft, innovasjon og produkt som kjem heile verdssamfunnet til gode.

Kan Israel vera garantert internasjonal støtte ved ei kvar ny prøving? Truleg ikkje. Den islamske voksteren i Europa og på andre kontinent vil på kort tid bli ein politisk faktor; det er tale om ei brei islamisering, som tafatte leiarar i Vestens vil prate bort – så lenge dei kan.

Merk: Alle totalitære ideologiar – fascismen, nazismen, kommunismen og islamismen – held felles front mot Israel og jødane. Og: Intellektuelle opinionsleiarar er alltid pragmatiske og trulause, snur lett kappa etter vinden for stilling og posisjon.

På våre reiser i Israel er det utbreidd oppfatning – både på høgre og venstre side – at Israel framover må stole på eigne krefter. Det er den einaste og sikraste metoden til å overleva på lang sikt.

Dersom den arabiske sida ville anerkjenne Israels leverett og legge ned sine våpen, ville det bli fred i området. Men Midtausten er stort: Dersom dei ulike greiner av sjia og sunni held fram med korankrangel og krig om den 12. profeten, vil det aldri bli fred. På same vis: Dersom islam held fram med ein urokkeleg koran, utan reformasjon og modernisering, vil det heller ikkje kunne bli fred.

Påstanden om at «konflikten Israel/Palestina er alle krigars mor» er uhistorisk og komisk; eit uttrykk konstruert av media i vår samtid. Dei etniske, kulturelle og religiøse motsetnadene går hundrevis av år tilbake i tida. Grunnproblemet i dag er at Israel (med jødar og meiningssterke minoritetar) ikkje får vera i fred for den islamske imperialismen. Stikkordet er «waqf», den merkelege oppfatninga blant islamske strategar at eit landområde som eingong i tida var under islamsk overhøgd, eigentleg tilhøyrer Allahs domene for all tid. Når til dømes Andalusia, delar av Balkan og dei store øyane i Middelhavet i dag er kristne område, er det berre ei mellombels ordning…

Difor er det òg slik at det strategiske målet til dei palestina-arabiske leiarane ikkje er å gjera slutt på konflikten med jødane og Israel, men å forevige striden. Annleis kan det ikkje tolkast at alle romslege tilbod om land og fred som er komne frå israelsk side, vert avviste, gong etter gong.

Muslimane vil korkje ha kakebitar eller større stykke av Judea og Samaria; dei vil ha heile kaka. Dei vil ha heile Israel, inklusive sandhaugane og skyskraparane i «det fordervelege Tel Aviv».

Skal Israel overleva, må det vera ut frå styrke og føredøme. Den materielle framgangen i landet er imponerande. Ved store naturkatastrofar (Japan, Mexico, Haiti) blir det lagt merke til at Israel er førstemann på plass. På berre nokre tiår er landet blitt ein viktig internasjonal spelar, vitskapeleg, økonomisk, militært, humanitært, kulturelt, og for miljøet.

Israel-vener i Noreg, Europa og Amerika har ei viktig rolle som støttespelarar heilt fram til Israel som stat og jødane som folk blir aksepterte på lik line med andre, og til det blir skikk på FN.