UNDRING: Eg kan berre leggja til undring over at Yasir Arafat blei æra med fredspris av den norske nobelkomiteen i 1994, skriv Karl Johan Hallaråker. Her er Arafat (til venstre) under tildelinga i Oslo. «Hvis kunnskap er makt, og dersom løgner kan bekjempes, er denne boken et lite bidrag til det.» Sitatet er frå slutten av etterordet. Ja, la oss håpa, skriv Hallaråker vidare.  Foto: Illustrasjonsfoto: Menahem Kahana, AFP Photo/NTB Scanpix

Irriterande sant om løgn

mandag 28. desember 2015

Samfunn

Eg skulle ønskja at denne boka blir 
studert både av politikarar, politiske redaktørar og journalistar. Det vil ikkje skada om den også gjekk inn i litteraturen i fleire studier. Her er tema nok til fleire torsdagsdebattar i NRK TV
– om ein tørr?

Forfatter: Ben-Dror Yemini. Utgiver i Norge: Med Israel for fred (MIFF).

Denne boka har eg venta på lenge. Alle venner av Israel og det jødiske folk spør seg ofte korleis kan all propaganda mot jødar og Israel få eit faktabasert gjensvar?

 Nå er boka her. Boka har ingen løynd agenda. Ope er siktemålet å gje eit korrektiv til det falske biletet av Israel som ein møter mykje både i opinion, media og akademia.

Så må eg straks koma med ei tilståing. Eg har knapt streva meir med å skriva ein bokomtale enn om denne.

Årsaka er ganske enkel: Boka sine 21 kapitler og etterord – på heile 463 sider – er så tettpakka at utveljing til ein bokomtale, vanskeleg kan yta rettferd.

Difor aller først: Denne boka må lesast. Her er kunnskap og dokumentasjon i lange banar for dei fleste område av Midtausten debatten og kritikken mot Israel.

Forfattaren er Ben-Dror Yemini, ein israelsk journalist med fagkunnskap frå historie, samfunnsfag og juss. Familien hans kom som flyktningar frå Jemen til Israel.

FNs delingsvedtak

Boka er på mange måtar oppdatert til nyare tid, men FN sitt delingsvedtak 1947, hendingane som så skjedde, og heile den historiske samanhengen er via størst plass.

Her får vi tydeleg forklaring og undring over at Israel sin situasjon alltid blir forklart negativt. Forfattaren er ikkje oppteken av å orsaka israelske styresmakter og deira handlingar. Poenget er meir å tilbakevisa falske skuldingar og setja Israel-palestinaproblemet i proporsjonalt forhold til andre konfliktar.

Med ei slik samanlikning kjem sanneleg ikkje Israel dårlegast ut – om ein vurder med litt upartiske augo. Forfattaren understrekar (i etterordet) at han ikkje meiner at ein urett rettferdiggjer ein annan. Israelske urettar kan ikkje legitimerast fordi andre også gjer det.

Poenget han prøver å få fram er dette «at en passende normativ standard som gjelder i en gitt tidsperiode, må gjelde for alle hendelser som skjedde, innen denne tidsperioden».

Legenden om nakbaen

«Nakba» = katastrofe er det arabiske uttrykket som blir brukt om det palestinarane opplevde i 1948 då Israel blei jødisk stat og mange palestinarar måtte forlata sine heimar og område.

Homogenisering tyder å samla mest mogeleg etnisk einsarta folk. Forfattaren dokumenterer at det som skjedde mellom jødar og palestinarar, er ikkje ei eineståande hending.

Medan palestinarane har fått status som vedvarande flyktningar, har mange andre grupper opplevd liknande og blitt integrerte i sine nye samanhengar. Det hendte med muslimar i Bulgaria på slutten av 1980-tallet. 300.000 blei flytta til Tyrkia.

Yemini spør retorisk: Har desse og andre fått eigen FN-organisasjon, flyktningleirar og lang rekke av støtteresolusjonar med fordøming av Bulgaria slik Israel opplever.

Vidare tek han for seg forflytningane på Balkan, situasjonen i Ukraina, Polen og ikkje minst tyskarane i Aust Europa etter Potsdam-konferansen i 1945.

Som om dette ikkje er nok dokumentasjon, tek han føre seg India/Pakistan, Armenia/Aserbajdsjan, Abkhasia/Georgia, Sudan, Kypros.

Det er ikkje lett å forstå at særbehandlinga av palestinarane og negativ særbehandling av Israel kan kallast rettferdig. Palestinarane er dei einaste som har fått eigen definisjon av kven ein flyktning er. (UNRWA, jfr FN resolusjon 302 1949.) Vanlegvis er det dei som flykta. Til dei palestinske flyktningane høyrer også alle etterkomarane med. Forstå det den som kan.

Eit moment til her: Det er ikkje Israel, men dei arabiske statane og palestinarane sjølve som har motsett seg oppretting av palestinsk stat. Det var tilfelle i 1948, då dei heller valde å gå til krig enn følgja FN vedtaket.

Seinare har dei følgd i same spor. Jamfør Arafats nei på Camp David. Forfattaren minner også om Peel-kommisjonen som blei oppretta som følge av det arabiske opprøret i Palestina i 1936. Dei konkluderte med at det ville vera umogeleg å halda på freden med to så ulike folkegrupper. Difor var to separate statar med etnisk homogenitet nødvendig (i samsvar med dåtidas standard.)

Flyktningspørsmålet

Yemini brukar ein god del spalteplass på flyktningspørsmålet. Han dokumenterer gong på gong at palestinarane og arabiske land opprettheld problemet som eit verkande sår mot Israel, og knyter det reelt til å overta heile landet. Israel skal bort, og noko som legitimerer staten Israel som jødisk stat kan ikkje aksepterast.

Med tilvisning til Israels Uavhengighetserklæring 1948 der alle borgarar blei sikra statsborgarskap, fulle rettar og representativ deltaking i styrande organ, konkluderer forfattaren slik: «Flyktningspørsmålet ville ikke ha eksistert uten en full arabisk motstand mot opprettelsen av en palestinsk stat innen 1947-grensen.» (FNs delingsplan). I staden gjekk dei til krig 15. mai 1948.

Ikkje berre Israel

Spørsmålet om «Retten til retur» for palestinske flyktningar er via god spalteplass i fleire kapitler. Isolert sett bit mange på propagandaen om rettferd for lidande menneske.

Det siste skal sjølvsagt ikkje fornektast. Å måtta flykta frå sine heimar og bustadområde dei har hatt i generasjonar, er ikkje berre lysteleg. Men forfattaren sitt poeng er at dette fenomenet er ikkje noko heilt særeige for palestinarar. Dersom ein skulle gjennomføra «alle sin retur», ville mange land kollapsa, falla frå kvarandre og føra til store konfliktar.

Yemini dokumenterer med mange døme. Han underkjenner ikkje problemet, men er oppteken av uretten om berre Israel og jødane blir peika ut som dei skuldige. Føremålet er tydeleg slik Egypts president Nasser sa til ei sveitsisk avis i 1961:

«Dersom flyktningene returnerer til Israel, vil Israel opphøre å eksistere.» Dette fortel vel meir enn mykje anna kva som er det eigentlege føremålet med å halda på flyktningproblemet. «Nakbaen var dermed ikke et resultat av fordrivingen, men av den pågående elendigheten som de arabiske landene utsatte palestinerne for, og som gjorde at et sår som kunne grodd, ble til en kronisk verkende skade.»

Minimalt

Folkemordet som ikkje skjedde er overskrifta for kapittel ni. Bakgrunnen er alle skuldingane om at Israel står for folkemord i konflikten med palestinarane og muslimane.

Forfattaren nektar ikkje for at Israel også har ansvar for drap på uskuldige. Men også her må proporsjonalitet og samanlikning med andre konfliktar takast med i vurderingane. Fleire titals millionar har blitt drepne i konfliktar etter andre verdskrigen, meir enn ti millionar av desse i den arabiske og muslimske verda.

Samanlikna med andre er faktisk Israels «bidrag» minimalt, dokumenterer forfattaren. «Relativt til befolkningsstørrelsen har flere palestinere dødd i trafikkulykker enn i voldelige sammenstøt med Israel.»

«Brorparten av de arabiske tapene i konflikten mellom Israel og araberlandene har skjedd som følge av kriger satt i gang av arabere, som del av deres motvilje mot å godta FNs delingsplan eller mot Israels rett til å eksistere som en jødisk nasjonalstat.» – Eg legg til – her er kjerneproblemet i heile konflikten. Det er ufatteleg at denne sanninga er snudd på hovudet og løgnpropagandaen får slikt omfang år etter år!

Fredsinitiativ

I fleire kapittel omtalar Yemini fleire av dei fredsinitiativa som vi kjenner frå nyare tid – som Osloprosessen tidleg på nittitalet, samtalar leia av USAs dåverande president Clinton og samtalar mellom palestinske leiarar – Arafat og seinare Abbas – og israelske leiarar som Rabin, Netanyahu, Barak, Sharon og Olmert.

Når det gjeld Osloprosessen, stadfestar Yermini det mange av oss har hevda, nemleg at Yasir Arafat både handla og tala med dobbeltspråk. I møte med vestlege media og vestlege politikarar stod han fram som fredssøkjande ansvarleg leiar.

Då han møtte arabiske studentar i Johannesburg samme år som han fekk Nobels fredspris saman med dei israelske leiarane Shimon Peres og Yitzhak Rabin, kalla han avtalen i Oslo for ein Hudaybiyyah-avtale. Det vil si, det var ein taktisk og mellombels avtale for seinare å oppnå endelege mål (utsletting av Israel). (Nemninga er frå Muhammeds underteikning av våpenkvileavtale med leiarane i Mekka i år 628.)

Han sa forresten det same i arabisk tale kringkasta samtidig som han var i Oslo. Eg kan berre leggja til undring over at den mannen blei æra med fredspris av den norske nobelkomiteen i 1994. Yemini viser derimot i boka si at USAs president Bill Clinton og hans medarbeidarar verkeleg gjorde kraftanstrengelse for å finna ei fredeleg løysing. Sjå informasjonen i boka om dei seks punkta i forslaget som blei lagt fram like før jul i 2000.

Samd eller ikkje i alle deira vurderingar, står det respekt av forslaga dei prøvde å sy saman for at begge sider skulle akseptera. Men Arafat stod alltid i vegen når det kom til konklusjon. Ingen avtale kunne inngåast så lenge Israel eksisterte! Det er rett som Israels dåverande utanriksminister Ben-Ami konkluderte om Arafat: «Mer enn de ønsker sin egen stat, ønsker de å utradere vår.» Eller som Yemini seier det: «Stilt overfor valget mellom å gi sitt folk uavhengighet og velstand, eller å skade Israel og undergrave landets eksistens, foretrakk Arafat det sistnevnte.»

Dei ansvarlege

Det er sterke påstandar om ein medviten løgnindustri som med engasjement fører an i propagandaen mot Israel. Kven er så dei ansvarlege?

Forfattaren av boka rettar tydeleg hovudskytset mot politikarar på venstresida, media og akademia. Medvite fær dei med usanningar, halvsanningar som blir til heile løgner, påstandar utan å kontrollera fakta eller medvite utelata fakta.

Skulle eg ha ein kritisk merknad her, må det vel vera at høgreorienterte i alle desse gruppene må ikkje få toa hendene heilt. I vårt eige land er dei i alle fall ikkje heilt uskuldige. Kven er vel hardare i sin kritikk mot Israel enn tidlegare høgreleiar Kåre Willoch? Men så blir han jo hylla ikkje minst ute på venstresida.

Vågar nokon å svara?

«Hvis kunnskap er makt, og dersom løgner kan bekjempes, er denne boken et lite bidrag til det.» Sitatet er frå slutten av etterordet. Ja, la oss håpa. For oss israelsvenner som brukar tid på debatt og foredrag om Israel og konflikten i Midtausten, er denne boka ei god samling av både gamal kunnskap og nye detaljar, som eg helsar velkommen.

Eg skal korkje gje meg ut for at eg kan gå god for alle detaljar, eller at eg kjenner alle tema like godt. Men det eg kjenner, synest eg forfattaren handterer både sakleg og djervt. Til tider kan det vera så djervt at til og med moderate sanningssøkjarar synest det blir i meste laget forsvar av Israel. Men då bør ein ikkje oversjå at forfattaren også er sjølvkritisk til mykje av det som skjer i israelsk politikk.

Han teiknar slett ikkje eit svart kvitt bilete der dei andre er skurkane. Det store spørsmålet er likevel om norske kritikarar av Israel og israelsk politikk vågar å svara. Dersom dei teier, vil vi forstå det som at dei ikkje tørr å bli avslørte.

Eg skulle ønskja at denne boka blir studert både av politikarar, politiske redaktørar og journalistar. Det vil ikkje skada om den også gjekk inn i litteraturen i fleire studier. Her er tema nok til fleire torsdagsdebattar i NRK TV – om ein tørr?

Utan at media byter ideologisk propaganda med kritisk journalistikk og akademia ikkje let seg lura og bruka, blir det lite håp om betring. Løgnindustrien bryr seg ikkje om fakta, er hjartesukk som kjem fleire gonger frå forfattaren.

Vi kan berre håpa på endring...