NORD-KOREA: Vi må gjera vårt til at sanninga om brutaliteten kjem tydeleg fram slik at Donald Trump kjenner gufset frå leirane. Presset må bli hardt nok på aktørane slik at det blir ein avtale om fjerning av atomvåpen, skriv Johannes Morken. På biletet ser vi Kim Jong-un og Donald Trump. Til venstre Kims syster Kim Yo Jong.

Brutaliteten bak solskinet i Singapore

Solskinshistoria frå Singapore-møtet kan vera starten på ein ny æra. Men i verste fall kan den dekkja over brutaliteten i Nord-Korea. Brotsverka må gå sterkare inn på president Donald Trump som uttalte at det er «røffe forhold» i Nord-Korea, men at det er det også andre stader.

Diskusjonen går høgt om toppmøtet mellom president Donald Trump og den nordkoreanske diktatoren Kim Jong-un var ein flopp eller starten på ein historisk ny æra.

Sant å seia: Vi veit ikkje. Det er lov å sitera Matteus: «Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born.» Men det er ingen grunn til å vera naiv. Her trengst det knallhardt, langvarig og nitid arbeid av dei som har ansvar og ekspertane deira. Av oss andre trengst det bøn, intens påverknad og tydelege appellar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I verste fall kjem verda heller ikkje denne gongen nokon stad.

Avtalen frå Singapore er uforpliktande. At den er taus om menneskerettar i det brutale diktaturet, er urovekkjande. Dette er landet med så mange som kanskje 120 000 fangar i politiske fangeleirar. Av desse er mange kristne, vurderte som dei er som ein fare for regimet.

Gjennom vår partner Helping Hands Korea kjem vi tett på historier om brutaliteten i Nord-Korea. Organisasjonen hjelper flyktningar frå Nord-Korea ut av uverdige kår og ofte overgrep i Kina. Særleg er kvinner ramma. Alternativet til hjelp for å koma i tryggleik, kan vera tvangssending tilbake til dei politiske fangeleirane i Nord-Korea. Der vert kristne frå undergrunnskyrkjene behandla på det mest brutale viset.

FLUKT: Tim A. Peters i Helping Hands Korea forklarar lagnaden til nordkoreanske kvinner på flukt til Kina.

Før toppmøtet skreiv Helping Hands Korea og fleire andre ikkje-statlege organisasjonar i Sør-Korea eit brev til Kim Jong-un. Der minna dei Nord-Koreas leiar om at landet har signert ein serie internasjonale avtalar om menneskerettar.

Nord-Korea har skrive under på konvensjonen om barns rettar, konvensjonen om fjerning av alle former for diskriminering av kvinner, konvensjonen om sivile og politiske rettar og sjølve FN-charteret. Dette forpliktar Nord-Korea til å samarbeida godt med ulike FN-organ, meiner brevskrivarane.

Dei noterer seg at Nord-Korea i 2017 opna for eit høgst avgrensa samarbeid med nokre FN-organ. Men brevskrivarane krev at Nord-Korea trappar kraftig opp samarbeidet med FN og at landet verkeleg tek tak i tilrådingar frå mellom andre FNs menneskerettsråd. Det har Nord-Korea ikkje gjort.

Dessutan krev dei at Nord-Korea skriv under på konvensjonen mot tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling. Det er lett å forstå kvifor Kim Jong-un, som har fulle fengsel og fangeleirar, ikkje har signert denne. Ein konvensjon for å verna alle mot tvungen forsvinning, manglar også Nord-Koreas underskrift. Det er nok av dei, også kristne, som er blitt sperra inne i ein av dei politiske fangeleirane der dei har forsvunne sporlaust. Det er berre å lesa dokumentasjon frå FN og fleire organisasjonar.

Titusenvis er utsette for tvangsarbeid. Brevet frå organisasjonane i Sør-Korea ber Kim Jong-un forby tvangsarbeid.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I 2014 fann ein FN-kommisjon at regimet i Nord-Korea var ansvarleg for brotsverk mot menneskeslekta både i dei politiske fangeleirane og i dei vanlege fengsla. FN-kommisjonen slo fast at Nord-Korea forfølgjer religiøst truande og at regimet går hardt fram mot menneske som har prøvd å flykta frå landet. Brutal er behandling også av som kinesisk politi har tvangssendt tilbake til Nord-Korea der lagnaden er uviss – eller viss – i ein av leirane for politiske fangar.

Dette rammar ikkje minst kvinner som er blitt utsette for menneskehandel i Kina og deretter hardhendt straffa i Nord-Korea dersom dei blir oppdaga.

Under ein sesjon i desember i fjor i FN-komiteen som følgjer opp konvensjonen for fjerning av diskriminering av kvinner, avviste Nord-Korea blankt desse funna.

Brevskrivarane krev at landet må godta funna og slå ned på dei ansvarlege for brotsverk mot menneskeslekta, religiøs forfølging og den brutale behandlinga av menneske som er tekne på flukt.

FN-kommisjonen konkluderte med at internerte og fangar i Nord-Korea blir utsette for drap, mord, slaveri, tortur, umenneskeleg behandling, valdtekter og andre seksuelle valdsovergrep, forsvinning og systematisk forfølging på grunnlag av kjønn, politiske meiningar eller tru.

Brevskrivarane krev at Nord-Korea stoppar forfølginga av mellom andre folk som utøver trua si, set uskuldige fri og slepper FN-representantar og representantar for Den internasjonale raudekrossen inn i landet og inn i fengsla og fangeleirane.

Solskinshistoria frå Singapore-møtet kan vera starten på ein ny æra. Men i verste fall kan den dekkja over brutaliteten i Nord-Korea. Brotsverka må gå sterkare inn på president Donald Trump som uttalte at det er «røffe forhold» i Nord-Korea, men at det er det også andre stader. I rosande ordelag omtalte han dessutan Kim Jong-un som ein «svært talentfull mann».

Vi i Vesten må få frysningar av eit slikt ordval. Vi må gjera vårt til at sanninga om brutaliteten kjem tydeleg fram slik at Donald Trump kjenner gufset frå leirane. Presset må bli hardt nok på aktørane slik at det blir ein avtale om fjerning av atomvåpen. Men avtalen må også utradera fangeleirane og stoppa forfølginga av og drapa på menneske som trur.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Trump: – Atomnedrustning i Nord-Korea begynner snart
Les også
Spent på kristnes situasjon i Nord-Korea etter toppmøte
Les også
– Bortkastet å prøve å forstå seg på Trump
Les også
Dette står på spill i Nord-Korea
Les også
Pompeo: Nord-Korea-sanksjoner heves kun etter fullstendig atomnedrustning