FRI: «Difor gleder eg meg over at folk nyttar høve til å samlast med familie, venner og kjende enten det er i gudshusa, heime, på hytta ved sjøen eller på fjellet, eller på utanlandsturar for den saks skuld», skriv Karl Johan Hallaråker.  Foto: Illustrasjonsfoto: Berit Keilen, NTB Scanpix

Ja til felles kulturdagar

fredag 18. mai 2018

Samfunn

Sjølvsagt ønskjer eg at flest mulig brukar dei kristne høgtidsdagane til å møtast i den kristne forsamlinga. Men vi har heldigvis ikkje religiøst vaktpoliti i vårt land.

Kulturpopulismen fornektar seg ikkje. Norsk helgedagslovgjeving er på nytt skyteskiva.

Prestane Einar Gelius og Per Anders Nordengen går til angrep på dei norske kristne helgedagane. Skirtorsdag, Kr himmelfartsdag og andre dagane bør bort.

Eg tenker på innringingsprogrammet i NRK radio for ein del år sidan. Gelius og underteikna var debattantane saman med alle som ringde inn den fredagstimen.

Den dyktige programleiaren Tron Soot-Ryen leia programmet med stødig hand. NRK si oppsummering fortalde at eg hadde støtte frå godt over 80 prosent av alle som ringde inn. Gelius fekk sympati frå litt over 10 prosent. Folket ville behalda desse helgedagane – uavhengig av tru og eige livssyn.

Eg argumenterte lenge heilt allment. Det er positivt for ein kulturnasjon at vi har slike felles fridagar samla. Det gjev muligheit for familiar, venner og kjende til å samlast enten dei bur sørpå, austpå, vestpå eller i det høge nord.

Dersom slike sams fridagar blir borte, taper fellesskapet. Individuelle sjølvvalde fridagar gjev ikkje denne samlingseffekten. Det er eit gode både for fellesskapskulturen og for folkehelsa at landet har slike dagar felles. Individualisme fremjar berre einsemd. Privatisering av slike dagar ville gi negativ effekt.

Eg hugsa også ein innringar spesielt – han sa det slik (etter minnet) – for meg er det avgjerande at det er slike felles fridagar, elles får eg aldri fri. Eg må nemleg levera varer om fridagane blir individuelle.

Så kom spørsmålet til meg – du som misjonsleiar, har du ikkje kristne argument? Jo, sjølvsagt har eg det. Sjølv om ikkje byar og tettstader har bruk for andre dagane, har mange stader det både for kyrkje og bedehus.

Det er jo også viktig for leirarbeidet, felles turar med meir at det er felles fridagar og samlingsmulighet. Tenk på alle kulturprogram i påskefestveka, korturar eller pinsefestar med meir. At vi har to juledagar er også kulturelt positivt. Vår kristne kulturarv er visseleg ikkje noko å skjemmast over.

Sjølvsagt ønskjer eg at flest mulig brukar dei kristne høgtidsdagane til å møtast i den kristne forsamlinga. Men vi har heldigvis ikkje religiøst vaktpoliti i vårt land. Difor gleder eg meg over at folk nyttar høve til å samlast med familie, venner og kjende enten det er i gudshusa, heime, på hytta ved sjøen eller på fjellet, eller på utanlandsturar for den saks skuld.

Gud greier seg nok utan desse dagane, men folket vårt har bruk for dei – og stor nytte av dei. Difor slår vi ring om fellesdagane, og snur ryggen til kulturpopulismen sin egoistiske individualisme.