Fosterdrap og presidentval

Eg takkar redaktørane Vebjørn Selbekk og Petter Olsen for lynraskt svar på mitt Innspel, og det på godt nynorsk. Det at dei to redaktørane gjer noko så uvanleg at dei svarar saman, ber i seg at dei legg stor tyngde i svaret, og det aukar alvoret i saka.

------

Det er jo eit faktum at mange i USA som er mot friabort, har røysta påHillary Clinton. Eg presisert dessutan i mitt Innspel at både Selbekk og Olsen har gjort klart at dei er imot abort, og ville ha røysta på Clinton på tross av det. Urette eller misvisande påstandar, der ein tillegg motparten andre standpunkt enn vedkomande har, er alltid problematiske for ein sakleg debatt. I dette høvet gjev det meg likevel ein sjanse til å presisera hovudsaka i det eg skriv. Det aktuelle innspelet var på mange måtar ei oppfylging av det forrige med tittelen «Kva ville barnet i mors liv stemt?».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Poenget mitt er at det ikkje er nok å seia at ein «på generelt grunnlag er imot abort». Det er ei formell utsegn som ikkje seier noko om alvoret i saka, og kva vekt ein vil leggja på spørsmålet. Vi har alle standpunkt som ikkje betyr så mykje for oss, og andre som vi er samvitsforplikta på, og som er bestemmande for livet.

Det store spørsmålet i denne samanhengen er kvavekt ein legg på abortspørsmålet, og kvaposisjon det får i tenkinga og argumentasjonen. Kor plasserer ein spørsmålet i alvorsgrad på ein skala frå ein til ti, når ein skal leggja røystesetlen i urna? Plasserer ein spørsmålet i sentrum eller ein eller annan stad på ein akse ut mot periferien når ein skal danna seg eit heilskapssyn som ein tenkjer og handlar i lys av. Vi snakkar altså her om drap av menneske, og det på det stadiet i livet då dei er heilt hjelpelause. Det er denne typen spørsmål redaktørar av kristne aviser bør arbeida med, slik at dei hjelper oss til å tenkja rett – altså kristna tanken, som Arthur Berg sa. Dette gjer ikkje dei to redaktørane i svarartikkelen, og dei har heller ikkje gjort det før i denne samanhengen.

Det redaktørane gjer i svaret, er berre meir av det dei har gjort før: Dei argumenterer pragmatisk og politisk utan å gå inn i fosterdrapssaka og spørja kva som ligg i denne, og kva det må bety også ved røystegjeving. Det er den enklaste saka av verda å forlenga artikkelen med same typen fakta, synspunkt og kommentarar, og slik sett er eg samd i det meste dei skriv. Eg er på ingen måte nokon fan av Trump, men underkjenninga av han minner meg om det som skjedde med Ronald Reagen. Poenget er at dette i alle hovudsak er utanom saka, samstundes som det i praksis er den mest effektive måten å nedtona alvoret i saka på og unngå at ho styrer tenkinga.

Hillary Clinton er ikkje nemnt med eit ord i svarartikkelen, men når valet står mellom to personar, må ein vel sjå dei to opp mot kvarandre? Det er jo ikkje historia for og mellom dei to partia ein skal velja mellom. No ville det vel ikkje vore noko stor redaktørprestasjon å skrive ein tilsvarande negativ artikkel om Clinton, som dei no har gjort om Trump? Kva ville i så fall dei to skrive om hennar syn på fosterdrap, og kva konsekvensane for barnet i mors liv vil vera i tiår framover av hennar utnemning av høgsterettsdommarar? Om dei to redaktørane tenkjer seg inn i mors mage, og der fekk med seg dei to kandidatane sitt syn på fosterdrap og utnemning av av høgsterettsdommarar, ville dei verkeleg også då ha røysta på Clinton? Det ville i alle fall definitivt ikkje eg ha gjort.

Sjølvsagt må ein ved val sjå på totaliteten i det dei ulike kandidatane står for, men det må ein gjera på ei definert og absolutt plattform. Kristent sett kjem ein ikkje bort frå at den plattforma er spørsmålet om livsrett og menneskeverd. Alle andre spørsmål er underordna det, og får si vekt og sin posisjon i lys av det, og med det vert spørsmålet om fosterdrap fundamentalt.

Redaktørane prøver å løysa meg frå ei viss «vantru» - som var eit merkeleg ord i denne samanhengen, men dei utverkar det motsette. Eg har aldri tvilt på at både Dagen og Sambåndet er for «rettsvern for det ufødde livet». Det skulle då også berre mangla! Det som uroar meg, står i det som dei siterer, at det dei skriv ber i seg ei «nedtoning i alvoret i abortspørsmålet». Det held eg fast på, og det har forsterka seg etter det svaret dei har gjeve, og det uroar meg ekstra sidan det kjem frå desse to redaktørane.

Det svarar dessutan til den utviklinga som har vore i synet på fri abort, altså fritt forsterdrap, her i landet dei siste tiåra – diverre også blant store delar av kristenfolket. Det kan vi konstatera ved å sjå på kor lite engasjement det er i saka, og kor lite det har å seia når vi argumenterer for og gjer våre val. Avstanden til Arthur Bergs og Børre Knudsens vektlegginga av fosterdrapet er påfallande.