Norsk folkestyre og Ja-sidas EU-lyst

Noreg er ein av verdas største energinasjonar. Nasjonal kontroll over vasskrafta både har vore og er avgjerande for å byggje opp norsk industri, landets velstand og folkestyrd fordeling av velstanden.

Regjeringa har lagt fram forslag til behandling i Stortinget 18. mars om å innlemme Noreg i EUs energibyrå/ACER. Forslaget har stor betydning for framtida for norsk næringsliv og for vanlege forbrukarar.

Det er eit stort ansvar som kviler på den enkelte stortingsrepresentant den 18. mars. Nei til EU advarar sterkt mot å stemme ja til regjeringa sitt forslag av følgjande grunnar:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

1. Kva er EUs energibyrå/ACER? ACER har som oppgåve å vedta, utøve og overvake nasjonale reguleringsstyresmakter og systemoperatørar i alle land som er tilslutta. Det omfattar elektrisitet, gass og grensekryssande krafthandel. Formålet er å sikre atEUs regelverk for elektrisitets- og gassmarknad vert gjennomført. ACER opnar forfri flytav kraft innad mellom alle land som er tilslutta og byrået kan gripe inn i alle tilfelle der nasjonale tiltak virkarkonkurranse-hemmande – det vil seie bryt med EØS-reglane om «fri flyt». ACER skal avgjere kva veg straumen skal gå i kablane og overføringskapasiteten mellom landa.

2. Forsikring frå regjeringa. Regjeringa seier at norsk innlemming i ACER ikkje medfører overføring av styringsmakt etter Grunnlova §115 som gir Stortinget høve til å overføre makt til internasjonale organisasjonar der Noreg er medlemdersom det er tre fjerdedels fleirtal for det. Regjeringa opplyser at §115 ikkje er berørt fordi vedtak frå ACER via ESA skal vere retta mot nasjonale styresmakter (NVE), og ikkje private, og at vedtak i ACER «kun skal ha en alminnelig folkerettslig virkning for Norge». Regjeringa vil etablere einny Reguleringsmyndigheit for energi (RME) som ESA, EU og ACER skal forhalde seg til. Dette RME skal vereuavhengig av norsk politisk kontroll. ACER gjer vedtak, sender til ESA som skal gjere same vedtak, sender til norske RME, som er bunde til å gjere same vedtak. På denne måten lagar regjeringa ei transportrutesomomgår norsk politisk kontroll.

3. Forsikring frå Ja-sida. Også Ja-til-EU-mannen, Aps Espen Barth Eide, saksordføraren i Stortinget, omgår spørsmål om suverenitetsavståing. Han foreslår å «stille krav». Men motstandarane i Ap somkan saka, peikar på at hans forsøkforledar: Hans krav om fortsatt eigarskap til norsk olje, gass og vasskraft er overflødig fordi ACER-sakaikkje gjeld eigedomsrett, men sjølvråderett, det vil seie retten til suverent sjølv å bestemme kva norsk kraft skalbrukast til. Norske styresmakter harikkje politisk styring når den blir utøvd via REM etter pålegg fra ESA og ACER.

Olje- og energiminister, Søviknes, omgår også Grunnlova §115 og seier Noreg beheld full nasjonal kontroll fordi «ACER vil kun avgjøre i spørsmål der det det er tvister mellom land» (Klassekampen, 26.01.2018), så at ein kan ta det med ro så lenge Noreg er einig med EU. Hans forsikring er oppfatta som forsøk på «alternative fakta» og som rein omskriving av fakta.

4. Overføring av norsk styringsmakt. For den som ønskjer klar tale, er det avgjerande å lytte til landets fremste juridiske ekspertise, eksempelvis jussprofessorane Eivind Smith og Hans Petter Graver, som begge advarar mot regjeringasomgåing av Grunnlova §115. Smith opplyser at eit organ som RME er einny type juridisk konstruksjon som ikkje tidlegare er kjent i norsk forvalting. Det skal vere uavhengig av politisk styring på eit vis som ikkje gjeld for noko anna uavhengig organ i forvaltinga. Noreg kan ikkje slutte seg til byrå av typen ACER med mindre Stortinget gjer vedtak etter Grunnlova §115, som krev tre fjerdedels fleirtal.

Likeeins peikar landets fremste juridiske ekspertise på at Ja-mannen Barth Eides krav for å blidgjere innad i Apikkje er muleg å innfri, fordi norsk særordning vil utløyse tilsvarande eller andre krav frå Sverige, Finland, og så vidare. Uforpliktende utsagn frå EU-parlamentarikarar kan formulerast men kanikkje bli juridisk bindande for dagens eller framtidas EU. ACER vedtar regler og overvakar at straumen flyt etter marknadsomsyn utan nasjonale omsyn. EUs konkurranse­regler sler inn somforbyr å forfordele enkeltland.

Likeeins seier energiprofessor, Øystein Nordeng, at tilknyting til ACER er ingen god idé. Gjennom ACER kan EU tilta seg styringsmakt over maksimums- og minimumsprisar, produksjonsvolum og seinare nye inngrep. EU har serleg behov for norsk vasskraft. Noreg si interesse er å handle medheile Europa, inkludert Storbritannia.

I klartekst betyr dette at regjeringas forslag medfører overføring av makt og kontroll bort frå norske styresmakter. Tilslutting til ACER gjennom ESA og RME er eit stig for å skaffe EU kontroll over infrastruktur, kablar og overføring, ikkje ved å eige, men ved åkontrollerebruk

Artikkelen fortsetter under annonsen.

5. Noreg er ein av verdas største energinasjonar. Nasjonal kontroll over vasskrafta bådehar vore og er avgjerande for å byggje opp norsk industri, landets velstand og folkestyrd fordeling av velstanden. Konsekvensen av å slutte seg til EUs energibyrå er alvorleg og tosidig: Det endrar rammene for norsk kraftintensiv industri som er bygd på stabil energitilførsel i form av stabilt gunstige kraftprisar. I Noreg utgjer dette meir enn 15.000 arbeidsplassar med i tillegg rundt rekna fire jobbar relatert til kvar enkelt av desse. Mange erhjørnesteinsbedrifter i mindre byar og tettstader. Verdiskapinga var på 223 milliarder kroner i 2016. I Nord-Norge er dette oppimot 3000 arbeidsplassar, og for Vestlandet oppimot 1500 arbeidsplassar ikvart fylke (Statistisk Sentralbyrå, 2017).

Å slutte seg til ACER gir endra konkurransevilkår for denne industrien fordi det medfører overføring av dyrare straum frå EU, som i tillegg er basert på kol og atomkraft. Difor advarar Fagforbundet «Industri og Energi» (LO) med 60.000 medlemar, mot norsk tilslutting til ACER. I tillegg får tilslutting konsekvens for vanleg forbrukar med høgare prisar på straum og nettleige regulert av EUs marknads­reglar.

6. Vilje til folkestyre. Demokrati og folkestyre er ikkje vunne ein gong for alle. Det må vaktast og kjempast for i no-tid. No gjeld det vår tid, våre verdiar og vår plikt til å stå vakt - denne gongen over råderetten overbruken av vår viktigste naturressurs, som er avgjerande for landets velstand og industri og for den folkestyrde fordelinga som serpregar vårt land. Det er å håpe at stortingsrepresentantar frå alle parti vaktar landets folkestyre den 18. mars.