Når Putin driv krig med kyrkjeleg støtte

Vladimir Putin brukar kampen mot ekstremisme som orsaking for å ramma trusfridommen. Han gjer det med ortodoks kyrkjestøtte. Den same høgst problematiske støtta har han når han bombar både opprørarar og sivile i Syria.

Søndag blir Vladimir Putin attvald som russisk president for nye seks år. Den russisk-ortodokse patriarken Kirill har vore ein nær alliert av Putin sidan Putin kom tilbake til presidentmakta i 2012. Putin kviler seg på Den russiske ortodokse kyrkja når han byggjer staten. Patriark Kirill oppmodar sterkt folk om å delta i valet. Bak oppmodinga ligg det ei klar støtte til Putin. Kirill kalla nyleg Putins maktæra i Russland for «eit Guds mirakel». Det er heller ingen teikn til at patriark Kirill gjer det minste for å utfordra Putin i noko vesentleg spørsmål. Tvert imot.

Putins regime har innsnevra trusfridommen i Russland utan protestar frå Den russisk-ortodokse kyrkja. Prost Trond Bakkevig uttrykte det slik i eit intervju med Magasinet Stefanus før jul: «Kirken har vendt tilbake til sin kristelige nasjonalisme fra før revolusjonen i 1917 – da tett knyttet til tsaren, nå til Putin som ser seg som en ny tsar. Den russisk-ortodokse kirken ser på minoriteter nærmest som ugress.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I 2016 godkjende Dumaen i Russland ei anti-misjonslov. Lova skulle opphavleg vera ei lov som skulle nedkjempa terrorisme. Men den enda opp med å kriminalisera «misjon» på ein måte som gjer at alle private religiøse ytringar som ikkje er godkjende av staten, i prinsippet kan straffast.

Bønemøter i private heimar, oppslag om bønetider på nettsida til eit trussamfunn og foredrag om yoga: alt dette er av Vladimir Putins politi vurdert å vera i strid med den snart to år gamle lova. I minst eitt kjent tilfelle er biblar blitt beslaglade fordi kyrkjelyden som delte dei ut, ikkje hadde merka dei med namn.

Frelsesarmeen i Vladivostok slapp så vidt unna den same straffa fordi Moskva-patriarkatet til Den russisk-ortodokse kyrkja for ein gongs skuld greip inn – til fordel for Frelsesarmeen i ankesaka. Ingen religiøs minoritet, verken muslimsk eller kristen, kan venta støtte frå Patriarkatet i Moskva.

Lova forbyr «misjonsverksemd» utan skriftleg løyve frå ein offisielt anerkjend religiøs organisasjon. Dei vage og omfattande formuleringane gjer det nærast uråd for elles lovlydige borgarar å vita kva som er lov eller ikkje. Lovendringane tek frå menneske den grunnlovsfesta retten til religionsutøving og bryt Russlands internasjonale menneskerettsplikter.

Det første året med denne lova, frå sommaren 2016 til i fjor sommar, vart det reist straffesak mot 133 enkeltmenneske og 53 trussamfunn. I 138 dommar vart 15 trussamfunn ramma, alt frå pinsevener og baptistar til muslimar og Hare krishna. I fjor sommar blei Jehovas Vitne totalforbode. Forum 18 Newsservice rapporterer at ei rad regionale ministerium i vinter er i full gang med å selja unna eigedom og eigendelar som er konfiskert frå Jehovas Vitne. Og det er meldt om fleire tilfelle der medlemmar av Jehovas Vitne som av samvitsgrunnar vil nekta militærteneste, vert nekta å utføra sivilteneste i staden.

Tilstramminga mot trusfridommen skjer altså under dekke av kampen mot ekstremisme. I den russiske republikken Dagestan blir fleire muslimar i desse dagar stilte for retten med fare for ti års fengsel, melder Forum 18. Årsak: Dei har hatt studiegrupper over skrifter av den avdøde tyrkiske teologen Said Nursi – som ville fornya islam ved mellom anna ville sameina Koranen og moderne vitskap.

Russland har opplevd dystre frukter av islamsk ekstremisme. Difor fell det i god jord på heimebane å demma opp for radikal islam blant Russlands 20 millionar muslimar, hovudsakleg i det sørlege Russland. Men innsatsen rammar altså langt fleire enn ekstremistar. Og tilstramminga rammar menneske innan mange religiøse retningar, også kristne minoritetar.

Den russiske ortodokse kyrkja står også bak Putin når han har sett bombeflya inn på president Assad si side i krigen i Syria. Forholdet mellom kyrkje og diktatur er komplisert. Dilemmaet i Midtausten var lenge – også i Syria – at eit diktatur eller autoritært regime gav dei kristne det beste vernet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men i 2011 valde president Assad i Syria å ikkje gje ei flik av konsesjonar då det første ikkje-valdelege opprøret starta. Tvert imot slo han med blodig hand ned på alle protestar. Vi er alle forferda over terrorgrupper som IS og al-Qaida. Dei har stått bak ufattelege og godt dokumenterte overgrep og krigsbrotsverk. Det var svært viktig å stoppa desse.

Men som Jon Nordenson påpeikar i boka «Fra opprør til kaos. Midtøsten etter den arabiske våren»: Dei langt fleste som er drepne i Syria, er drepne av regimet og deira allierte. Syria og Russland har til dømes ikkje brydd seg om å verna sivile i kampen om Aust-Ghouta. Assad-regimet er ansvarleg for grove krigsbrotsverk.

Russland har sett det som avgjerande for eigen tryggleik å halda Assad ved makta og opprørsgruppene unna sine eigne grenser. At denne kampen også har vore ført for å svekka USAs rolle i Midtausten er like tydeleg. Ass. professor Michael Sharnoff skriv i Wahington Post: «Difor brukar Russland alle mogelege våpen i kampen, inkludert propaganda i russiske media og Den russisk-ortodokse kyrkja.» Til telegrambyrået Tass sa patriark Kirill i januar at dei russiske flystyrkane verna kristne minoritetar i Syria.

Propagandaen for kampen mot terrorismen har også ei religiøse side, skriv Sharnoff. Den russisk-ortodokse kyrkja er med på å framstella kampen som del av ein global heilag krig som utnyttar den skuffelsen og frykta som kristne i Vesten føler fordi dei meiner leiarane deira ikkje gjer nok for å nedkjempa IS og Al-Qaida og verna kristne minoritetar i Syria.

Men Putins styrkar har hjelpt Assad til å slå ned på langt fleire enn IS og Al-Qaida. Slik det no ser ut, syter Putin for at mannen som utløyste eit så langt sju års syrisk helvete, blir sitjande. Kva rom det blir for kristne og andre minoritetar etter at krigen ein dag er over, er ikkje godt å seia. Det Syria som måtte stå opp frå den blodige krigen, er eit heilt anna Syria enn det landet var før 2011. Flyktningar som har søkt vern i Libanon og er blitt bedne om å dra tilbake, har prøvd. Mange vender tilbake til Libanon igjen fordi heimstaden i Syria var uleveleg.

Russlands har gitt blodig støtte til Assads målretta krigsmaskin. Det er grunn til å frykta at omsynet til kristne minoritetar er eit vikarierande omsyn under blodig storpolitikk. Ingen propaganda eller kyrkjestøtte kan dekkja over dette. Putin brukar rå middel for å nå sine mål, både på heimebane og i Midtausten.