I dag er det nøyaktig 40 år sidan Audun Storaas skreiv dette innlegget. Faksimile: Dagen 30. mai 1978

Primærlækjaren og abortlovframlegget

onsdag 30. mai 2018

Samfunn

Eg vonar i det lengste på at ein av tingmennene på venstresida vil sjå det som ei oppgåve og fri oss frå denne lova.

Dette er innlegget den nå pensjonerte legen Audun Storaas hadde på trykk i Dagen for nøyaktig 40 år siden, samme dag som Stortinget sa ja til fri abort.

----------

Regjeringa har lagt fram proposisjonen til ny abortlov. Det heiter der at «legen, når kvinnen har mottatt opplysninger, informasjon» m.v. «straks skal sende begjæring sammen med skriftelig henvisning, til den institusjon eller avdeling hvor inngrepet skal utføres».

Det er her liten eller ingen plass for medisinsk vurdering av kvinna. Skulle lækjaren finne henne i ein slik tilstand at han meiner ho er ute av stand til å bedømme rekkevidda av si handling, så skal han likevel «yte rask saksbehandling». Han vert avskoren frå å bruke si medisinske dømmekraft, får meir ein robot-funksjon.

Men han vil likevel sittje att med kjensle av ansvar for det som vert gjort. Hittil har primærlærjaren trass alt hatt ei fagleg nemnd mellom seg og ansvaret. Etter det nye lovframlegget vil han kjenne tyngda av heile ansvaret.

Det vil hjelpa lite at han handlar på ordre av ei lov. (Har ikkje rettsinstansar i etterkrigstida slått fast at den som handlar lyt ta ansvaret for si handling, jamvel om han handlar etter ordre?)

Gjennom studium og etterutdanning har lækjaren sikta mot å dyktiggjera seg til å hjelpe ved sjukdom og, så langt råd, berga liv. Det er hans livsoppgåve. Den nye lova vil setje han i den absurde situasjonen at han vert pålagd å hjelpa til med å ta livet av det som han ser som si livsoppgåve å redde. Eg ser nemleg liten skilnad på ansvaret til den som fører aborttanga og ansvaret til den som fører kvinna til abort-klinikken i slike høve.

I dag er det nøyaktig 40 år sidan Audun Storaas skreiv dette innlegget. Faksimile: Dagen 30. mai 1978

 

Sjukehuspersonalet får sin reservasjonsrett. Primærpersonalet burde få den same retten. Det vill neppe valda særlege praktiske vanskar. Dersom proposisjonen vert lov, vil eg ha ein fylgjande veg å gå:

1. Lyda lova og då handle mot det eg ser som rett og som mi oppgåve. Det vil føre til vantrivnad i arbeidet, og gi frustrasjonskjensle. Med tida vil det truleg umerkande føre til at ein vurderer ogso andre «svake liv» mindre verdifulle.

2. Sabortere lova med den grunn at ho er uetisk og står i motsetnad til grunnlova § 2. Dette er lite tilfredsstillande når ein elles gjerne vil vera lovlydig. Det vil truleg føre til reprimandar frå helsedirektoratet og kanskje i neste omgang inngrep frå «lovens arm».

3. Forlate distriktslegestillinga og primærtenesta i det heile. Dette kan verta naudutvegen, men er svært lite ynskjeleg, ogso av den grunn at primærhelsetenesta frå før er i store vanskar på grunn av lite folk.

Jamvel om det nok er mange innan primærhelsetenesta som ser onnorleis på denne saka, so er det også mange, både av lækjarar og studentar som har liknande syn som eg har skissert, og som difor finn det vanskeleg å gå inn i ei primærhelseteneste under tvangen av ei friabortlov. Framlegget er eit slag mot primærhelsetenesta, eit slag under beltet.

Eg vonar i det lengste på at ein av tingmennene på venstresida vil sjå det som ei oppgåve og fri oss frå denne lova.

Distriktslækjar 
Audun Storaas.

Publisert i Dagen 
tirsdag 30. mai 1978