SV-topp med ny nasjonalsang?

Kjønnsnøytralitet, som Miljeteig visstnok etterlyser, eksisterer ikkje i den verkelege verda. Å pressa denslags inn i ein ny nasjonalsong er ikkje dikting, men oppdikting!

Frå NTB vert det meldt at SV-topp Oddny Irene Miljeteig ynskjer seg nasjonalsongen, «Ja, vi elsker dette landet..», utskift. Songen er utdatert og kjønnsdiskriminerande. Ein ny song bør leggja større vekt på kvardagslivet, hevdar ho.

 

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Hva mener du om at Oddny Irene Miljeteig (SV - Sosialistisk Venstreparti) vil bytte ut den norske nasjonalsangen? LES...Posted byDagen on Saturday, March 10, 2018

 

Det er beint fram utruleg at dette kan verta føreslege. Nasjonalsongen vår er sjølvsagt poesi frå si tid (1859) og prega av vår historiske arv og utvikling.

Annleis kan det ikkje vera! Likevel: Å kullkasta nasjonalverdiar frå fortida av denne karakter, er som å saga av greina ein sit på. Teksten er i høgste grad dagsaktuell, og det til og med med sitt innebygde utblikk mot framtida.

Moderniteten er med andre ord på plass, om ein særleg fokuserer på dei tre vanleg sungne versa. Guds-omgrepet er fritt for tolking i vårt fleirkulturelle samfunn.

Kjønnsdiskriminering finst ikkje! Far og mor (vers 1), fedrar og mødre (vers 2), med erfaring frå det varierande livet, vert nemnde i same andedraget.

Kjønnsnøytralitet, som Miljeteig visstnok etterlyser, eksisterer ikkje i den verkelege verda.

Å pressa denslags inn i ein ny nasjonalsong er ikkje dikting, men oppdikting! Trekk framlegget ditt, Miljeteig!