Hovden-salmane samla i ei bok

Det har vore både oppbyggeleg og kjekt å lesa Holsen si bok om Hovden og salmane hans.

Det vil seia; her er ikkje mykje om Hovden, berre ei kort innleiing med nokre av minnepålane i livet til diktaren (1860-1943). Salmane er i fokus, og her er dei alle saman, til saman 388 tekstar.

Passert 80

Talet er høgare enn eg var klar over, kanskje andre med meg!? Inkludert i talet er både eigne tekstar og alle omsetjingane. Boka er ordna alfabetisk; etter første ordet eller tittelen på songen/salma. Med eitt unnatak: Heilt til slutt i boka har Holsen plassert den siste salma Hovden skreiv, i februar 1943, nokre månadar før han døydde. Salma vert kalla «Bru», men startar med orda «Det veiknar mitt mod». Diktaren hadde passert 80 år, og kjente nok at kreftene minka. Det kjem tydeleg fram i teksten. Han innser at livet her på jorda tek slutt, men held sterkt fast på vona om å nå fram til det ævelege livet – i «heim og hamn, hjå allheims Fader, i Jesu namn», som salma sluttar med.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Fagert er landet»

Anders Hovden var prest i Lista, Krødsherad, Melhus og Østre Toten. Han var ved eitt høve også nemnt som mogleg bispekandidat. Fødestaden var Ørsta. Sunnnmøring var han og vart han, livet ut. Mykje spennande kunne vore sagt om biografien hans. Det får liggja her.

I den nye salmeboka finn ein 25 tekstar av Anders Hovden, 11 av hans eigne og 14 omsette. Kanskje er det «Fagert er landet» som er mest brukt og best kjent av alle dei tekstane han skreiv. Salma vart til i 1907.

Av andre som ein finn i den nye salmeboka, som er godt kjende og til dels mykje nytta, kan nemnast «Joleklokker over jorda»; «Hjelp meg, Herre Krist, å strida»; «Kven kan seia ut den gleda», «Høgt frå den himmelske klåra»; «Lova Herren, han er nær» og «Gi oss no ei nådestund, vår Jesus».

Ei heil preike

Hovden har ikkje berre omsett frå andre språk. Han har også ein del tekstar der han har laga nynorsk-utgåve av tekstar som enten var/er på bokmål/norsk, eller som også kom frå eit anna språk, men der andre har laga bokmålsversjon. Her kan nemnast to slike døme; først den nye salmeboka nr 90: «Fager er den himmel blå». Teksten er opprinneleg dansk, frå Grundtvig. Me kjenner den best i bokmålsutgåve, som: «Deilig er den himmel blå». Eg trur knapt eg nokon gong har sunge Hovden sin nynorskutgåve av denne salma som opprinneleg inneheld mange fleire vers enn dei sju som både Holsen og den nye salmeboka har med. Grundtvig skildrar forteljinga om dei vise menn på eit breidt lerret i sin originaltekst.

Det andre dømet er nr 464: «Velt all din veg og vande». Paul Gerhardt skreiv jo originalen i 1653, så ga Landstad oss bokmålsversjon i 1861 («Velt alle dine veie») – før Hovden ga oss nynorskversjonen i 1923. Denne flotte teksten har eg nok sunge, men ikkje ofte. Desse tolv versa er ei heil preike, same kva målform ein nyttar!

Skrøpeleg utval

Mange av dei salmane ein finn av Hovden i den nye salmeboka, finn ein også i Sangboken!

Ikkje minst er det framtredande i Sangboken at Hovden har laga flotte norske tekstar til fleire av Lina Sandell sine tekstar. Døme: «Gi oss no ei nådestund», «Jerusalem, Jerusalem».

Og endå er desse 25-30 som ein finn i salmeboka og/eller Sangboken, berre ein liten brøkdel av alt det som kom frå hans hand. Somme av desse har nok både eit for tungt innhald og ikkje gode nok i forma. Men slik er det med alle diktarar. Det vert ikkje perler av alt! Somme av Hovden sine tekstar var standardkunnskap for folk flest før, men hvis/når dei forsvinn ut av salme- og songbøkene, og det elles også kan vera temmeleg skrøpeleg med songutval i forsamlingar av ymse slag, ja, så forsvinn mykje av denne kulturarven mellom fingrane på oss. Men no har Holsen på eige forlag gjeve oss solid hjelp til å ta vare på, og bruka, denne rike arven! Takk skal du ha!