ALKOHOL: I løpet av dei tolv siste åra har antal sjukehusinnleggingar på grunn av alkohol auka med nesten 80 prosent, skriver Per-Arne Lillebø og Johannes Sandstad.  Foto: Lise Åserud, NTB scanpix

Alkohol sender fleire på sjukehus

lørdag 15. juli 2017

Samfunn

Kva gjer vi med det?

Klarer vi å redusere rusmiddel­bruken i Norge, vil vi også få frigjort kapasitet på våre behandlingsinstitusjonar, der alkoholrelaterte skadar utgjer ein altfor stor del av alle innleggingar.

I ­løpet av dei tolv siste åra har antal sjukehusinnleggingar på grunn av alkohol auka med nesten 80 prosent. Bør ikkje ei slik utvikling få ein til å tenkje ut over eiga såkalla «nyting», og få oss til å vere meir solidariske med dei som difor må vente lenger i sjukehuskø for andre plager?

Les også:

Likevel opplever vi eit ramaskrik i ulike media frå alkoholbrukarar, kvar gong nokon kjem med forslag om å avgrense tilgangen eller auke prisen.

Sjølv om slike tiltak viser seg å ha effekt, så blir skremslene frå brukarane om auka smugling, auka taxfree- og svenskehandel så sterk, at myndigheitene oftast vel å «bøye av».

Ja, dei vel jamvel å auke tilgangen og produktmengda, ved mellom anna å legge til rette for fleire pol i distrikta og fleire lokale alkohol­produsentar. Dette trass i at vi veit at auka tilgang gir auka forbruk. Forstå det den som kan …!

Det virkar som om i restriktiv alkoholpolitikk er noko som dei fleste politiske parti unngår å «fronte», av frykt for å miste stemmer ved val. Bør ikkje parti­medlemene lage sine helse­program ut frå forsking og ny kunnskap om bruk av rusmiddel i samfunnet, og ikkje berre la frykt for å miste veljarar styre real­politikken?

Redsla for å gjennomføre såkalla upopulære endringar på nettopp dette feltet er i dag så stor, at det over tid vil vere øydeleggande for samfunnet. Politikarane klarer å einast om å redusere røyking og klimaforureining ut frå forsking og ny kunnskap, men noko tilsvarande om alkoholbruken, klarer dei altså ikkje.

Dette viser berre kva for makt «kong alkohol» har i samfunnet i dag, og kor vanskeleg det vil bli å ta tak i drikkekulturen i åra som kjem. Men, dersom politikarane ikkje tar tak i dette nå, medan problemet framleis er handterbart, så vil dei kunne oppleve å måtte gå mykje meir dramatisk til verks i framtida.

Samfunnet har ikkje uavgrensa økonomiske midlar å setje inn, og sjukehusa rundt om i landet får stadig strammare budsjett.

Med slike framtidsutsikter, har ein kvar borgar plikt til å vere med på å minske «sjølvpålagde» alkoholrelaterte helseplager, slik at samfunnet kan bruke sine avgrensa ressursar på alle dei som treng hjelp av andre grunnar.

Les også:

Når vi for eksempel veit at ein av tre sjukehussenger er opptatt av pasientar med alkoholrelaterte plager, så meiner vi at det er usolidarisk å ikkje gjere noko med det.

Tenk på kor mange «uskuldige» som blir ståande mykje lenger i sjukehuskø, og med det blir utsett for unødvendige lidingar som ei følgje av dette!

Stort sett alle er i dag einige om at kampen mot bruk av tobakk har vore vellukka, og i åra som kjem vil neste kamp måtte rettast mot alkoholkulturen, som ei følgje av at skadeverknadene både samfunnsmessig og menneskeleg blir meir og meir tydelege.

I tillegg kjem dei økonomiske kostnadene av nordmenn sin alkoholbruk. Desse er estimert til 22 milliardar kroner. Då er kostnader for helse- og sosialvesenet, for arbeidslivet, tap i form av ulukker samt kriminalitet, inkludert.

Dei faktiske kostnadene knytt til alkoholbruk er altså betydelege. Og, alle følgjer kan dessutan ikkje målast i kroner. Folk opplever smerte, liding, sorg og tap av livskvalitet, noko som ikkje er tatt med i kostnadsrekneskapen.

Det rammar både personar med rusproblem, familie, vener og kollegaer.

Bør ikkje dette vere noko til etter­tanke?

Bør ikkje partimedlemene lage sine helseprogram ut frå forsking og ny kunnskap om bruk av rusmiddel i samfunnet, og ikkje berre la frykt for å miste veljarar styre realpolitikken?