Når religion blir brukt som makt

Observatørar meiner at den ferske lova som kriminaliserer skifte av tru i Nepal (og som tek til å gjelda neste år), liknar sterkt på blasfemilova i Pakistan.

Det er ikkje berre i Noreg vi diskuterer verdiane våre. Same dag som Nepal blei valt inn i FNs menneskerettsråd, signerte presidenten i landet ei lov som kriminaliserer skifte av tru.

Dette er det siste urovekkjande utslaget av veksande religiøs nasjonalisme. I fleire land blir religion knytt til nasjonalitet og makt på ein måte som forferdar. Dei religiøse nasjonalistane i land som India og Nepal krev at for å vera ein god borgar, må du vere hindu.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Poenget er ikkje å bryte alle band mellom religion og nasjon – den debatten tek ikkje eg her. Det avgjerande er kva plass ein gir til minoritetar – menneske med anna tru eller annan etnisk bakgrunn. Det rommet blir trongare både i Nepal, Myanmar og India – og vi ser urovekkjande tendensar i Russland og Tyrkia.

Nepal, med ein majoritet av hinduar, har ei grunnlov som formelt vernar religionsfridommen. Men grunnlova seier samstundes at konvertering og å dele trua med andre ikkje er lov. Grunnlova gir også eit vern om hinduismen – det går i praksis langt framom religionsfridommen.

Alt eitt år før grunnlova var ferdig i 2015 kom eit lovforslag som detaljert kriminaliserer å skifte tru – og alle forsøk på å få andre til å skifte tru. Straffa er inntil fem års fengsel.

«Vanlegvis vil ei lov komme etter at grunnlova er ferdig. Men i motsetnad til andre lover, kom dette lovforslaget lenge før grunnlova var ferdig behandla», seier BP Khanal i partiet Janajagaran i Nepal til Magasinet Stefanus.

Han er ikkje i tvil om årsaka: Dei sterke hindunasjonalistiske kreftene pressar seg fram i Nepal, og delvis er dei også importerte over grensa frå India.

Nepal har opplevd sterk kristen vekst etter jordskjelvet i 2015. Mange hjelpearbeidarar har kome utanlands frå. Kristne blir frå hindunasjonalistisk hald både skulda for å tilhøyre ein utanlandsk religion og for å skifte tru mot å få hjelpepengar.

Khanal, som er ein framståande forsvarar av menneskerettar i Nepal, seier at det er dei lokale kyrkjene som har evangelisering høgt på agendaen. Han konkluderer: «Det er uråd å stoppe dei som stiller med fordommar». Han siktar til dei religiøse nasjonalistane som angrip minoritetar.

Den nye lova er eit brot på retten til trus- og livssynsfridom, slik den er garantert i FNs menneskerettsfråsegn. Dette viktige dokumentet fyller 70 år neste år. Paragraf 18 garanterer både retten til å ha ei tru, dele ei tru og skifte tru.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

17. oktober, same dag som presidenten i Nepal signerte lova som kriminaliserer det å skifte tru, vart landet altså valt inn i FNs menneskerettsråd. Det er eit nedslåande paradoks at land som i aukande grad trugar viktige paragrafar i Menneskerettsfråsegna, skal vere blant dei landa som skal forvalte FNs eige arbeid med menneskerettar i jubileumsåret for fråsegna.

Saudi-Arabia, som har verdas strengaste religionspolitikk, held fram som medlem i menneskerettsrådet. Inn kom også Pakistan. Observatørar meiner at den ferske lova som kriminaliserer skifte av tru i Nepal (og som tek til å gjelda neste år), liknar sterkt på blasfemilova i Pakistan.

Ein pakistansk kristen eller ahmadi-muslim skal ikkje snakke mykje om trua si med ein vanleg muslim før det blir oppfatta som nedsetjande tale om Muhammed og islam.

Pakistan hardødsdom for blasfemi. Ekstremistane brukar i tillegg blasfemilova til å terrorisere menneske som er frikjende for blasfemi etter utmattande år i rettsvesenet.

Landet har inga straff for å kaste fram ugrunna skuldingar for blasfemi. Dette landet skal altså også forvalte FNs arbeid med menneskerettar i jubileumsåret for menneskerettsfråsegna.

Nepal-lova som kriminaliserer skifte av tru, kjem etter at seks indiske delstatar har vedteke lover eller har til behandling lovforslag som set strenge restriksjonar på konvertering. Også i India er dei hindunasjonalistiske kreftene i vekst. Det er rapportert om sterk vekst i valdelege åtak på minoritetar, ikkje minst mot kristne.

Anti-konverteringslovene i India (og ei liknande lov i Myanmar) og blasfemilova i Pakistan blir brukte for å fyre opp under religiøs spenning og angripe religiøse minoritetar. Artikkel 26:3 i grunnlova i Nepal er blitt brukt på same måten alt før lova som detaljert kriminaliserer skifte av tru blei signert.

Åtte kristne i Charikot i Nepal blei i 2016 arresterte og tiltalte for ulovlege forsøk på å konvertere barn. Dei hadde delt ut ei barnebok som forklarar historia om Jesus. Dei åtte sat ni dagar i fengsel. Seinare er dei frikjende.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fire kristne sat ni månader i fengsel – dømde for «vald og heksekraft». Årsaka var at dei hadde bede for ei handikappa kvinne. Nyss blei dei til slutt sette fri, men behandlinga av dei har vore ille.

Den urovekkjande tendensen til religiøs nasjonalisme og undertrykking av minoritetar ser vi også i Russland. I år er det 100 år sidan den kommunistiske revolusjonen i 1917. Den russisk-ortodokse kyrkja var tett knytt til tsarregimet.

Kyrkja vart også av den grunn hardt ramma av revolusjonens blodige framferd. Deretter hadde landet eit ateistisk regime som – fram til både regimet og Jernteppet fall etter vel 70 år – ville kvele trua.

Eitt påfallande trekk i 2017 er at den russisk-ortodokse kyrkja har vendt tilbake til den kristelege nasjonalismen kyrkja hadde under tsarregimet, no tett knytt til Vladimir Putin som ein slags ny tsar. «Kirken ser på minoriteter nærmest som ugress», seier prost Trond Bakkevig i siste utgåve av Magasinet Stefanus.

Det er all grunn til å utfordre den mektige kyrkja både på menneskerettar og på forholdet mellom stat og kyrkje. Russland vedtok i fjor ei lov som kriminaliserer misjon. Hardast har lova ramma Jehovas Vitne, som er ein forboden organisasjon.

Men også viktig aktivitet til evangeliske kyrkjesamfunn og andre er blitt ramma av lova. I staden for å utfordre lova og regimet, synest den russisk-ortodokse kyrkja å finne seg vel til rette som åndeleg garantist for Putin.

Difor er det nok å ta tak i både for politikarar og internasjonale kyrkjelege organ i jubileumsåret for FNs menneskerettsfråsegn og i åra som kjem. Når religion blir kopla til brutal makt og ekstreme krefter, blir minoritetane utsette – og trusfridommen som blir garantert på papiret, blir eit lett offer.

I fakkeltoga for trusfridom og for dei forfølgde som blir arrangert av Stefanusalliansen og Åpne Dører rundt om i Norge i desse dagar, i kveld i Bergen, kan folk flest få uttrykt si uro og sin protest mot overgrepa i namnet til religiøs nasjonalisme.