KRF: Eg har den tillit til våre tillitsvalde at dei framleis vil stå oppreist og kjempe for livet, frå unfanginga til den naturlege død. Eg finn ikkje noko anna parti som står for mitt syn her, skriv Kjell Furnes.

Kva for alternativ har eg?

Det har vore både smertefullt og urovekkjande å følgje med i media for det som gjeld dagens situasjon i KrF.

Eg har vore medlem av partiet i ca. 60 år. Eg har brukt ca. 30 år av mitt liv i teneste for partiet, både som varaordførar, ordførar, fylkesordførar og stortingsrepresentant.

Gjennom dette arbeidet har eg vore takksam og trygg for at eg har fått vore med og bore fram ein nasjonal verdi forankra i vår kristne arv.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Lat meg få merke at eg ikkje opplever det greitt det som har skjedd i partiet i den siste tida. Men så kjem spørsmålet: Kva for realistisk alternativ har eg? Etter å ha tenkt på det både natt og dag er eg roleg for dette: KrF er framleis mitt politiske parti. Kvifor det? Jau, det er det partiet som framleis vil kjempe for det som for meg har vore eit hjartebarn.

Eg tenkje mellom anna på alt det som vi kan ramme innanfor «livsrett og menneskeverd» Vi kan i desse dagar sjå at ungdomspartia både i Frp, Ap og Venstre vil utvide drastisk grensa for fri abort. Det fortel litt om kva vi kan vente oss dersom desse får ei hand på rattet.

Eg har den tillit til våre tillitsvalde at dei framleis vil stå oppreist og kjempe for livet, frå unfanginga til den naturlege død. Eg finn ikkje noko anna parti som står for mitt syn her. Eg vonar også at KrF framleis vil kjempe for å styrke kristendomsopplæringa i norsk skule.

Eg veit at det er kan vere «lett å styre landet» frå ei øy på sunnmørskysten. Den grå kvardag på Stortinget blir noko anna. Men kvar dag løfter eg fram våre kristne politikarar for nådens trone i bønn til Gud. Må dei få nåde til å styre med visdom og ansvar.

Vi ser at destruktive krefter gjer seg gjeldande med eit forrykande tempo og angriper det som har vore det norske folk sitt samfunnsfundament i århundre. Eit ateistisk livssyn dersom det får makta vil føre folket ut på ei åndeleg hengemyr. I mange hundre år var kristen tru og moral innplanta i den vestlege sivilisasjonen.

Den siste generasjons utvikling har gitt vårt folk ein sekulær kultur. Eg vonar og trur at KrF framleis vil vere ei motstraumskraft til denne utviklinga. Ut frå min ståstad ser eg ikkje noko betre alternativ enn at KrF framleis får stå i tida sin malstraum og påverke samfunnsutviklinga etter våre velprøvde kristne normer.

Les også
Menneskeverdet trenger et sterkt KrF
Les også
– Jeg har tenkt dag og natt
Les også
KrF, ekteskapet og Tomas Moltu
Les også
KrFs kulturliberale vending
Les også
Er det rom for verdikonservative i KrF?