Lov om trus og livssynssamsunn – kommentar til departementet sitt utkast

Utkast til ny trussamfunnslov er på høyring fram til nyttår. Det er eit svært viktig dokument som vedkjem heile det norske samfunnet.

Det er å håpa at alle som skriv høyringssvar er medvitne om kva hatt dei har på.

Politikarar bør ikkje ta inn sine kyrkjepolitiske meiningar ut frå «sitt» eige trussamfunn. Dei bør heller vera prinsipielle ut frå politisk respekt for trus- og livssynssamfunn sin integritet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Alle som uttalar seg på vegne av kyrkjelege råd og embeter bør også markera «kyrkja» sitt sjølvstende og ikkje la seg freista til å prøva å putta inn sine ønske i «statslova».

Overfor trus- og livssynssamfunn utafor Den norske kyrkja bør vi alle markera at staten bør lytta til deira råd, før staten konkluderer om storleik for registrering, finansiering med meir. Det er klok prinsipiell ­tenking.

Forankringa er den nye paragraf 16 i Grunnlova om Den norske kyrkja som landet si landsdekkande folkekyrkje og «likebehandlinga» av alle trus- og livssynssamfunn.

Departementet fortener stor ros for prinsipiell tilnærming om å føreslå ei rammelov utan (for mykje) innblanding i indre kyrkjelege spørsmål. I så måte meiner eg departementet driv nødvendig vaksenopplæring overfor ein del kyrkjelege instansar som har ytra seg for å få «sine» moment inn i staten si lov.

Dei indre kyrkjelege momenta – organisering med meir høyrer tydeleg med i neste runde når «kyrkja sjølv» skal legga fram forslag om si innhaldsmessige lovgjeving. I så måte har biskop emeritus Andreas Aarflot heilt rett i sin artikkel i Vårt Land 20.11. d.å.

Sjølv om Aarflot og eg ikkje alltid har gått i to-spann i alle kyrkjelege spørsmål, står vi her saman om prinsipiell tilnærming om staten si rolle. Det er å håpa at regjeringa og i neste omgang dei politiske partia i Stortinget held fast på at staten si lov skal vera ei kort rammelov, og ikkje trø over streken til innhaldet.

Eg håpar også at høyringa støttar opp om dette, og ikkje fell for freistinga til å mala eiga kake med å forsøka å få «sitt» inn i statslova. At soknerådet som kyrkjedemokratisk folkevalgt organ representerer soknet, er også prinsipielt ryddig og hindrar tautrekking mellom fleire.

At vi i utviklinga av kyrkja si eiga lovgjeving har bruk for å leggja til rette for kommunale eller til dømes prostivise samarbeidsorgan kjem ein sjølvsagt tilbake til når den tid kjem. Poenget nå er at dette ikkje skal vera staten sitt bord. Det ville også gripa inn i trussamfunnet sin prinsipielle organisasjonsfridom.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Rasjonaliseringsbehovet er stort i kyrkja når det gjeld administrasjon og organ. Redaktør Magne Lerø tok med rette opp dette i sitt foredrag i Bergen nyleg. Konklusjonen må bli at mest mogeleg ressursar kjem ut til lokalplanet og kan nyttast av soknerådet i sitt store ansvar for verksemdsplanen i den enkelte menigheit. At vi på sikt også har behov for soknerasjonalisering i dagens samfunn finn eg heilt sannsynleg.

Departementet har altså ein klar prinsipiell innfallsvinkel. Dessverre lever dei ikkje heilt opp til prinsippet på alle plan. Skal kanskje ikkje skulda departementet åleine for dette. Dei har truleg berre vist respekt for Stortinget sitt tidlegare kompromiss om opphevinga av statskyrkja.

Eit slikt døme er kravet om kyrkjelege val samtidig med offentlege val. Dette bør prinsipielt ut av lova, og overlatast til trussamfunnet sjølv. Det vil også vera i betre samsvar med internasjonale rettar om trusfridom. Her er eg samd med Stålsetutvalet sitt klare votum.

Gravferdsforvaltninga føreslås vidareført i kyrkjeleg regi. Prinsipielt kunne nok dette skje motsett. Men eg vil nok hevda at Dnk sin måte å handtera dette på, viser at ein har høg kompetanse og gjer det svært klokt og inkluderande for alle.

Det eg synest er prinsipiell blanding av korta er om det er fylkesmannen som einerådande kan overføra til kommunen utan at kyrkjelege organ ein gong blir nemnde som premissleverandør.

Kravet om 500 medlemmer for registrert samfunn er heller ikkje prinsipielt klokt i samsvar med retten til å organisera seg. Forslag om samarbeid mellom fleire for å oppnå talet, vitnar om manglande prinsipiell forståing for trus- og livssynsfridom og den integritet som alle har krav på. Sjølv ville eg helst senka talet til 50 (Stålsetutvalet nemnde 100, og kan vera godt kompromiss) om lova i det heile skal ha eit tall.

Forslaget slår fast at både soknet og trussamfunnet Den norske kyrkja skal vera rettssubjekt. Eg er heilt samd med dette, og at soknerådet er soknet sitt styrande organ. Men som landsdekkande demokratisk folkekyrkje treng soknet meir kjøt på beina som rettssubjekt.

Reint prinsipielt kunne ein hevda at også soknet si plassering er indre tema i trussamfunnet. Men sidan Grunnlova nettopp slår fast at Dnk skal vera landet si landsdekkande folkekyrkje, vil eg hevda at ein må styrka soknet i statslova og gje soknet og soknerådet større prinsipiell rettskraft enn det som er antyda i lovforslaget så langt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg reknar med at Stortinget til slutt vil sjå på denne sida og motverka den sterke sentraliseringsmistanken som blir registrert på dette feltet. Eg seier ikkje dette for å mistenkeleggjera Kyrkjemøtet sin status.

I denne samanhengen må vi plassera kyrkjemøtet som trussamfunnet sitt øvste organ, og ikkje blanda inn usemje om medlemmene sitt teologiske votum i enkeltsaker.

I finansieringsspørsmålet har Departementet lagt fram to forslag – som nå med statleg og kommunal finansiering – eller berre statleg finansiering. Departementet legg fram oversiktlege argument for begge løysingane.

Redaktør Mange Lerø har lagt fram kloke og sterke vurderingar for statleg finansiering som «gåvepakke» til Dnk. I tillegg vil eg peika på at kyrkja sin offentlege funksjon kan gi mest bonus ved at ein framleis også har relasjon til sin lokale kommune.

Eit av mine argument for å få finansieringa bort frå kommunenivået er tendensen ein kan ana at fellesrådsleiingar brukar for mykje energi på å pleia positiv dialog med kommunen og er tilbakehalden med kyrkja sin verdikritiske funksjon.

Kanskje kan det skjelast mellom gravplasstenesta, kyrkjebygga og generell kyrkjeleg verksemd. Her har Gjønnesutvalget frå 2006 gode vurderingar og konkrete forslag som bør vurderast grundig nå.

Ser at biskop Nordhaug er inne på same spor som meg i denne saka. Jfr VL 4.12 og min artikkel i BT same dag. I alle fall vil eg meina at Opplysningsvesenets fond (OF) blir trekt inn og at Stortinget konkluderer med at det er kyrkjeleg eigedom!

Forresten – meiner ein at fondet har mykje pengar, må det kallast smular samanlikna med det kongemakt og stat i si tid tok frå kyrkja!