Kva er det viktigaste ved stortingsvalet til hausten?

Multikulturalismen 
er ei ideologisk støyping av sosialisme og muhammedanisme.

Kvart einaste stortingsval vert framstilt som avgjerande for landet si framtid. Det ligg noko lagnadstungt i appellen frå alle partia som vil inn påStortinget med flest mogleg av sine eigne.

Sjølv har eg, som tidlegare folkevald i 32 år, lært meg til å ta ein del påstandar og utsegner med ei klype salt. Særleg når det kjem «garantier», til dømes når det kjem lovnader til all ungdom at dei skal «få» automatisk rett til jobb eller studieplass. Eller når einskilde parti «garanterer» at utslepp av CO2 skal drastisk ned, men samstundes går inn for større kjøpekraft og høgare forbruk på alle plan.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei fleste partia har det ikkje lett. Styring er komplisert, særleg for mindretalsregjeringar som skal bauke seg fram i ulendt terreng med vindkast frå alle kantar.

I lokalavisa Hallingdølen skreiv eg nyåret inn ved å seia at det viktigaste me kan gjera i dag, er å vera litt mindre kravstore, vera meir nøgde med det me har, styre vel med pengane og unngå sløseri.

Som døme brukte eg vårt tilhøve til ost. Leiaren iForbrukarrådet,Randi Flesland, presenterte det nyleg som eit problem at me i Noreg berre har om lag 130 slag ost å velja mellom i butikkane. I Sverige har dei over 290. Til og med i Oslo er butikkane for småe og utvalet for dårleg, sa ho.

Eg kom i dårleg humør og kjende meg underlegen som forbrukar. Men då eg fekk tenkt meg om, trur eg framleis at det går an å få til eit innbydande ostebord og ein hyggeleg kveld også her i Hallingdal, trass i at butikkane her ikkje har meir enn 30–40 osteslag i disken.

Eg trøysta meg òg med president Charles de Gaulle, som uttalte at «det er uråd å styre eit land med 244 osteslag».

Men eg er redd det blir som før fram mot valet: Nye partiprogram med nye lovnader, nye kostnader, og for mykje av typen «utgifter til utgifters ervervelse».

Nokre bygdeaviser kritiserer no i harde tak motstand mot «unødvendige reformer» (kommunar, politidistrikt, skattekontor) og alt som kan smaka av sentralisering. Eg vart spurt av Hallingdølen om eg ville vera med på «distriktsopprøret» – eit ord avisa tok i bruk etter at ein tidlegareHøgre-ordførar ogFrp-profil no seier at dei vil røysteSenterpartiet.

Statlege kontorarbeidsplassar i distrikta er viktige, sa eg, men det er òg kommunikasjonane, satsing på vegbygging, eit reiseliv som blømer, stor byggjeaktivitet i hus- og hyttefelt. Me har eit fenomenalt fritids- og kulturtilbod.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det har aldri vore lettare å leva det gode livet på bygdene enn det er i dag. Sutring og syting kjem det som oftast lite ut av. Men det viktigaste for utvikling er å gje gode vilkår til folk som vil arbeide og satse, anten det er i sentrum, i grendene, på garden, i skog og utmark.

Kva er så det aller viktigaste ved det komande stortingsvalet?

Det er dei verdiane og ideane som ligg til grunn for nasjonens framtidige utvikling, eit Noreg med demokrati, kultur og levemåte som skal vera attkjennande for nye slekter framover.

Vil ein dette, må det no leggjast særleg stor vekt på realistiske haldningar til innvandring og presset mot grensene. Dersom innvandringa går fortare enn evna til å absorbere henne, blir det lite berekraft på sikt, og dess større, uventa samfunnskostnader.

Det oppstår lett ein lang serie aukande problem, slik me ser i mange land, med utanforskap, arbeidsløyse, kriminalitet, kulturkollisjonar, sosial uro og opprørsstemningar.

Styresmaktene kan pøse på med pengar og «tiltak» alt dei vil. Men ikkje noko kan trumfe demografien. Ein kunne ynskje noko anna i Europa, men resultatet vil i praksis føre til islamifisering og gradvis dominans gjennom religion, frykt, terror og vald, slik me ser det ute i stadig fleire storbyar.

Er det ei slik utvikling Noreg vil ha?

Multikulturalismen er ei ideologisk støyping av sosialisme og muhammedanisme. Den er farlegare enn om det blir ein del kontorflytting. Eg likar Senterpartiet, men eg trur ikkje partiet åleine klarar å demme opp mot multikulti-visjonen tilStøre,Lysbakken ogMoxnes.