KRF: Tenk om KrF kunne samle seg att og kom tilbake på 6–7 prosent nivået, og saman med Sp sine 10–12 prosent, utgjere ei ny sentrumskraft, som både Høgre og Erna samt Ap og Jens må vurdere på nytt, – for å halde Frp og SV/Rødt ute av regjeringskontora? spør Harald Myklebust. På biletet ser vi Frp-leiar Siv Jensen, Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og KrF-leiar Knut Arild Hareide. 
  Foto: Vidar Ruud, NTB scanpix

KrFs sjølvforståing og sideval

torsdag 6. september 2018

Samfunn

Det realpolitiske livet slit sterkt i KrF.

Knut Arild Hareide prøver å finne veg, med solid støtte i styrande organ i KrF. Han brukar ikkje makt, men syner tillit til kvar og ein som utøvar KrFs politikk. Slik må det vere. Korleis han vegleia den som ber om råd, veit berre den som søkjer råd. Stå på, Knut Arild. Tap ikkje motet!

At så ein tillits- og folkevald stortingsrepresentant for KrF handlar på eigenhand og det på ein utfordrande måte i ei sak som partiet prinsipielt vil verne om, at ekteskapet er ei pakt mellom ei kvinne og ein mann, viser at sviktande dømekraft er utført.

Homofil legning og liv, har utfordra vårt klassiske syn på ekteskapet, både i kyrkja og folket. Er ikkje alle skapte i Guds bilete, også med rett til å leve i eit trufast kjærleiksforhold?

Partnarskapslova gav løyve til at samkjønna par kunne få leve i eit forpliktande samliv. Men dette tvinga fram krav om å få kyrkjeleg legitimitet, som igjen førte til ei samkjønna ekteskapslov.

KrF, som det einaste partiet, vil arbeide for å halde opp og fram det livslange ekteskapet mellom mann og kvinne, som det beste for born som vert fødde. For andre familierammer som vert valde, vil ein ha barnet i fokus og verne om deira rettar.

KrF, som det einaste partiet, er imot fri abort, at livet er ukrenkjande frå første stund. Alt påbegynt liv må vernast om og gis livs- og oppvekstvilkår. Men også her er ein i den ufullkomne verda nøydd til å avgrense så langt råd er at liv vert teke bort.

KrF, er det mest restriktive partiet i biogenetiske spørsmål, for å vere tydlege på at sorteringssamfunnet aldri må få fotfeste.

KrF, er det einaste partiet som klart og tydleg seier nei til sjølvvald dødshjelp. Men presset er aukande.

KrF, er tydleg på at asylinstituttet for menneske i naud, må få ein rettskaffen handsaming av søknad om hjelp.

KrF, som eit tydleg sosial-radikalt parti, vil løfte opp og fram dei svake i samfunnet vårt, som sjukestell og arbeidsliv.

KrF, er tydleg på at kristne verdiar skal ha ein sentral plass i KRL-faget, ja, legge tilrette for at også ånds, sjels og kulturliv er ein integrert del i skulekvardagen.

KrF, er i front for den private eigedomsretten, for private alders- og helseinstitusjonar som vert drivne av ideelle organisasjonar, og ikkje minst barnehagar og friskular på alle nivå, men samstundes sikre at dei offentlege institusjonane og skular har optimale arbeidsforhold. Mange fleire saker kunne nemnast.

Til kven skal så KrF gå i regjering for å nå sine mål? Sentrum-Høgre vart ikkje godteke av Erna Solberg, som var godt igang med Frp på laget sitt. Mykje godt har kome med Knut Arild Hareide i den frie stillinga partiet har hatt til no. Framleis er Frp langt frå KrF i mange saker.

At Venstre også er blitt eit problem for KrF i fleire verdispørsmål har kome tydleg fram. Kva så med å nærme seg Sp att mot neste stortingsval?

Tenk om KrF kunne samle seg att og kom tilbake på 6–7 prosent nivået, og saman med Sp sine 10–12 prosent, utgjere ei ny sentrumskraft, som både Høgre og Erna samt Ap og Jens må vurdere på nytt, – for å halde Frp og SV/Rødt ute av regjeringskontora?