ABORT: Mange av dei har vorte svikta. Samfunnet har ikkje hjelpt dei, men heller ofte pressa dei til abort, skriv Erling Thu. 
  Foto: Lise Åserud, NTB scanpix

Sjølvråderett over eigen kropp

søndag 9. september 2018

Samfunn

Tre ungdomsparti, AUF, FpU og Unge Venstre, leia av unge menn, vil radikalt endra abortlova og gje kvinner rett til abort fram til barnet i mors mage er 18 eller 24 veker gammalt. Dei vil forlengja tida for press til å ta abort. Dette er ekstremt og barbarisk!

Alle menneske, både kvinner og menn, har rett til å bestemma over sin eigen kropp. Dessverre blir menneske utsett for utilbørleg press knytt til kroppen sin. Vi har kroppspress knytt til utsjånad. Vi har sexpress knytt til kven som skal få liggja med oss, når og kor ofte.

Dette presset fører ofte til uønskt graviditetar. Gravide kvinner blir utsett for press. Eg høyrer mange historier om det. Familie, venner, kjæraste, til og med helsevesenet legg press på kvinner til å ta abort.

I Noreg har ei kvinne rett til å ta abort heilt til fosteret er 12 veker gammalt, men kan av ulike grunnar få abort mykje seinare. Mange vil seia at retten til abort er ein urett. Fordi det handlar ikkje berre om kvinna sin kropp, men også om eit lite barn som veks inne i hennar mage.

Abort er ein urett mot det ufødde barnet i mors mage. Det er dette som gjer abort til eit etisk dilemma. Abort er fosterdrap. Eit spirande menneskeliv blir avslutta. Eg trur at kvinner som tar abort er klar over dette alvoret, men i si fortviling ser dei ingen annan utveg.

Retten til abort har kosta ein halv million barn livet sidan den noverande abortlova vart vedteken for førti år sidan. Eg har inderleg medkjensle med desse kvinne som har opplevd ein uønskt graviditet og som ikkje har sett nokon annan utveg enn å avslutta det spirande menneskelivet.

Mange av dei har vorte svikta. Samfunnet har ikkje hjelpt dei, men heller ofte pressa dei til abort.

Tre ungdomsparti, AUF, FpU og Unge Venstre, leia av unge menn, vil radikalt endra denne lova og gje kvinner rett til abort fram til barnet i mors mage er 18 eller 24 veker gammalt. Dei vil forlengja tida for press til å ta abort. Dette er ekstremt og barbarisk!

Eg vil oppmoda desse unge mennene til å kjempa for kvinners sjølvråderett over kroppen sin på andre måtar. Hjelp kvinner å unngå å oppleva uønskt graviditet! I våre dagar skulle det vera unødvendig for kvinner å bli gravide utan å ønskja å få barn.

Det største ansvaret kviler her på mannfolka. Om kvinnene fekk hjelp til å bestemma over sin ­eigen kropp slik at dei ikkje blir gravide når dei ikkje ønskjer barn, ville dei bli spart for mange lidingar. Denne sjølvråderetten over sin eigen kropp ville frigjera store resursar i helsevesenet og vera til gagn for sjuke menneske.

Mani Hussaini, AUF, Bjørn-Kristian Svendsrud, FpU og Sondre Hansmark, Unge Venstre, det er flott at dokker vil kjempa for kvinners rett til å råda over eigen kropp. Eg veit sjølvsagt at abort ikkje berre er eit ungdomsfenomen, det skjer i ulik alder.

Dokker kan likevel gjera ein stor forskjell for unge menneske og komande generasjonar. Om dokker arbeider for å hjelpa kvinner til å ikkje bli gravide når dei ikkje ønskjer barn, vil dokker setja varige og gode spor etter dokker i landet vårt.

Her er nokre forslag som kan hjelpa: Sett i gang ein haldningskampanje. Motiver menn til å ta ansvar, slik at dei ikkje påfører kvinner uønskt graviditet. Skap eit miljø som er fritt for sexpress. La det bli kult å bruka prevensjon. Fremja «trygg» sex ved å gjera ubeskytta sex uakseptabelt.

Lukke til med å gje kvinner full råderett over sin eigen kropp, utan å måtta ta livet av eit lite barn i magen.