For ei tid som denne

torsdag 19. oktober 2017

Samfunn

Uttrykket er frå Esters bok, og poppar opp i ulike samanhengar. Like fullt har det også tona i meg over lang tid, både som bekrefting i eiga teneste, i møte med andre og no som reiskap i arbeidet.

Kva er det så menneske treng for «ei tid som denne»? Svaret er sjølvsagt ikkje berre enkelt.

Etter at eg har blitt presentert for Awana, ser eg at dei har eit nyttig verktøy for ei tid som denne. Awana er eit disippeltreningsprogram for unge mellom 2–18 år, og har med hovudingrediensane undervisning, leik og relasjon. I altfor stor grad ser eg at me mister mange som er innom i samanhengen vår, anten det er i barne- og ungdomslag eller leir. Målet til Awana er at barn og unge skal kjenna, elska og tena Jesus gjennom livet. Dette trur eg har vore målet og ynskjet for leiarar opp gjennom alle tider. Mykje av arbeidet har også bore frukt. Likevel har me kanskje famla litt fordi me ikkje har hatt eit høveleg verktøy?

Kva går eigentleg kristen tru ut på? Gjennom grundig og systematisk undervisning vert me tatt med gjennom tema som synd, hellighet, identitet, teneste, agape, forfølging og så vidare. Undersøking viser til dømes at berre ein prosent av 13-åringane i USA har eit bibelsk verdsbilete på plass. Dei fleste unge meiner at satan ikkje er verkeleg, at det er om du er ein god person eller ikkje som avgjer om du kjem til himmelen. Dei fleste trur dessutan ikkje at Gud er opptatt av mitt liv. For eit høve me har til å planta bibelske sanningar i dei unge sitt liv!

Om du ynskjer å vinna barn til Jesus, må dei ha det kjekt, har Art Rorheim sagt. Art er frå Ombo og var med og grunnla Awana i Chicago i 1950. 99-åringen lever den dag i dag. Leik er på programmet kvar gong, og relasjon til leiar er viktig. Dei unge vert delt inn i grupper og samtalar der om tru og liv. Gjennom samtale får me god kunnskap om kva som opptar den unge; kva spørsmål og tankar har ho eller han? Slik møter me behov, eit behov det ikkje er så lett å oppdaga i ein setting der me kun har monolog (andakt).

Sjølv har eg nett starta ei spennande reise saman med ungdommar og leiarar på min heimstad. Me har kasta oss litt ut i det ukjente, og starta med Awana. Så langt er me positive. Me har fått fleire leiarar med i arbeidet. Ungdommane synest dette er kjekt og spennande. «Eg synest me nett har starta praten», var kommentaren frå ei ung jente som hadde vore med på gruppesamtale i 25 minutt. Tida går fort når me har det kjekt og meiningsfullt.

Awana ynskjer å vera ein ressurs for familiar og forsamlingar – slik at den unge får ei levande tru som ber gjennom livet. Uansett Awana eller ikkje, trur eg at hovudprinsippa er viktige, og kan også tas inn i dei vaksne sine rekkjer. Me treng å ha det kjekt saman, me treng grundig undervisning og trua vert forma og utvikla i samtale med andre.