MOLTU: Dersom Moltu (biletet) ikkje har anna å fara med enn å klatra på andre, bør han gå stille i dørene. Hans ros til liberalistane i Frp med krenking av menneskeverdet i abort, bioteknologi, bort med sex-kjøpslov, fri sex og alkoholflyt og så vidare i bagasjen, er ikkje føredøme for mange av oss, skriv Karl Johan Hallaråker.

KrF, ekteskapet og Tomas Moltu

Eg har knapt vore meir i tvil om eg skal kommentera eit innlegg i Dagen som det Tomas Moltu skreiv mot KrF her i avisa. Det Moltu skriv fortel mykje om hans moralske standard for politisk argumentasjon.

Eg har knapt vore meir i tvil om eg skal kommentera eit innlegg i Dagen som det Tomas Moltu skreiv mot KrF her i avisa. Her er alt vridd og teke i verste meining. Det fortel mykje om hans moralske standard for politisk argumentasjon. Sidan eg har vore engasjert i KrFs ekteskapssak i ei årrekke, og faktisk medverka til avklaringa på landsmøtet i 2013, skriv eg dette for at ingen skal tru at om ein teier, samtykker ein.

Her svarer Tomas Moltu

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tomas Moltu, som forlet KrF til fordel for eit anna parti og brukar kvar anledning til å trakka på KrF, er faktisk ikkje noko sanningsvitne for KrF sitt syn på ekteskapet eller for den saks skuld andre tema. La meg seia klart: Korkje eg eller andre er lurte av partileiinga.

KrF sitt syn er altså at ekteskapet er reservert nemning for mann og kvinne. Dette er forankra i partiet sitt ideologikapittel med same vern som lovene (2/3 fleirtal). Så er det slik at periodeprogrammet for kvar stortingsperiode fortel om korleis partiet vil aktualisera det prinsipielle synet. Her vil det naturleg nok vera brytningar og debattar. Tidssituasjonen vil spela med. Med utviklinga i folket, Den norske kyrkja og mange frikyrkjer, er det ikkje underleg at her er eit vanskeleg farvatn.

Så har KrF sagt at landet sine lover også må inkludera juridiske ordningar for folk som lever annleis. Dei kan ikkje overlatast til den sterkaste sin rett. Eg går ut frå at det også var Bergens varaordførar (som nå har gått til PDK) si meining då Marita Moltu forsikra at ho som vigselperson ville via samkjønna par.

Det var vel ikkje berre taktisk for å få det godt betalte vervet? Eg støtta henne på hennar premissar, men må samtidig gjera det klart at ut frå mitt prinsipielle syn på ekteskapet som samfunnsordning og i lys av to-regimentslæra, kunne eg ikkje heller borgarleg via samkjønna par. Å praktisera juridiske ordningar er noko anna enn ekteskap.

Den vigsla som nå var utgangspunkt for den siste debatten om KrF og ekteskapet, har to sider – den prinsipielle og den personlege. Det er den siste sida både i dette høvet og elles som gjer at eg formanar til varsame ord i denne saka som er så nær for mange.

Men den prinsipielle sida må vi også halda fram. Den djupe striden om ekteskapet er faktisk om ekteskapet er den grunnleggande samfunnsinstitusjonen mellom mor, far og barn eller berre ei juridisk ordning for den subjektive kjærleiken. Det er her utfordringane ligg. Får ein folk til å tru at ekteskapet berre dreier seg om subjektiv kjærleik (som sjølvsagt er vesentleg), ja, så er det ein totalt annan ekteskapsdefinisjon.

Moltu har også eit underleg sleivspark til lutheranarar i sin lapskaus. I hans samanheng er dette berre vas. Det var vel ikkje lutheranarar som dominerte partiet i hans tid i Bergen KrF, ei heller i dag. Det kan vera greit å minna om at det er frikyrkjelege leiarar som har forsvart partileiinga sitt skilje mellom politikk og teologi. Det har mykje for seg.

Eg kan nemna at eg sjølv alt under debatten om partnarskapslova åtvara KrF folk mot å argumentera mot dette likt på den politiske talarstolen som ein gjer i kyrkje og bedehus. Men totalt skilje held ikkje heilt i denne saka – som i andre saker – har eg skrive før. Som lutheranar og med relasjonen til to-regimentslæra må eg minna om at begge regimenta er Guds regimente.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Som vigselmann seier eg ofte at eg har to hattar på meg – vier som statens representant, ber, forkynner og velsignar som kyrkja sin prest. Difor skulle eg ønskja prinsipielt at denne vigsla ikkje fann stad, utan å legga til signaleffekten og den forvirringa som følgde med. Det at KrF anerkjenner andre sine val, betyr altså ikkje at partiet med det har to ekteskapssyn.

Partiet sitt ekteskapssyn er – for å gjenta det – ekteskapet mellom mann og kvinne, kombinert med juridiske ordningar for andre. Så legg eg til – det som partileiinga til slutt har sagt i etterkant av denne vigsla, trur eg faktisk vil bety at ein blir enno meir medviten om å halda fram partiet sitt grunnleggande ekteskapssyn. Det kan bli noko positivt ut av det negative.

Det er underleg å lesa om Moltu si utlegging om kven som får verv og ikkje i KrF. Hans eiga kone fekk ved sist val partiet sitt høgste verv i Bergen – kandidat til å bli ordførar. Ho forlet diverre partiet og tok vervet frå KrF med seg til eit anna parti. Det er den triste sanninga. Mitt håp er altså at Moltu held seg til sitt vesle parti, så skal vi som av mange grunnar og tema held fast på KrF, ta oss av dette partiet.

Dersom Moltu ikkje har anna å fara med enn å klatra på andre, bør han gå stille i dørene. Hans ros til liberalistane i Frp med krenking av menneskeverdet i abort, bioteknologi, bort med sex-kjøpslov, fri sex og alkoholflyt og så vidare i bagasjen, er ikkje føredøme for mange av oss.

Ekteskapet er viktig pilar i KrF sitt prosjekt, men med menneskeverdet i sentrum for alle politiske saker, står vi i dette partiet saman om vi vurderer enkeltsaker ulikt. Å svekka KrF er å svekka engasjementet for vår djupe kristne arv i folket vårt. Den plassen kan aldri minipartiet til Moltu ta over om han aldri så mykje prøver å sverta oss.

Les også
KrF i keiserens nye klær
Les også
Tidligere biskop Per Arne Dahl har meldt seg inn i KrF
Les også
– Opplever KrF stadig mer delt
Les også
KrF i internt brev: «Forstår usikkerheten som dette har skapt»
Les også
KrF-medlemmer med bryllupsgave til ektepar etter vigselsbråk