«Islamifiseringa og avkristninga av Europa går med stadig større fart, og liknar på den snøballen som vert rulla nedetter eit jorde i kram snø», skriv Hallgrim Berg. Illustrasjonsfoto: Jacques Brinon, AP/NTB scanpix

Amerikabrevet 
– 10 år etterpå

lørdag 25. november 2017

Samfunn

Verst er det med ytringsfridomen 
og konsekvensane 
for demokratiet.

Om tida renn eller kjem, er ikkje lett å seia. Men sanneleg går åra snøggare enn nokon gong! Slik kjennest det då eg oppdaga at det er nøyaktig ti år sidan «Amerikabrevet: Europa i fare» kom ut.

Det var visstnok ein sensasjon at ein ansvarleg politikar hadde publisert ei kritisk, samanhengande bok om frammarsjen av islam i Europa. Eit herleg spetakkel følgde, med utskjelling i Dagbladet og Klassekampen.

Fy, fy, kor intolerant og dum denne hallingdølen var, som kunne finne på å kritisere denne spanande tilveksten av folk, kultur og religion i vår verdsdel! Han måtte jo vera islamofob og rasist for å kunne hevde at det opnar seg ein lang serie problem med denne typen masseinnvandring…

Men eg meinte å ha gode historiske argument og referansar om islam som ein lov- og erobringsreligion gjennom 1400 år. Femten år tidlegare hadde eg vore gjennom ein politisk batalje i Europarådet i Strasbourg, der eg sto mutters åleine og åtvara mot tilrådingane i ein større rapport som var i ferd med å bli vedteken.

Emnet for ordskiftet var «la Contribution de la Civilization Islamique à la Culture Europèenne», ein freistnad på å lyfte statusen for islam. Eg viste til kor einsidige dei pro-islamske framlegga var og tok til motmæle. Kva med handsaminga av muslimske kvinner og jenteborn?

Kva med einvegstoleransen («bygg moskear, men få vekk kyrkjene!»). Og kva med krava om positiv omtale av islam i vestlege skulebøker, men ikkje tilsvarande omtale for kristendomen i arabiske bøker? Rapporten representerte ingen dialog, sa eg, men var ein monolog i favør av islam!

Sjølvsagt vart eg røysta ned. Men eg rakk å få med såpass av synsmåtar i innlegget at den verdskjende journalisten Oriana Fallaci seinare fann referatet og gjorde det berømt i boka «Fornuftens styrke» – etter at ho på nært hald hadde opplevt korleis terroren slo til mot World Trade Center i New York.

Folk i Europa har lært mykje meir om islam, ikkje minst om den politiske islamismen som kan sidestillast med andre totalitære ideologiar, til dømes fascisme, nazisme og kommunisme. Islamofascismen, heksebrygg utan like, viser seg på fleire kontinent som ein ekstrem valdeleg ideologi.

Dessverre fekk eg rett i mykje av det eg åtvara mot i 2007 – demografisk, juridisk, kulturelt, religiøst, økonomisk – berre med den skilnaden at den negative utviklinga har gått endå mykje fortare enn eg spådde.

Islamifiseringa og avkristninga av Europa går med stadig større fart, og liknar på den snøballen som vert rulla nedetter eit jorde i kram snø. Politikarane søv framleis.

Verst er det med ytringsfridomen og konsekvensane for demokratiet. Ingen toleranse for religionskritikk – den eine vegen!

Protestaksjonar, nedbrenning, drap, trugsmål… redaksjonar som driv sjølvsensur… parti og folkevalde som i fullt alvor seier at islamistisk terror ikkje har noko med islam å gjera, at «kampropet «Allahu akbar» ikkje har noko med Allah å gjera, og så vidare. Snart kjem innskrenkingane for vanlege folk sin ytringsrett på sosiale media.

Organization of Islamic Cooperation (OIC) oppretta i 2013 eige kontor i Brussel for å vera tett på EU og andre internasjonale organ. Målet er å forstumme negativ omtale av islam og muslimar i media og lærestoff, samstundes som kampen for å få til eit «universelt forbod mot blasfemi» (les: forbod mot islamkritikk) går for full maskin i FN-systemet.

Då er eg tilbake til omslaget på «Amerikabrevet» – ei bok som blir stadig meir aktuell, og denne veka kjem ut i sitt 6. opplag (Koloritt forlag): «Europa er forvirra, har ikkje noko samlande føremål, låg motstandskraft, forgubbing og ein integrasjonspolitikk som ikkje virkar. Innsatsvilje og religion blir erstatta med feriekatalogar og fotball. Ytringsfridomen går i retning sjølvsensur. «Brubyggingstiltak» har lite for seg så lenge det er einvegskøyring på brua».

Treng eg be om orsaking for at eg skriv bøker og oppdaterte artiklar om desse spørsmåla? Nei! Redaktør Vebjørn Selbekk var så grei at han skreiv forordet i «Demokrati eller islamisme» (Genesis 2013). Det spørs om han ikkje snart må i vegen ein gong til.