PROFIL: Korleis skal ein vera ei forsamling som ikkje først og fremst ser seg sjølv og sin profil som det viktige, men til korleis ein kommuniserer utover eigne medlemsrekker? spør Kjetil Aano. 
  Foto: Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad, NTB scanpix

«Bedehuskirker» og strategi for framtida

mandag 6. november 2017

Samfunn

Eg har djup respekt for menneskes teologiske overtyding. Eg lyttar gjerne til gode argument. Og eg er ikkje overtydd om at samkjønna vigsel er den eine rette vegen for kyrkja å gå.

Det er ikkje sikkert dei var klar over det, men Menighetsdoktorane gjorde meg ein visitt i sin kommentar tysdag den 24. oktober.

Dei siste vekene har det storma ein del i to lokalsamfunn i Finnøy kommune, Tungenes prosti. Både på Talgje og på Fogn, som begge har mellom to og tre hundre innbyggarar, har det vakse fram sterke ønske om å etablera eigne forsamlingar.

Det har skjedd over tid. Det er påverka av ønske om å fornya lokale bedehus som slit med fortidas strukturar, til noe som kan appellera til samtida. Dei er inspirert av moderne menighetsplante-tankar og vil gjenfinna det urkristne idealet, og ønsker seg «full pakke».

Dette suget etter full pakke har blitt forsterka av den teologiske utviklinga i Den norske kyrkja, og ganske særleg spørsmål om samkjønna vigsel: Dette blir utelukkande sett på som eit fråfall frå bibelsk tenking, som å legga seg flat for tidsånda, og å abdisera som etisk rettleiar i samlivsetiske spørsmål.

Eg har djup respekt for menneskes teologiske overtyding. Eg lyttar gjerne til gode argument. Og eg er ikkje overtydd om at samkjønna vigsel er den eine rette vegen for kyrkja å gå.

Viktige argument mot å via samkjønna par er for meg at det ulikt Bibelen, prinsipielt frikoplar samliv frå reproduksjon, og det gjer noko med forholdet barn-foreldre. Derfor har eg ikkje bestemt meg for å via samkjønna par. Men freistinga blir stor av og til, særleg når eg møter eitt av to, eller til dels begge deler samtidig:

– Ei forenkling eller forvrenging av argumenta til dei som finn at å via samkjønna faktisk er i tråd med bibelske føringar for korleis ein møter menneske som fell utanfor – slik Jesus definitivt gjorde igjen og igjen.

Spedalske, til dømes, og dei som farisearane påla tunge bører utan sjølv å villa bera dei; og som meiner at det ikkje er sikkert at det var trufaste par i ekteskapsliknande forhold Paulus fordømer i Romarbrevet og 1. Korinterbrev.

Og for det andre: at det er liten interesse for å lytta til argument frå den andre sida, eller å delta i ein samtale. Eg har vidare djup respekt for menneskes teologiske overtyding, og som inderleg ønsker å leva i forsamlingar som tar Bibelen og kristen praksis på alvor.

Men eg har like fullt noen innvendingar mot det menighetsdoktorane svarte tysdag 24. oktober. La meg ta det punktvis:

– Det blir for enkelt å seia at det alltid tener Guds rikes sak å starta noko nytt. Nokon gonger – ganske ofte – ville det vore vel så viktig å arbeida saman sjølv om ein er noko ueinig i profil. Det har noko med økumenisk haldning og kristent søskenforhold å gjera. Og på mindre stader kan eit skilje bli ganske smertefullt.

Ei av utfordringane er at ein ikkje heilt tenker likt om kor avgjerande dei ulike skilnadene er. Det gjeld mellom anna i samlivsetikken: Det vanskelege er ikkje om ein er ueinig. Det vanskelege er at ein er ueinig om kor sentralt og avgjerande usemje på dette punktet er for sann kristen tru og ekte Jesusetterfølging.

Det dreier seg vidare ikkje berre om ulike val. Det dreier seg også om det ein med fint uttrykk kan kalla misjonal strategi: Korleis skal ein vera ei forsamling som ikkje først og fremst ser seg sjølv og sin profil som det viktige, men til korleis ein kommuniserer utover eigne medlemsrekker?

Det missionale, som var avgjerande for utviklinga av menighetsplante-strategien, kjem noen gonger litt i skuggen av dei mest påtrengande behova for samkjensle, semje og tryggleik.

Her er det lett å undervurdera den rolla som dei historiske kyrkjene har. Dersom ein meiner at Norge skal vera eit land som skal ha kontakt med sine kristne røter, og at Europa skal fortsetja å vera ein verdsdel med ein kristen identitet, må ein inkludera dei historiske kyrkjene i fornyingsstrategien.

Dette arbeidet er det sjølvsagt Den norske kyrkja som her hos oss har det største ansvaret for. Men det bygger ikkje framtida, og det bidrar heller ikkje til å styrka kyrkjas posisjon verken i lokalsamfunn eller nasjonalt, dersom alle som ikkje finn seg til rette her byrjar for seg sjølv.

Eg har presentert nokon enkle strategiske strøtankar for kva som er viktig for Den norske kyrkja sin del i eit innlegg på Verdidebatt. Det ville vera ei overdriving å seia at det har vekt debatt. Men eg tenkjer like fullt at eg peiker på viktige moment for arbeidet framover innanfor Den norske kyrkja.

Men like viktig er det at alle krefter som har eit brennande ønske om å vera lys og salt i verda, tenker nøye gjennom heile sin strategi. For meg er målet at kyrkja (og då meiner eg alt, Dnk-menigheter, forsamlingar av ymist slag, og frikyrkjer), saman kan vera evangeliets truverdige heroldar som presenterer gjennomførbare og konsekvente strategiar og står for berekraftige spiritualitetar som toler møte med både medgang og motgang, både tvil og tvil heilag overtyding.